V. Haugen Skrevet 11. august 2015 Del Skrevet 11. august 2015 Nå tar selskapet patent på «kreddittverdighet 2.0».Facebook-vennene dine vil kunne avgjøre om du får lån i banken Lenke til kommentar
The Avatar Skrevet 11. august 2015 Del Skrevet 11. august 2015 No er det sjølvsagt langt frå sikkert at dette systemet blir brukt på den måten som overskrifta antyder. Men i mine auger så er det mest tvilsomme med ei slik løysning at folk i større grad blir tvinga til å ha Facebook-konto for å eventuelt får lån (og kanskje jobb?) samtidig som ein må være litt selektiv med kven ein er venner med. Vil ikkje eit slikt system berre føre til at folk sletter dei facebookvennane som har dårlig råd eller dårlig betalingshistorie før ein søker lån? Eg kan også godt sjå for meg at ein får eit gråmarked der ein betaler for å være facebookvenn med rike folk slik at ein styrker sin eigen kredittverdigheit, mykje på samme måte som at ein i dag kan kjøpe 1000 likes om ein vil. Ellers så må det vell være lov å stille spørsmålstegn ved om utlånerane vil tjene på ei slikt system? Kva dine venner, familie, kollegaer og naboar kan låne har vell lite med din eigen økonomi å gjere? Dersom utlånerane vil være neste 100% sikre på å få tilbake pengane dei har lånt ut så kan ein jo i dag gjennom den vanlige kredittsjekken undersøke om lånetakaren er betalingsdyktig. Men skal ein kun låne ut pengar til folk som alt har pengar så tjener ein lite på det, inntjeninga ved pengeutlåning ligger jo i å finne den gruppa som har behov for lån og som akkurat har midlane til å betale tilbake lånet dersom dei får lang nedbetalingstid. Det er denne gruppa ein har gode renteinntekter på. Dei som har så god råd at dei betaler ned kredittlånet sitt veka etterpå, eller dei som har så dårlig råd at dei aldri betalar tilbake lånet er jo kundane som ein tjener minst på. 3 Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg