Gå til innhold

Shenmue 3 - Kickstarter


Anbefalte innlegg

I natt ble min største spilldrøm endelig virkelig, Yu Suzuki er i gang med å lage Shenmue 3. Men han trenger DIN hjelp, det første målet på 2 millioner dollar er allerede nådd. Men jo mer penger som blir lagt inn i det, jo bedre blir sluttproduktet og flere får antagelig spilt spillet også.

 

Donerer du minst 29$ så får du spillet digitalt til enten pc eller PS4 på release-datoen!

 

https://www.kickstarter.com/projects/ysnet/shenmue-3/description

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Shenmue II er for meg på topp 3 over tidenes spill.

 

For første gang har jeg gitt penger til et Kickstarter-prosjekt. Har donert $60. Hadde seriøst gitt opp for mange år siden.

 

Jeg digget de japanske stemmene på nr. 2 (DC), så håper det er mulighet for å velge japansk/engelsk tale.

Lenke til kommentar

Det er vanskelig å sammenligne. Det er noe helt unikt. Men det er et open-world 3D adventure satt i en realistisk setting, noe som føltes veldig revolusjonerende når det kom ut i 1999.

 

L.A. Noire gjorde mye likt 12 år etter i det at man kan snakke med veldig mange mennesker, notere viktige ting etc.

 

Også Heavy Rain (PS3) hvor man gjør mange hverdagslige ting minte meg veldig om Shenmue. Shenmue var også en av de første med såkalte quick time events (QTE) hvor man skal trykke på diverse knapper i en cutscene.

Endret av kilik
  • Liker 1
Lenke til kommentar

Synes det er kult jeg at med dem som klager over QTE spill så er det en sjanger som er elsket av så ekstremt mange. Bare se på Telltale spillene.

 

Og reaksjonene under pressekonferansen til Sony når Shenmue 3 ble vist på skjermen. Selve gudfaren til QTE sjangeren.

 

Spillet fikk Kickstarter sine servere til å gå i knestående. Og er vel spillet som har fortest nådd sitt mål? Det er ganske så klart at QTE spill er ikke i nærheten så hatet som endel prøver å fremstå det som. 

Endret av LarZen
Lenke til kommentar

Eg har ikkje heilt klart å bestemme meg for kva eg synest om denne kampanja. På den positive sida veit eg at det er mange som lengtar etter ein oppfølgjar i denne serien, og tidlegare erfaring tyder på at store kampanjer trekker folk til Kickstarter, noko som gjer det lettare òg for mindre prosjekt å lukkast. Eg såg dette heilt tydleg på den nyleg avslutta kampanja for Hero-U: framgongen gjekk veldig seint ei stund, men frå og med den dagen inXile si mykje større og høgare profilerte kampanje for Bard's Tale IV starta, kunne ein sjå ei mykje større tilstrauming òg til Hero-U. So slike store kampanjer kan definitivt ha ein positiv effekt for andre.

 

Men der er eit aspekt av kampanja for Shenmue 3 som eg ikkje likar. Her blir det framstilt som om dei treng pengar frå fansen for å kunne lage spelet. For å vere heilt ærleg, trur eg ikkje på dette i det heile. Det kan hende at dei trengte å bevise at interessa var der for å få finansiering, men pengane som blir samla inn, trur eg ikkje eigentleg dei treng. Kotaku stadfesta i går det eg trur mange av oss antok, nemleg at Sony støttar utviklinga av Shenmue 3. Når det originale spelet kosta 47 millionar USD å lage, er det rimeleg å anta at Kickstarter-pengane vil utgjere ein ganske liten del av budsjettet for Shenmue 3.

 

Som sagt, eg har ikkje heilt bestemt meg for kva eg synest, men det heile kjennast litt rart. Eg har sjølv støtta mange prosjekt, men det som er felles for dei, er at dei vanskeleg hadde kunne blitt realiserte utan folkefinansieringa. Med Shenmue 3 er det Sony som spør om hjelp, og eg er ikkje sikker på om dei burde gjere det. Tru meg, eg forstår vilja til å betale hundrevis av dollar for å sjå ein etterlengta spelserie eller utviklar komme tilbake. Men når dei som står bak har rikeleg med ressursar til å finansiere og marknadsføre spelet utan hjelp, blir ikkje dette berre førehandsbestilling i ei anna innpakning?

 

Kay

  • Liker 1
Lenke til kommentar

De bruker vel Kickstarter for å se potensialet til spillet, det forrige solgte bra, men ikke bra nok. Det er nok derfor de ser om fansen vil investere i et spill. 

 

Eg forstår det, men synest då dei kunne seie det klart og tydleg i videoen og på kampanjesida. Eg ser at dei no har lagt inn eit avsnitt i FAQ-en om finansiering, som eg ikkje trur var der opprinneleg:

 

 

 

Can you make an open world game for just $2 million?

No, we cannot make an open world game for $2 million. Shenmue will be produced using both the funds raised from the Kickstarter and through other funding sources already secured by Ys Net Inc. We are very sorry, but due to contractual obligations, details of outside investments will not be disclosed.

