Gå til innhold

Kredittkort - vert kontantuttak prioritert fyrst ved innbetaling?


Anbefalte innlegg

Hei!

 

Dersom ein brukar eit kredittkort til uttak i minibank og til varekjøp vil ein måtte betale renter for minibankuttaket frå fyrste dag. Dersom eg så gjer ei ekstra innbetaling for å dekke sjølve kontantuttaket, vil denne innbetalinga då verte knytt til kontantuttaket, eller må eg betale inn heile saldoen for å vere sikker på å sleppe renter.

 

I mitt tilfelle gjeld dette Gebyrfri Visa med kontantuttak på 500 kr. 25/2 og innbetalt same dag. På kontoutskrifta 28/2 står faktisk innbetalinga oppført før uttaket sjølv om den vart gjort etterpå, og til slutt står det oppført renter på 1,45 kr. Sjølv om rentebeløpet er lite tykkjer eg at det er litt for stort for å vere ein dag. Gongar eg denne renta med 365 dagar vert renta på 106%, reknar ein rentersrente vert ho mykje høgare.

 

Redigert: Rentesatsen er i følgje prislista 26,4%. 500*0,264*4/365 vert ganske nøyaktig 1,45 kr. Dette tykkjer eg var sleipt gjort av Gebyrfri.

Endret av torbjornen
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Det var eit godt spørsmål. Det er ikkje kvar dag eg les gjennom slike avtalar, og eg føler ofte at ein må ha juridisk kompetanse for å forstå dei, noko som eg ikkje innehar. I dette tilfellet er det vel dette som er gjeldande avtale:

https://gebyrfri.santanderkredittkort.no/globalassets/dokumenter/018_fullverdig_kredittavtale_01.12.2014_web_5sider.pdf

Det mest relevante ser ut til å vere punkt 7 på side 2, men heller ikkje dette gjev noko svar på spørsmålet mitt om prioritering.

 

Elles tykkjer eg at det er rart om ikkje praksisen er lik mellom ulike kredittkortselskap, og då vert spørsmålet om nokon her har erfaring med tilsvarande problimstilling enten hos Gebyrfri eller hos andre kredittkortselskap.

Endret av torbjornen
Lenke til kommentar

Det er ikkje sjølve beløpet som er problemet. Eg blir heller ikkje ruinert om eg ventar til den 20 med å betale. Årsaka til at eg spør er at eg ynskjer å vite korleis kortet fungerer i slike tilfelle, slik at eg slepp overraskingar seinare. Ynskjer svar som er on topic.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Det er jo bare én saldo på kortet. Man kan ikke bestemme om en innbetaling skal dekke et bestemt uttak eller et bestemt kjøp. Du får skaffe deg et kort til slik at du bruker et til kjøp og et til kontantuttak.

  • Liker 2
Lenke til kommentar

Så dersom ein brukar kortet til begge deler må ein betale inn alt for å sleppe renter? Det er forsåvidt greit, og då har eg lært noko nytt. Sidan det er vanleg med ulike reglar for kontantuttak og varekjøp tykkjer eg at det er merkeleg at ikkje denne problemstillinga er nemnt nokon stad. Eg meiner også at eg har gjort noko liknande ein gong før, og at eg då slapp renter. Men det kan hende at eg ikkje brukte kortet til varekjøp då.

 

Redigert: Dette var i 2010, og kortet var også då brukt til både varekjøp og uttak. Ein skilnad er at kortet ikkje var brukt månaden før, og heller ikkje same månad før aktuell dato. Men kortet var brukt til fleire varekjøp same dag, og innbetalinga er registrert med dato dagen etter. Den gongen vart det ikkje berekna renter i det heile teke. Så dette skal vere mogeleg å få til.

Endret av torbjornen
Lenke til kommentar

Det er ingen kodifisert lovregel om det, og finansavtaleloven overlater spesifikt dette til avtalen. I kredittavtalen skal det stå hvordan betalingstilfeller blir fordelt til forskjellige utestående saldoer med forskjellige rentesatser, jfr. finansavtaleloven § 46a første ledd bokstav f.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Vanligvis på kredittkort så har en jo en rentefri periode. Hvor lang denne er avhenger jo av når det blir brukt. Har du forfall den 20 og bruker kortet den 21 så er det gjerne rentefritt frem til den 20 igjen. Det av beløpet som ikke betales inn den 20 vil det da løpe renter på.

 

Ved kontantuttak så starter rentene å løpe samme dag som uttaket blir gjort.

 

Det jeg tror er kan være saken er:

 

Om du har 0 utensteånde den dagen du tar uttaket på kroner 500, og betaler inn dagen etter vil det løpe renter fra dagen du tok ut, og til virkedagen etter at betalingen ble utført.

 

Dersom du først tar ett varekjøp på kroner 2000 på en kaffetrakter, og så tar ut kroner 500 så vil innbetalingen på kroner 500 dekker 500 på kaffetrakteren. Du har da 1500 utestående fra varehgandel som er rentefritt frem til fordall, og 500 utestående for kontantuttak som renter seg fra dag en. Her må du da betale inn de 1500 før de 500 blir registrert som innbetalt. Det går helt sikker på rekkefølgen det er brukt når det kommer på innbetaling. Altså tar du ut penger først blir dette dekker over først, men kjøper du noe så blir dette dekket først?

Endret av kreps79
  • Liker 2
Lenke til kommentar
  • 2 uker senere...

Eg hadde tidlegare i dag ein hyggeleg samtale med ein kundebehandlar i Santander som forklarte korleis dette hang saman. Han ramsa opp ei rekkje med saldoar og korleis desse vert prioriterte i forhold til kvarandre, og eg ba han om å sende dette på epost. Den eposten har eg sålangt ikkje sett noko til, men essensen var noko slikt som at uteståande saldo frå forrige månad vert prioritert føre kontantuttak inneverande månad osv. Så dersom uttaket og den ekstra innbetalinga mi hadde blitt gjort før forrige månad var betalt (den 20.) ville innbetalinga ha gått med der, og ein ville altså fått renter. Men i mitt tilfelle (25/2) skulle innbetalinga ha gått til kontantuttaket om det ikkje var fordi den ekstra innbetalinga vart bokført same dag, medan uttaket ikkje vart bokført før dagen etter. Hadde eg venta til neste dag med innbetalinga hadde eg m.a.o. sloppe renter utover for den eine dagen.

 

Mi meining er at det burde finnast informasjon på heimesida til Gebyrfri der det klart går fram korleis dei ulike saldoane vert prioriterte ved innbetalingar. I følgje innlegg #9 er det då også eit krav om at dette skal gå fram av kredittavtalen.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

No har eg fått eposten, og rekkjefølgja er slik:

 

Innbetalingsrekkefølge (dekningsrekkefølge):
• Kontantrente som er fakturert og ikke betalt
• Varekjøpsrente som er fakturert og ikke betalt
• Fakturert kontantsaldo
• Fakturert varekjøpssaldo
• Kontantsaldo inneværende måned
• Varekjøp inneværende måned

 

 

I mitt tilfelle vart som sagt uttaket bokført dagen etter, dermed gjekk innbetalinga til dei fyrste varekjøpa inneverande månad. Vidare:

 

Det vil lønne seg ringe for total saldo inkl renter hvis det er tatt ut kontanter, om det skal belastet færrest mulig renter.

Rentene løper helt fram til innbetalingsdato, så det vil bli belastet renter i mars også.

 

 

Men med den sparerenta som er no svarar det seg nok like godt å betale inn alt framfor å ringe og spørje.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...