Gå til innhold

Hero-U: Ein andeleg oppfølgjar til Quest for Glory


Anbefalte innlegg

Hei,

 

eg har litt lyst til å snakke om Hero-U. Men først må eg snakke om Quest for Glory, som er forløparen til Hero-U.

 

782.jpg

 

Lori og Corey Cole er sannsynlegvis det mest nerdete eldre ekteparet eg veit om. Dei traff kvarandre gjennom Dungeons and Dragons, gifta seg, og lagde deretter det som eg reknar for å vere den beste spelserien frå Sierra Entertainment. Det seier ikkje so reint lite, for der kom mykje bra frå den kanten. Spel som t.d. Police Quest, Leisure Suit Larry og Gabriel Knight er berre nokre døme på spel som i dag reknast som klassikarar. 

 

Men Quest for Glory er etter mi meining endå betre enn desse. Dette var spel som tok ting vidare, både når det gjaldt spelmekanismar og historie. For det første: dei blanda den vanlege "Sierra-typen" av eventyrspel med rollespel. Her skulle ein ikkje berre gå frå skjerm til skjerm og løyse gåter. Ein starta spelet med å velge klasse og tildele poeng til attributtar og ferdigheiter, og ferdigheitene utvikla ein vidare ved å bruke dei. Nokon vil kanskje kjenne att dette konseptet frå The Elder Scrolls-serien, men QFG gjorde det allereie i 1989. Ein hadde sjølvsagt òg eit konsept om quests, og om kampar. Andre nyskapingar var at ein kunne løyse mange av gåtene på forskjellige måtar, og at ein kunne lagre og importere karakteren sin mellom kvart spel i serien. 

 

hqclasses.png535803-qfg13.gif

 

Dei mekaniske innovasjonane kunne ha vore nok til å gjere QFG-serien til ein favoritt, men eit minst like sterkt argument er historifortellinga og atmosfæra. Lori og Corey var i 30-åra når dei jobba for Sierra. Dei var etablerte og hadde barn. Dette gjorde dei "gamle", relativt sett, og denne modenheita kan ein sjå igjen i måten dei skreiv på. Det tyder ikkje at QFG er blotta for humor og fjollete innslag, tvert imot. Dei skildra vel sjølve eit av innslaga i serien som "the latest in a series of adventures and miserable puns". 

 

Untitled49.png

 

Men under det heile er ei gjennomarbeida historie, som blandar humor med meir alvorlege tema, og sett det heile inn i ei fargerik ramme av mytologi og kultur. Til dømes er det første spelet satt til ei tradisjonell, germansk eventyrverd, medan nummer 2 tek oss til arabisk mytologi. Nummer 3 har ei afrikansk ramme, nummer 4 tek oss til Aust-Europa (tenk Transylvania), og nummer 5 er satt nærmare Middelhavet. Dette gir mykje variasjon, men samstundes er det samanhengar mellom ting, og det er tydeleg at historia er planlagt.

 

sciv_095.pngqfg4.jpg

 

Dersom de tek ein titt på GOG si produktside for QFG-serien, vil de sjå at den har ein rein 5-stjerners rating, og det er ikkje ufortent.

 

Det var altso Quest for Glory. Sidan den gong har Sierra for lengst lagt inn årane, og spelseriane og utviklarane har i stor grad glidd inn i obskuriteten.  Der har sjølvsagt komt mange andre gode utviklarar og fantastiske spel. Eventyrspel har hatt ei skikkeleg blomstring dei siste åra, og gode rollespel har vi òg hatt mange av. Men eg saknar Quest for Glory, for der finst ikkje noko anna som heilt liknar på det.

 

Men no er der eit håp. I 2012, når Kickstarter var relativt nytt og spennande, valgte Lori og Corey Cole å sette i gong eit nytt prosjekt, ein serie av spel som vil vere ein andeleg etterfølgjar til Quest for Glory-serien, satt i samme spelverd. Dei gjekk til Kickstarter med dette konseptet veldig tidleg i løpet, utan å ha alt for mykje å vise fram. Dei nådde målet sitt, men ikkje med altfor stor margin.

