Garegaupa Skrevet 6. oktober 2015 Del Skrevet 6. oktober 2015 Hei, folkens! Som overskrifta seier så kunne eg tenkje meg å finne ein Blu-ray-spelar i området kr 1.500,- til 2.000,-. Dette er ikkje eit absolutt budsjett, men eg kunne tenkje meg å ikkje gå over dette viss det er mogeleg ut frå dei tinga eg ynskjer frå ein slik spelar. Her er dei eigenskapane eg ser etter: Spelaren må kunne starte avspelinga der eg slutta sist, sjølv om eg slår av spelaren (så lenge plata står i, i alle fall). Bilet- og lydkvalitet for Blu-ray og DVD lyt vere bra, dette er trass alt det primære bruksområdet til spelaren. Eg forventar ikkje noko i elite-klassen i dette prissjiktet, men det bør verte bra på eit 50" Full HD-fjernsyn. Han må vere stillegåande, så ein slepp å sitje å høyre på bråk/susing når ein ser på film. Han må ha Wi-Fi integrert. Han må ha 3D-støtte. Ut over desse tinga så er eg open for det meste. Det er ikkje noko poeng at han skal ha mest mogeleg smart-funksjonar og appar i seg, dette får eg gjennom fjernsynet (og eventuelt ein HTPC) uansett. Nokon gode forslag? Eg har sett på ein frå Samsung som er godt under busjett og ser ut til å ha det eg treng, men eg har så langt ikkje funne ut om han fyller alle dei spesifikasjonane eg har lista opp ovanfor: http://www.samsung.com/no/consumer/tv-av/audio-video/blu-ray-dvd-player/BD-H6500/XE Elles så har eg sett på denne frå Sony (som kanskje kan vere ein fordel sidan eg 99 % sikkert kjem til å kjøpe meg fjernsyn frå Sony...?), men eg må innrømme at eg synest designen her ser aldeles forferdeleg ut : http://www.sony.no/electronics/blu-ray-disc-spillere/bdp-s6200 Dette var berre for å syne litt kva eg har tenkt på og sett på så langt, så alle innspel vert mottekne med takk! Ha ein god dag! Lenke til kommentar
Garegaupa Skrevet 6. oktober 2015 Forfatter Del Skrevet 6. oktober 2015 (endret) Her er enno ein som ikkje ser så dum ut - frå Sony og i rette prisklassen, men med eit (etter mitt syn) betre design: http://www.sony.no/electronics/blu-ray-disc-spillere/bdp-s6500 Har folket trua på at nokon av desse tre oppfyller alle krava mine, eller har de nokon betre forslag? Endret 6. oktober 2015 av Garegaupa Lenke til kommentar
BigBadAde Skrevet 6. oktober 2015 Del Skrevet 6. oktober 2015 Har ikke veldig stor oversikt på blueray men ville gått for Sony selv. Spesielt når du skal ha Sony TV så kan du styre alt med en fjernkontroll. Fant to tester av den første du linker til fra Sony. http://www.trustedreviews.com/sony-bdp-s6200-review http://www.whathifi.com/sony/bdp-s6200/review Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå