Gå til innhold

Påløpt avkastning ved kjøp og sal av rentefond


Anbefalte innlegg

Dersom ein kjøper andeler i rentefond gjennom året vil kjøpet innehalde ein avkastningsdel som kjem fram som kjøpt påløpt avkastning. Tilsvarande ved sal av andeler. På årsoppgåva vil det verte korrigert for desse, slik at ein skattar for den reelle avkastninga ein har hatt på andelene i den tida ein har eigd dei. Vidare får ein ei realisasjonsoppgåve der det vert berekna gevinst/tap for dei andelene ein har selt, og dette kjem fram ved å samanlikne verdien (utan avkastningsdel) ved sal samanlikna med tilsvarande verdi då dei var kjøpte.

 

Det eg lurer på er følgjande: Er avkastningsdelen berre renter, eller inkluderer den i tillegg kursgevinstar og tap som er realiserte internt i fondet når fondet sel rentepapir? Eg reknar med at det siste er det som er rett.

 

Dersom det siste er rett skulle kjøpt og seld avkastning kunne gje eit bilete av kva som går føre seg internt i fondet. I mitt tilfelle er avkastningsdelen for andeler i Landkreditt Extra i mars 2015 (frå salsoppgåve frå VPS) omrekna til årsrente ein god del lågare enn tilsvarande var i midten av januar, og ligg langt under det som i følgje månadsrapportane skal vere effektiv rente i fondet. Dette tolkar eg som at fondet har realisert ein del av tapa sine i perioden, og at resten av tapa er urealiserte. (Fondet har gått elendig sidan september/oktober, og har også negativ avkastning sidan årsskiftet).

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...