 

Sidan den gongen har prosjektet hatt sine vanskar. Dei mista enkelte av nøkkelpersonane, og oppdaga samstundes at fansen ønska meir enn det dei opprinneleg hadde planlagt. I staden for eit lite eventyr-/rollespel med enkel grafikk, ville folk ha noko som kunne reknast som ein fullverdig arvtakar til QFG-serien. Ein kan sikkert diskutere korvidt det er lurt å prøve å innfri dette med so små økonomiske ressursar, men dei valgte å prøve. Dei fekk tak i dyktige og dedikerte utviklarar som var villige til å jobbe for minimal eller inga betaling, slutta å ta ut løn sjølve, og tok opp lån på huset sitt. Utviklingsløpet vart forlenga for å gjere det mogleg å lage meir utan å ha nok pengar.

 

No er dei attende på Kickstarter, denne gongen med mykje meir materiale å vise fram, for å prøve å skaffe ekstra pengar til utviklinga. Dei er fortsatt dedikerte til å levere for einkvar personleg pris, men håpar å få inn nok til å lette på det økonomiske trykket, samstundes som dei vil skape merksemd rundt Hero-U. Dette har dei til dels lukkast med, sidan dei ser ut til å nå målet, og har fått støtte-tweets både frå Brian Fargo og Ron Gilbert. Men samstundes er det ikkje lenger like lett å få merksemd i pressa for relativt små Kickstarter-prosjekt i 2015. Dei har nokre dedikerte fans som jobbar for å skape merksemd, og som de sikkert har forstått, er eg ein av dei. :)

 

poster_sardonia_350.png

 

Hero-U er det Kickstarter-prosjektet eg kjem til å donere mest til so langt, og som eg har mest entusiasme for. Eg veit at det er eit lavbudsjettspel, og der vil vere mange som vil overgå det på mykje av spelmekanikk, og definitivt på teknisk avansert grafikk. Men QFG var som sagt unikt, og alt eg har lest tydar på at Hero-U vil tilby noko som er annleis og spennande. Igjen har Cole-paret planlagt ein serie av spel, med fokus på historie og karakterar. Denne gongen er ramma eit universitet for heltar av forskjellige typar, tenk eit meir generalisert Hogwarts. Det første spelet vil ta for seg tjuven/slyngelen, derfor undertittelen "Rogue to Redemption". Det tyder ikkje at ein kun vil snike seg rundt og dirke opp låsar. Hero-U tilbyr forskjellige valgfag, og eg har allereie bestemt meg for at eg vil ta faget "Magic for Mundanes" når eg byrjer der. Dette er ei vidareføring av den fleksibiliteten klassene hadde i QFG.

 

Hero-U fokuserar på at spelarane skal ha forskjellige opplevingar når dei spelar igjennom. Der er mykje dialog og mange karakterar, og du velger sjølv korleis du vil bruke tida di. Vil du fokusere på det faglege, det sosiale, eller på å oppsøke fare og eventyr? Dette vil bli ein type spel ein spelar igjennom fleire gongar for å prøve forskjellige ting. Corey Cole har uttalt at ein kan komme seg igjennom spelet utan å gjere stort, men at ein då ikkje vil få ein spesielt bra slutt.

 

Ein annan ting eg vil drage fram, er at sjølv om dei ikkje heilt har budsjettet til å lage The Witcher 3-grafikk, har dei dyktige grafikarar, og ein veldig sjarmerande stil. Eg har sansen for 2D-maleria til JP Selwood, og om eg hadde hatt $1100 å bruke på det, ville eg ha gått for "Immortal Image"-belønninga, som inneber at han lagar eit maleri av deg/nokon du velger ut, i ein fantasy-setting. Dette får du som eit trykk du kan henge heime, og det vil henge på universitetet inne i spelet.

 

ChenSunFramed.jpg

artappreciation.png

 

Der finst heldigvis mange andre flotte belønningar til meir overkommelege prisar. Ein ting som er heilt gratis, er ein serie med skrivebordsbakgrunnar, som dei no gir ut kvar dag på utviklarbloggen. Her eit døme med litt historie bak:

 

Screensaver-DragonMountain_600.png

 

Dette vart eit langt innlegg, men eg håpar nokon fann det interessant, og kanskje vil vurdere å ta ein titt på kampanja. Der finst ein heil del materiale å sjekke ut, deriblandt eit par demoar.

