Gå til innhold

Parkering: kjøre eller rygge inn?


Morgens

Anbefalte innlegg

Ble tema på lunsjen i dag.

 

Jeg har aldri tenkt over det, men du verden så mange tanker og vurderinger blant de 7 som var på jobb i dag.

 

Noen som har litt harde fakta ang. dette? F.eks. at policyen til USA-firma omtaler dette?

 

Dermed kan jeg virke smart i morgen...  :dribble:

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Alle trafikkskoler, Statens vegvesen og ellers alle som "har greie på det" anbefaler at man rygger inn.

Grunnen til dette er blant annet at man har mer oversikt over situasjonen når man rygger inn. (F.eks. ikke biler på begge sider som blokkerer sikten)  Det finnes også statistikk på hvor ofte det oppstår uhell ved rygging inn/ut av parkeringsplasser, men jeg har det ikke tilgjengelig akkurat nå.

Lenke til kommentar

Noen som har en policy på det?

 

Jeg rygger inn, med mindre det er parkering "med" kjøreretningen..

Dette fordi jeg for det første kan se over at lomma er helt tom først for så å rygge rett inn, og for det andre, så har man bedre oversikt hvis det står biler på begge sider når man skal ut igjen :)

Lenke til kommentar

Det finnes flere "farlige arbeidssteder" hvor det er policy å rygge inn slik at man kan evakuere med bil fort.

Mener på et av rafeneriene til Shell er et slikt eksempel.

 

Esso har vel den samme greia på Slagen har jeg hørt rykter om, og jeg har vet Bilfinger har det samme på noen av sine plasser :)

Lenke til kommentar

Som med alt anna så er det fordelar og ulempar med begge delar.

 

Men det vanligaste argumentet for å rygge inn er at du får betre oversikt sidan du kan sjekke parkeringsplassen du skal inn på medan du posisjonerer bilen for rygging. Når du skal utigjen frå parkeringsplassen så slepp du blindsoneproblematikken som ein lett får dersom det er kyrssande trafikk på parkeringsplassen/gata, særlig om du er så uheldig å bli ståande imellom to store varebilar med fronten inn.

 

Ved å rygge inn så auker ein litt sannsynlegheita for ryggebulkar ved at der er lettare å komme borti noke når du rygger inn mot ein litt trang parkeringsplass. Men samtidig er sannsynlegheita for meir omfattande ulykker mykje mindre. Dersom du ryggar utifrå parkeringsplassen så kan du mykje lettare treffe gåande personar eller bilar i bevegelse. Så dersom det fyrst skjer eit uhell ved rygging ut frå parkeringsplassen så kan skadane bli langt meir omfattande enn berre ein bulk.

 

For evakueringssikkerheita der det er meininga å evakuere med bil så vil det også være ein stor fordel om ein ikkje treng å rygge for å kome seg vekk.

 

Eit anna argument som ofte blir brukt for å rygge inn er at arbeidstakaren om morgonen er meir våken og konsentrert, og dermed har betre forutsettningar for å finnavigere under parkeringa. Etter arbeidstid er arbeidstakaren ofte meir sliten og veldig klar for å komme seg for heim, då er det mykje større fare for at nokon ryggar ut litt for fort, eller utan å sjå seg godt nok for.

 

For mange arbeidsgivere som er opptatt av kostnadseffektivitet så er det veldig gunstig å pålegge dei ansatte om å rygge inn. Dersom det då skjer ryggeuhell så er det bilføraren sin feil, og det er då bilføraren som må bruke sin forsikring.

Dersom det skjer ryggeuhell i forbindelse med rygging ut av parkeringsplassen så kan det fort være ein anna arbeidstakar som blir påkjøyrd, og då fører til det utgifter for arbeidsgiver.

Så ein slik ryggeregel gjer at arbeidsgiver effektivt flytter risikoen for økonomisk tap frå virksomheita til arbeidstakarane, samtidig som ein kan vise til at det tross alt er viktigare å passe på at ingen blir skada enn å passe på at bilane ikkje blir bulka.

 

Andre ulemper ved å rygge inn er som nevnt over dette med eksos som misfargar fasaden, eller går inn i luftinntak eller vindu, osv.

 

Dersom ein er mest opptatt av å unngå bulker ved at døra til nabobilen slår inni sida på bilen, så er det mest effektive at annakvar bil står med fronten inn, og den neste bilen står med fronten ut. Då vil ein parkere slik at passasjersida på bilane står veldig tett slik at ein får ekstra god plass på førarsida (for begge bilane) slik at sjåføren lett kjem seg ut utan at døra kjem borti nabobilen.

 

 

 

Det finnes mykje harde fakta på konsekvensane ved både den eine eller andre måten å organisere parkeringa på. Men det kokar eigentleg ned i at du må velge parkeringsstrategi alt etter kva ein er mest opptatt av å unngå. Sjølv tell eg flest fordelar med å rygge inn, men det finnes fordelar med å parkere med fronten inn også.

  • Liker 3
Lenke til kommentar

Tja, synest eigentleg ikkje det er lettare å rygge inn, eg er enig i at det er mest fornuftig. Men det enklaste er vanigvis å berre kjøyre inn med fronten fyrst. Når ein skal utigjen kan ein vanligvis berre rygge ut mot ein stor åpen plass der ein kan bruke så mykje plass ein berre vil når ein skal snu bilen.

 

Når ein rygger inn så må ein være litt meir nøyaktig med plasseringa av bilen, og ofte må du stå eit godt stykke foran parkeringsplassen før å i det heile tatt sjå linjene i sidespeila. Det er også litt lett å bli "lurt" av speila ved at du sikter så nøyaktig at du plasserer bilen så tett inntil stripa at det nesten ikkje er plass til å åpne døra.

 

 

Får eg velge korleis eg skal parkere heilt frå øverste hylle så foretrekker eg å kjøyre inn med fronten fyrst, og kjøyre gjennom den fyrste parkeringsplassen slik at eg blir ståande på parkeringsplassen bak med fronten utover. Då slepp eg å rygge i det heile tatt og har full oversikt heile tida.

Lenke til kommentar

 

Når ein skal utigjen kan ein vanligvis berre rygge ut mot ein stor åpen plass ...

Du bor på landet skjønner jeg?

 

 

Med unntak av parkeringshus så er det skjeldan dårlig plass mellom parkeringslukene. Det er tross alt berekna bredde for at to bilar skal kunne passere kvarandre på "vegen" gjennom parkeringsplassen.

 

Så dei fleste plassar kan ein rygge rett bak når ein skal ut av parkeringsluka utan at ein treng å ratte før ein er klar av dei andre parkerte bilane med god margin.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...