Gå til innhold
Trenger du råd om juss? Still spørsmål anonymt her ×

Urimelig høy kostnad ved bytte av låssylindre


Gjest Bruker-182691

Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse
Gjest Bruker-182691

Avtalen ser ut til å veldig greit dekke dette med kva det koster å få bytta låsen. Og at du blir fakturert for 5000 kr til tross for at den reelle rekninga viser 5132 kr må vell reknast som ein gunstig deal for din del.

 

Du kan sjølvsagt også sjekke om du har forsikringar som dekker tap av nøkkel. Dei reiseforsikringane som eg har sett dekker ofte kostnadane som følge av tjuveri av nøkklane dersom tjuveriet er politianmeldt, men eg har ikkje sett nokon som dekker utgiftene knytta til at nøkklane er mista. Det skader uansett ikkje å lese vilkåra i dine forsikringspapirer for å sjå det er noke å hente derifrå.

 

Eg ser også utifrå opplysningane i linken at du får låne nøkkel i opp til ei veke før du må betale for å bytte lås. Dersom du finner igjen nøkkelen før den tid så skal du sleppe å betale for skifting av lås. Har du fått denne tida til å leite etter nøkkelen før det blei bestilt låsesmed?

Sjølv om det er forseint no når jobben er gjort så burde du nok også søkt om å få lenger tid på deg, eventuelt å sleppe å skifte lås. Det er mulig at du ved å argumentere for at nøkkelen som blei mista var umerka og at nøkkelen var mista langt unna boligen sidan du var på ferie, at det derfor er så usannsynleg at ein eventuell uvedkommande som finner nøkkelen vil kunne finne rette låsen der nøkkelen passar. Med den argumentasjonen så kan det være at du hadde fått aksept for å kun betale for å få laga ein ny systemnøkkel.

 

Du kan også prøve deg med å sjekke opp prisane hos andre låsesmedar, og deretter prøve å argumentere med at studentsamskipnaden har valgt ei uforholdsmessig dyr løysning for deg, men heller ikkje der trur eg det er mykje å hente.

 

Jeg har letet i mange timer på området den var mistet, det var ingen nåde å få hos SiT. Søkte om både lengre tid (til jeg skulle flytte) for eks. men det var visst ikke ok. Jeg skal ihvertfall jobbe for å slippe å betale for ukjent hengelås til 1490 kr.. Det er helt urimelig. I tillegg har jeg spurt om å få det gamle sylinderet, håper det ikke er kastet.

Lenke til kommentar

Jeg skal ihvertfall jobbe for å slippe å betale for ukjent hengelås til 1490 kr.

Dersom det er bestillt inn ein hengelås som ikkje er knytta opp mot den nøkkelen som du har mista så er dette sjølvsagt noke som du ikkje skal betale for.

Så dersom prisen for hengelåsen er inkludert i den rekninga på 5132 kr så er det rimelig at du ikkje skal betale for hengelåsen og dermed sleppe unna med å betale ca 4000 kr.

 

Hva skal du egentlig med en sylinder du ikke har nøkkel til lengre?

Regner med at han har mista berre den eine av to utleverte nøkklar. Som om han får låsesylnderen så har han fortsatt ein nøkkel som passer til den.

Lenke til kommentar
Gjest Bruker-182691

 

Jeg skal ihvertfall jobbe for å slippe å betale for ukjent hengelås til 1490 kr.

Dersom det er bestillt inn ein hengelås som ikkje er knytta opp mot den nøkkelen som du har mista så er dette sjølvsagt noke som du ikkje skal betale for.

Så dersom prisen for hengelåsen er inkludert i den rekninga på 5132 kr så er det rimelig at du ikkje skal betale for hengelåsen og dermed sleppe unna med å betale ca 4000 kr.

 

Hva skal du egentlig med en sylinder du ikke har nøkkel til lengre?

Regner med at han har mista berre den eine av to utleverte nøkklar. Som om han får låsesylnderen så har han fortsatt ein nøkkel som passer til den.

 

 

2 faktisk :)

Lenke til kommentar
  • 6 år senere...
Monica Overman skrev (2 timer siden):

Får man faktura ved lås skifte av ytterdør?

Den som bestiller får sjølvsagt faktura, kven som må betale fakturaen er avhengig av eigarforhold, avtalar og eventuelle forsikringsvilkår. 

I saka omtalt i denne tråden så har studentsamskipnaden som eigar bestilt nye låsesylindrar og vidarefakturert til leigetakaren som gjennom leigeavtalen har forplikta seg til å dekke opp til 5000 kr ved tap av nøkkel. 

  • Innsiktsfullt 1
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...