 




 

poster_komme_330.pngposter-eranaserenity_600.png

 

Kay

  • Liker 3
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Takkar. :)

 

Eg driv og spelar igjennom originalversjonen av QFG1 på nytt no. Sjølv om det er ei stund sidan eg spelte noko med tekstparser og 16-fargars grafikk, fungerar det fortsatt veldig bra for min del. Planen er å gå igjennom alle originalversjonane, og deretter VGA-versjonane av 1 og 2.

 

Kay

Lenke til kommentar

No har Corey Cole posta ei ny prosjektoppdatering, denne gongen om ferdigheitssystemet. Det er tydeleg at dei har ei liknande tilnærming som i Quest for Glory. Nokre sitat:

 

"One way to think about the difference between role-playing and adventure games is that adventures have puzzles, each with a specific solution.

RPGs have problems, and there are many different ways to overcome them. We think the latter approach makes more realistic and fair gaming - players don’t have to guess our way of solving a problem; they need to find a way that works within the game rules."

 

Dette er noko eg er ein stor tilhengar av, og det kastar litt lys på eit fellestrekk mellom mine to, ellers svært forskjellige, favorittrollespel, Quest for Glory 2 og Gothic 2. Som sagt, desse er svært forskjellige på mange måtar, men dei har det til felles, at det er mogleg å løyse problem på forskjellige måtar. Der er ei oppgåve ganske tidleg i Gothic 2 der ein må få tak eit orkesverd. Mange førstegongsspelarar blir frustrerte når dei møter på denne, fordi dei ikkje har kampferdigheiter og utstyr til å overvinne ein ork. Men som eg brukar å fortelle dei, er der i alle fall 5 eller 6 måtar å løyse dette på. Det handlar om å forstå spelverda og reglane, og å manipulere situasjonen til sin fordel.

 

Eit anna sitat eg synest var interessant:

 

"Time is one of the most important resources in Hero-U, and that means that players will need to choose which skills are most important to them. There are no absolutely right or wrong approaches. You can solve the game’s problems with a wide variety of skills, but which you choose affect the story and Shawn’s relationships with other characters."

 

Dette underbygger det eg skreiv opprinneleg om at Hero-U er designa for fleire gjennomspelingar, og er ein annan filosofi eg er ein tilhengar av. Rollespel som er laga for at ein skal kunne gjere alt i ei gjenomspeling, har det med å bli litt langtekkelege. Der er absolutt ein plass for desse òg, men ofte foretrekk eg spel som tek litt mindre tid per gjennomspeling, men som kan opplevast på forskjellige måtar kvar gong.

 

Der står mykje interessant om speldesign i oppdateringane på Hero-U, for dei som er interesserte i sånt. Det dukkar òg opp ein og annan interessant kommentar på Kickstarter-sida. For ei tid sidan sendte Ron Gilbert (kjent for m.a. Monkey Island og Maniac Mansion) ein tweet om at han støtta Hero-U. Corey fortalte då at i gamle dagar hadde Lori og Ron debattert om korvidt det burde vere mogleg at spelaren kunne døy i eventyrspel. Lori meinte at det å ha denne trusselen skapte spenning og gjorde at ein ville måtte tenke meir igjennom ting, i staden for å berre "prøve alt med alt". Ron meinte at ved å tvinge spelaren til å bruke ei mekanisme utanfor spelet for å komme inn igjen (save/load), øydela ein for innlevinga. Begge hadde vel eit poeng, og begge har sidan gjort ting som avvik frå dei gamle standpunkta. Men for oss som hugsar Sierra og Lucasarts godt, er dette litt artig å lese, for det med å la karakteren døy eller ikkje var ein av dei store skilnadane. Det originale Monkey Island hadde faktisk med eit lite "stikk" til Sierra sin filosofi, der dei ganske seint i spelet plutseleg tilsynelatande let Guybrush døy:

 

https://www.youtube.com/watch?v=1-_-QxerYno

 

For dei som måtte vere interesserte, finn ein siste prosjektoppdatering her:

Leveling Up the Hero-U Skill System

 

Kay

Lenke til kommentar

Tidleg i dag passerte Hero-U målet sitt på Kickstarter! :D No vil dei siste tre dagane bli brukt til å krysse av "stretch goals". Dei aller fleste av desse går på å legge inn meir innhald i spelet. Detaljar om desse kan lesast på kampanjesida, men eg tek med den visuelle oppsummeringa her:

 

9fb656d8065777b7a12d262c909c48bc_origina

 

Corey har lagt ut ei ny oppdatering, denne gongen med fokus på teamet bak Hero-U. I tillegg til han sjølv, Lori, og ein tredje prosjektleiar/designer ved namn Chris Fong:

 

078cdaa9218174843318b522d8a1d102_origina

 

...står der litt om kvar av dei andre som bidreg med musikk, grafikk og programmering på prosjektet.

