Gå til innhold
🎄🎅❄️God Jul og Godt Nyttår fra alle oss i Diskusjon.no ×

Vårt sekulariserte samfunn - eit verk av Satan?

Anbefalte innlegg

Det er eit trist faktum at dei fleste nordmenn idag har gått bort frå si gudstru, og late seg forblinde av ateisme, rasjonalisme, darwinisme og blitt oppslukt av syndig lyst og verdslege gleder. Hovudspørsmålet eg vil stille i denne tråden er kva som er drivkrafta bak desse straumdraga i samfunnet som dyrkar den menneskelege fornuften, og som særleg gjennomsyrer utdanningssystemet og media. Kva skjer med eit samfunn som vender seg bort frå Gud og kva er konsekvensane for einskildmennesket og familien (Sjå på Russland)? Kvifor ser mange på det som eit framsteg å gå bort frå gudstru og kva erstattar gudstrua for mange?

I Bibelen profeterer Daniel om to ting som karakteriserer menneska i dei siste tider. Dan 12:4 - "Men du, Daniel, må gøyma desse orda og forsegla boka til endetida. Mange skal fara ikring, og kunnskapen skal auka." Den teknologiske utviklinga i vår tid er utan sidestykke i forhold til tidlegare generasjonar. Det andre kjenneteiknet på samfunnet er åndeleg rotløyse. Job 2:2 - "«Kvar kjem du ifrå?» spurde Herren. «Eg har fare og svive ikring på jorda,» svara Satan." Bibelen skildrar to typer menneske. Den eine typen har Gud til far og er rettferdig på grunn av Jesu blod. Den andre typen har djevelen til far og er på veg mot fortaping. På same måten som Satan sviv rundt på jorda, er også verdslege menneske utan ro. Dei samlar seg skattar på jorda, lever ut lystene sine, men har ingen fred i sjela. Dette er fordi dei ikkje kjenner Jesus og er åndeleg døde. Matt 16:25-26 - "For den som vil berga livet sitt, skal missa det. Men den som misser livet sitt for mi skuld, han skal finna det. Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Eller kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel?"

Mange moderne menneske har lytta til djevelen si fyrste freisting - "Har Gud verkeleg sagt?" (1. Mos 3:1) Er Bibelen verkeleg sann? Kvifor blande inn Gud når ein kan forklare alt med vitskap? Kvifor gå tilbake til den mørke middelalderen der kyrkja var til hinder for teknologisk framsteg? Spørsmål som desse viser tydeleg djevelen sin intensjon. Han vil så tvil om Gudsordet fordi han veit Guds ord er sanning og ordet om krossen er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur. Djevelen vil for alt i verda at mennesket ikkje skal ha blikket på Jesus, han som er trua sin opphavsmann og fullendar. Djevelen vil at vi skal fokusere på oss sjølv og på bølgjene rundt oss, at vi fyller livet med tome sysler slik at vi ikkje får tid til det viktigaste - det som er av evighetsverdi. Og han ønskjer at vi ser på feil hos kristne (alle er vi syndarar) i staden for på Jesus, som var syndfri og som bana ein ny veg for oss.

Eit karakteristisk kjenneteikn ved Satan er at han opphøgjer seg sjølv til gud. Esek 28:17 - "Din venleik gjorde deg hovmodig, og fordi du var så strålande, øydde du din visdom." Om Antikrist står det i 2. Tess 3b-4 - "For fyrst må fråfallet koma og Den Lovlause syna seg, han som endar i fortaping, han som står imot og opphøgjer seg over alt det som menneske kallar gud og tilbed. Ja, han set seg i Guds tempel og gjer seg sjølv til gud." Er det ikkje nettopp det moderne menneske gjer gjennom si dyrking av egoet. Satan driv dei til å opphøgje seg sjølv til å bli lik Gud, og det er ingenting Gud hatar meir enn stolthet som dette. Ord 18:12 - "Før mannen fell, er han stolt i hjarta, føre ære går audmykt." Jes 23:9 - "Herren, Allhærs Gud, har sett seg føre å audmykja alt som er stort og stolt, og vanæra alle stormenn på jorda."

Vegen til sann visdom er ikkje å opphøgje seg sjølv, men å audmykje sitt hjarte for Gud, slik at han kan openberre sin stordom gjennom oss. Til Daniel vart det sagt i Dan 10:12 - "Så sa han til meg: «Ver ikkje redd, Daniel! For frå den fyrste dagen du sette deg føre å vinna skjøn og audmykja deg for din Gud, har orda dine vore høyrde; og på grunn av orda dine er eg komen." Jak 3:16-18 - "For der misunning og sjølvhevding rår, der er det ugreie og alt det som vondt er. Men visdomen ovanfrå er fyrst og fremst rein, dinest fredsæl, mild og ettergjevande, rik på miskunn og gode frukter, upartisk og ærleg. Og rettferds frukt vert sådd i fred, og veks fram for dei som skaper fred."