Last updated: 

Thu, Jun 18 2015 12:14 AM CEST

 

Når ein ber folk donere pengar for å finansiere eit prosjekt, meiner eg ein bør vere so åpen og ærleg som mogleg. Eg føler at dei ikkje var det i dette tilfellet.

 

Kay

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Utifra hva jeg forstår av den teksten der KayAU, kan det faktisk tenkes at de nettopp fikk 3 millioner USD rett på bok og allerede hadde planer om å lage spillet, uavhenging av kickstarter.

 

Kickstarter bare ga mer tidligsalg. Stygg form for Early Access/ pre-order vi ser her?

Lenke til kommentar

Det kan dessverre sjå litt slik ut. No kan det tenkast at dei andre investorane hadde ein klausul om at dei måtte få inn ein viss sum gjennom folkefinansiering før dei ville bidra med sin del, men eg er ikkje heilt overbevist om det heller. Sidan kampanja ikkje var open og ærleg om finansieringa i utgangspunktet, har eg ikkje so stor tillit til andre ting dei seier.

 

Kay

Lenke til kommentar

 

Can you make an open world game for just $2 million?

No, we cannot make an open world game for $2 million. Shenmue will be produced using both the funds raised from the Kickstarter and through other funding sources already secured by Ys Net Inc. We are very sorry, but due to contractual obligations, details of outside investments will not be disclosed.

Last updated: 

Thu, Jun 18 2015 12:14 AM CEST

 

 

Det der burde stått i det de startet kampanjen. Jeg ga $60 første dagen, men usikker på om jeg hadde gjort det samme hvis det der hadde stått på forhånd. Sony har jo også bekreftet at de går inn med penger. Det burde de hvertfall ha skrevet på Kickstarten. Da sier det seg selv at det forblir konsolleksklusivt også. Det blir hvertfall ikke noe mer donasjoner fra min side. Om Kickarteren når $5 mill eller $10 mill virker av langt mindre betydning nå.

 

Shenmue 1 og 2 er såpass sært og kultaktig og kanskje spillhistoriens største økonomiske fiasko, så jeg tror ikke det hadde vært noen annen vei. Jeg og mange med meg er uansett glad for at spillet blir noe av, at serien faktisk lever og det at 3-eren ser ut til å få et OK budsjett er jo i så måte et pluss. Det klarer selvsagt ikke å leve opp til forventningene, men sånn som med Twin Peaks sesong 3 er er det litt skrekkblandet fryd i at noe plutselig gjennoppstår etter så mange år.

Endret av kilik
Lenke til kommentar

Hva er egentlig tingen med å gi mer og til dels mye mer på Kickstarter-kampanjer kontra å kjøpe spill i butikk/Steam som faktisk har lavere pris?

 

Kickstarter er i utgangspunktet ikkje berre eit system for førehandsbestilling, sjølv om det ofte og for mange fungerar slik. Tanken er at ein donerar pengar for å direkte finansiere utviklinga av noko. Ofte er dette ting som ikkje ville kunne eksistere utan at ein fikk finansiert det på denne måten. Det er med andre ord snakk om ei form for veldedigheit, og ofte idealistisk motivert.
 
Kor mykje ein gir heng nok saman med kor sterkt ein føler for det aktuelle prosjektet, kombinert med personleg økonomi. Sjølv gir eg oftast minimumsbeløpet for å få spelet. Det er fortsatt noko eg gjer først og fremst for å bidra til at spel eg er interessert i at blir laga, men samstundes får eg spelet til ein ok pris. Men nylig var der ein Kickstarter som eg ga ein heil del meir til. Lori og Corey Cole, som stod bak Quest for Glory-serien til Sierra, jobbar for tida med ein andeleg oppfølgjar, som dei kallar Hero-U. Eg skal ikkje gå inn på kvifor dette er spennande for meg, sidan eg allereie har laga ein eigen tråd om det. Men dette var eit prosjekt eg ga ekstra mykje til, både fordi QFG-serien er spesiell for meg, fordi det ikkje har komt so mykje anna som liknar på han, og fordi eg trur på visjonen for den nye serien. I tillegg var dette eit klart "underdog"-prosjekt, som ikkje badar i pengar og tilbod frå investorar. Det vil seie at mitt bidrag er viktigare for prosjektet enn det ellers hadde vore.
 
Men eg var langt unna dei som ga verkeleg store summar. Ein del personar ga beløp som i kroner ville komt på 5 eller 6 siffer. Eg trur dette er folk som i tillegg til å ha nok av pengar å bruke, har ei sterk personleg knytning til dei tidlegare spela frå utviklaren. Der er folk som har fortalt historier om korleis QFG-serien var ein viktig del av barndommen, som dei spelte saman med familiemedlemmer. Andre har fortalt om korleis spela inspirerte dei til å ta jobbar der dei kunne hjelpe andre (som nemnt t.d. i dette intervjuet). Det høyrast kanskje ekstremt ut, men der er ingen tvil om at spel og spelutviklarar kan gjere sterke inntrykk på enkelte. Og so har du sikkert dei som berre har veldig mykje pengar, og liker tanken på å vere ein viktig støttespelar, eller som godt kunne tenke seg å møte Brian Fargo, Yu Suzuki eller Lori og Corey Cole.
 
Kay
Endret av KayAU
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...