 

Der står ikkje so mykje om speldesign i denne oppdateringa, men eg merka meg ein ting i innleiinga:

 

"Making a game such as Hero-U: Rogue to Redemption is not a two-person effort. We don’t sit around and say, “Shawn should get a chance to talk with the other Rogue students every night at supper,” and have that magically appear in the game."

 

Dette får meg til å tenke på Quest for Glory 2, som er favoritten min i serien. Ein av grunnane til det, var måten dei bygde opp ei tilknytning til byen og karakterane der gjennom ein viss grad av "faste rutiner". Dei fleste av dagane ville du vakne opp på vertshuset til venane dine, Shema og Shameen. Du ville sette deg ned ved bordet, få servert eit måltid, og kanskje nokre nyhende om kva som foregjekk i byen. Deretter ville du gå ut til den lille marknadsplassen utanfor vertshuset, og møte folka som heldt til der.

 

qfg2%20opening.png

 

Dette gjorde at ein etter kvart kjente seg heime i Shapeir, og byrja å kjenne folka som budde der. Veldig mange eventyrspel tek deg frå skjerm til skjerm, og let deg løyse gåter. Karakterar blir introduserte, men er brukt opp når oppgåvene knytt til dei er løyst. QFG 2 gjorde det på ein betre måte, og det ser ut til at denne tankegongen blir vidareført i Hero-U. :)

 

Eg kryssar fingrane for at dei når dei fleste av strekk-måla sine. Dersom dei når 130 000, får vi den Lovecraft-inspirerte "sea cave boss". Der er ei viss bekymring for at verda kan bli oppslukt av mørke dersom denne ikkje blir oppdaga. La oss prøve å unngå det.

 

Kay

Endret av KayAU
Lenke til kommentar

Hvis man ønsker mer QfG mens man venter på Hero-U så har jeg noen anbefalninger for spill i samme gate som har dukket opp i det siste :)

 

Quest for Glory II VGA remake (Gratis!) - http://www.agdinteractive.com/games/qfg2/

Heroine's Quest (Gratis) - http://store.steampowered.com/app/283880/

Quest for Infamy - http://store.steampowered.com/app/264560/

Mage's Initiation (Ikke utgitt, men snart ferdig) - https://www.kickstarter.com/projects/2112639455/mages-initiation-a-classic-sierra-style-adventure

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Veldig gode anbefalingar. :) Det er litt flaut å inrømme det, men eg har faktisk ikkje spelt igjennom verken VGA-versjonen av QFG2, Heroine's Quest eller Quest for Infamy endå. Mage's Initiation ser eg veldig fram til. Eg støtta det sjølvsagt på Kickstarter.

 

Planen min no er å spele igjennom alle originalane i QFG-serien, deretter VGA-versjonane av 1 og 2. Heroine's Quest og Quest for Infamy er på lista mi etter det.

 

Kay

Lenke til kommentar

Jeg støtta spillet første gang. Og jeg er glad over at dem fikk iland kickstarter nr 2 slik at dem får fullført spillet.

 

Men jeg stusser over at dem fortsatt skal legge til eller forandre innhold på spillet siden budsjettet deres ble sprengt forrige gang. Det er vel heller ting dem kunne ha gjort i ettertid hvis spillet deres solgte godt etter release.

Lenke til kommentar
Då er det omtrent 24 timar att av kampanja for Hero-U, og dei første tre strekkmåla er nesten sikra. :) I følgje Lori si siste oppdatering på utviklarbloggen, er Sierra-animatøren Al Eufrasio allereie godt i gong med å forbetre animasjonane i spelet. 

 

heroucombat.png

 

Corey la ut ei ny oppdatering i natt, denne gongen om kampsystemet. Dette er eit område der Hero-U vil gjere ting annleis enn Quest for Glory. Lori og Corey har ein bakgrunn i penn-og-papir-rollespel, der sjølv relativt små og uinteressante kampar kunne ta timesvis. I QFG-serien kunne dei la datamaskina hugse reglane og gjere utrekningane, og dei prøvde å lage eit interessant kampsystem i sanntid der spelaren hadde grunn til å blokke eller unnvike avhengig av situasjonen.