Eit slikt Jesus-samfunn er vi alle tent med!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

 Hovudspørsmålet eg vil stille i denne tråden er kva som er drivkrafta bak desse straumdraga i samfunnet som dyrkar den menneskelege fornuften, og som særleg gjennomsyrer utdanningssystemet og media.

Smartness og brighthet.

-Per-Mathias Høgmo

  • Liker 3
Lenke til kommentar

Drivkraften bak det er ikke djevelen, det er troende som gjør forferdelige forkastelige ting i "guds navn". At folk går bort ifra en gudstro som fremmer massemord og rasisme er drevet av fornuft, satan bare sitter på tronen sin og koser seg fordi de som sier de er hans fiender egentlig er hans slaver og beste medhjelpere.

Djevelen er en idè om at alt det fæle man gjør ikke er sin egen skyld, en dårlig unskyldning for å fortsette faenskapen. Slutt å skylde på et symbol for ondskap når du gjør noe galt, ta ansvar for dine egne handlinger!

  • Liker 6

Kristne ønskjer å bli meir og meir lik Kristus. Dess meir tid vi brukar saman med Jesus, dess meir vil hans sinnelag smitte over på oss. Eg er samd i at desse "forferdelege ting i Guds namn" ikkje er av Gud eller i tråd med Jesu lære. Jesus seier: "Stikk sverdet ditt i slira! For den som grip til sverd, skal falla for sverd." (Matt 26:52) og han oppsøkte ei samaritansk kvinne, som var utenkjeleg for jødar på den tida. "«Korleis har det seg,» seier kvinna, «at du som er jøde, bed meg, ei samaritansk kvinne, om drikke?» For jødane har ikkje noko samkvem med samaritanane." (Joh 4:9)

Trur du eit samfunn prega av menneske som Jesus ville blitt eit meir fredeleg eller meir rasistisk og krigersk samfunn?

Djevelen er ikkje ei ansvarsfråskriving frå eigen vondskap. Vi har alle ein fri vilje til anten å vere slave for synda og djevelen, eller bli satt i fridom av Jesus. Joh 8:34-36: "Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Kvar den som gjer synd, er træl under synda. Ein træl vert ikkje verande i huset for all tid, men ein son vert verande der for all tid. Får Sonen gjort dykk frie, vert de retteleg frie." Vi kan ikkje sjølve bestemme oss for å slutte å gjere vondskap fordi vi er alle fødde med ein syndig natur. Når vi får møte Jesus og vert fødde på ny, vert vi derimot åndeleg levande og får ein ny natur og Den Heilage Ande. Vi er framleis syndarar, men hjartet er vendt mot Jesus, og hans blod reinsar frå all synd.

Lenke til kommentar

Kristne ønskjer å bli meir og meir lik Kristus.

De kristne ønsker å bli mer og mer lik Kristus, samtidig så er det de kristne som definerer hva Kristus er for noenting.

De kristne vil bli det de forteller menigheten deres at de skal være.

Bæ.

Lenke til kommentar

Grunnen til at folk forlater gud, som du sier, er at vi har oppdaget at gud er en forholdsvis utrivelig, fremmedfientlig og voldsdyrkende drittsekk.

Historiene om Moses (myrdet tusenvis av uskyldige barn pga politisk uenighet), Noa (druknet samtlige mennesker på jorden), og Job (torturerte en stakkar på grunn av et veddemål) er jo gode eksempler på dette...

Du nevner Satan. Satan er jo skapt av gud? Så gud har satt satan til å lure folk til å synde, slik at gud kan straffe dem??

Det er nettopp dette Satan vil at du skal tru, at Gud er vond i staden for god. Han elskar å manipulere og forvrengje sanninga, slik at han kan føre sjeler til fortapinga og evig pine. Han har si lyst i å øydeleggje for oss, slik at vi ikkje tek imot frelsesgåva som Gud har stelt istand for oss. 1. Pet 5:8 - "Ver edrue og vak! Dykkar motstandar djevelen går omkring som ei brølande løve for å finna nokon å gløypa."

Esekiel 28 skildrar djevelen som ein lysande kjerub, som ein leiar for lovsongen i himmelen (kanskje er det difor djevelen nyttar så mykje mørk musikk i denne verda). Men det var aldri Guds vilje at han skulle bli til Satan slik vi kjenner han. Vi kan ikkje forklare kvifor og korleis dette skjedde utover det som står i Guds ord, men vi kan oppfatte og erfare den åndskamp som syndefallet resulterte i. Det er fleire dimensjonar enn dei tre eller fire vi vanlegvis har tilgang til, og det er ting i denne verda som ikkje kan forklarast ved hjelp av fornuften, og der vi må trekkje inn trua. "Vesle vitet det strekk ikkje til, det lyt ei tru å stydja oppunder" (Ivar Aasen"

Lenke til kommentar
Gjest Bruker-95147

 Hovudspørsmålet eg vil stille i denne tråden er kva som er drivkrafta bak desse straumdraga i samfunnet som dyrkar den menneskelege fornuften, og som særleg gjennomsyrer utdanningssystemet og media. 