 

"...but most players just kept hitting the Attack button"

 

Dei vart aldri heilt nøgde med kampsystemet, og fortsatte å forandre det frå spel til spel.

 

Anthology+-+Quest+For+Glory+3.jpg

 

I Hero-U satsar dei i staden på turbasert kamp. Tanken er at ein skal ha ei strategisk tilnærming der ein planlegg kampane sine, utan å vere avhengig av spelaren sine refleksar og timing. Personleg trur eg dette vil passe mykje betre inn i denne typen rollespel enn eit kampsystem i sanntid. Corey nemner òg at det vil vere mogleg å unngå det aller meste av kamp om ein ønsker det. Sjølvsagt vil ein då gå glipp av ting, men Hero-U vil uansett vere eit spel der ein ikkje kan gjere alt i samme gjennomspeling. 

 

herouturnbased.png

 

Lori har nemnt i kommentarfeltet at ho planlegg kor forskjellige karakterar vil vere, og kva som vil foregå forskjellige stader på universitetet på forskjellige tider og dagar. Det vil seie at verda vil ha eit liv uavhengig av spelaren, og understrekar at det er lagt opp til fleire gjennomspelingar. :)

 

 

Screensaver-1024x768_SardoniaCastle_KS.j

 


Som sagt, det er berre omtrent 24 timar att. Kampanja har fått ein del ekstra støttespelarar no mot slutten, og Lori og Corey har eit veddemål på gong om korvidt dei vil klare å få 2000 personar til å støtte dei denne gongen. Dersom Hero-U verkar interessant for deg, er dette tidspunktet for å støtte kampanja. Der finst ikkje so mange spel av denne typen, og der finst ikkje so mange utviklarar som Lori og Corey Cole. Dersom Hero-U blir ein moderat suksess, vil det bane vegen for fleire spel i serien, og dei har allereie planlagt ein del av historia for desse (slik dei òg gjorde med QFG-serien). Det neste spelet vil ha ein aspirerande kvinneleg "Wizard" som hovudperson, som eg gledar meg til å lære meir om.  :)

 



 

Kay

Endret av KayAU
Lenke til kommentar

Berre ei rask påminning: Det er no mindre enn 12 timar att til kampanja stenger. Det nøyaktige tidspunktet er klokka 0900 i morgon tidleg, so dersom nokon vurderar å støtte ho, er det på tide å gjere det. :)

 

Screensaver-1024x768_WineCellar_KS.jpg

 

EDIT: takka vere ein svært generøs PayPal-donasjon, er kampanja $10 000 forbi det som står på Kickstarter-sida. So måla "Wraith Lair" og "Sea Cave Boss" er definitivt innanfor rekkjevidde. :D

 

Kay

Endret av KayAU
Lenke til kommentar

Det trur eg vi får. :) No er det mindre enn ein time til kampanja er over, og målet "Wraith Lair" er nådd. Dei kjem til å åpne for å finansiere fleire strekkmål i nokre månadar framover, so eg reknar med at i alle fall "Sea Cave Boss" og "Temple of Gog" kan bli realiserte.

 

Kay

Lenke til kommentar
  • 3 år senere...

Ok, so denne tråden er steingammal, men eg vekker han opp at for å meddele at Hero-U: Rogue to Redemption no er ute! Spelet ser ut til å innfri forventningane til oss som støtta det, men har dessverre gått under radaren dei fleste stader.

 

For dei som er interesserte i eit unikt og uvanleg spel i liknande stil som QFG, kan dette vere verdt å sjekke ut. Spelet kan kanskje skildrast som ei blanding av eventyr, rollespel, og life-sim. Det er laga på eit lite budsjett, men det er tydleg at utviklarane har lagt hjarte og sjel i det. Det er tilgjengeleg på GOG og Steam:

Hero-U på GOG

Hero-U på Steam

 

Det har jamnt over fått gode tilbakemeldingar. Snittet av 85 omtalar på GOG er 4,5 av 5 stjerner. Av 105 som har vurdert det på Steam er 98 positive. :-)

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...