Jeg tror det er de vanlige skavankene som er årsak, nemlig hat og grådighet, som får ekstra tyngde og ekstremitet ved at hver og en er akseptert å være en frittstående enhet som kan utnytte hva som helst for egen "lykke"

Og å har vi media og marked som samarbeider om å slavebinde oss og hele tiden holde oss i tilstand av misfornøydhet

Lenke til kommentar

Grunnen til at folk forlater gud, som du sier, er at vi har oppdaget at gud er en forholdsvis utrivelig, fremmedfientlig og voldsdyrkende drittsekk.

Historiene om Moses (myrdet tusenvis av uskyldige barn pga politisk uenighet), Noa (druknet samtlige mennesker på jorden), og Job (torturerte en stakkar på grunn av et veddemål) er jo gode eksempler på dette...

Du nevner Satan. Satan er jo skapt av gud? Så gud har satt satan til å lure folk til å synde, slik at gud kan straffe dem??

Det er nettopp dette Satan vil at du skal tru, at Gud er vond i staden for god. Han elskar å manipulere og forvrengje sanninga, slik at han kan føre sjeler til fortapinga og evig pine. Han har si lyst i å øydeleggje for oss, slik at vi ikkje tek imot frelsesgåva som Gud har stelt istand for oss. 1. Pet 5:8 - "Ver edrue og vak! Dykkar motstandar djevelen går omkring som ei brølande løve for å finna nokon å gløypa."

Esekiel 28 skildrar djevelen som ein lysande kjerub, som ein leiar for lovsongen i himmelen (kanskje er det difor djevelen nyttar så mykje mørk musikk i denne verda). Men det var aldri Guds vilje at han skulle bli til Satan slik vi kjenner han. Vi kan ikkje forklare kvifor og korleis dette skjedde utover det som står i Guds ord, men vi kan oppfatte og erfare den åndskamp som syndefallet resulterte i. Det er fleire dimensjonar enn dei tre eller fire vi vanlegvis har tilgang til, og det er ting i denne verda som ikkje kan forklarast ved hjelp av fornuften, og der vi må trekkje inn trua. "Vesle vitet det strekk ikkje til, det lyt ei tru å stydja oppunder" (Ivar Aasen"

Om satan var et problem, hvorfor har ikke gud fjernet han? Om gud mente noe var galt på jorden, så ville han grepet inn. Han ahr ikke hatt noen problemer me dette tidligere.

Lenke til kommentar

Du nevner Satan. Satan er jo skapt av gud? Så gud har satt satan til å lure folk til å synde, slik at gud kan straffe dem??

Noxhaven kap 1. ver. 1-11

1 Satan ble skapt i guds bilde under navnet Lucifer.  2 Han var den vakreste av alle englene, han var flik til dans, musikk og underholdning, noe som de andre englene likte.

Gud likte ikke dette, og sa med sinte ord:  3 "Dere må ikke tilbe andre guder en meg, jeg er en sjalu gud"

4 Gud fikk med seg to tredjedeler av alle himmelens engler og fortrykte Lucifer og en tredjedel av englene ut fra himmelen, han ødela ansiktet til Lucifer og døpte han om til Satan. 5 Da gud laget menneskene fortalte han de at Satan er på jorden, og han er ute etter å lure dere, han er onskapen selv så dere må aldri høre på han eller gjøre han annet en vondt.

6 Lucifer hørte hva gud hadde fortalt menneske, men han klarte ikke å leve med at menneske var uten fri vilje og uten kritisk tenking. 7 Så han gjorde seg om til en slange for å ikke vise sitt sanne ansikt. 8 Han fant så en man ved navn Adam og en kvinne ved navn Eva. 9 Adam og Eva forsto ikke at det fantes et liv utenfor Guds jerngrep, og klarte ikke å begripe konseptet med å tenke på egenhånd. 10 Da tok Lucifer et eple og infiserte det med fri vilje og kritiske tanker. 11 De spiste eplet i guds vrede - og kampen mellom godt og ond var en realitet.

The end.

Dette ble skrevet av en bekjent for 1400 år siden. Det er guds egne ord igjenskrevet på nett.

Lenke til kommentar

Om satan var et problem, hvorfor har ikke gud fjernet han? Om gud mente noe var galt på jorden, så ville han grepet inn. Han ahr ikke hatt noen problemer me dette tidligere.

Eg trur at Gud vil gi alle ein sjanse til å verte frelst. Han har gripe inn, og gitt oss Jesus til soning for syndene våre. Ein dag skal både Satan og alle han har forført verte stilt til doms, men enn så lenge er det nådens tidsalder.

Kvifor ikkje Satan vert stilt til doms idag er eit spørsmål som går utforbi min forstand. At vi ikkje kan svare på alle spørsmål er derimot ikkje til hinder for trua. Vi kan få stole på Gud fordi hans ord er truverdig, og vi kan få erfare at Jesus lever når vi går på Ordet.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...