Zeph Skrevet 19. februar 2015 Del Skrevet 19. februar 2015 Mange brukar mykje tid framføre ein PC eller anna skjerm i dag, meg inkludert. Når sola går ned er det mindre lys i rommet og forskjell i lysstyrke frå ein PC-skjerm blir meir merkbart. Eg har i dag rundt 100W med lys ståande på i stova på kveldstid, der ein lampe er fokusert på veggen bak PC-skjermane. Sola er langt kraftigare og eg kjenner smerte i augene dersom eg ser på ein skjerm der store delar er lyst/kvitt. Augene mine er ganske lyssensitive og eg må ofte bruke solbriller utandørs for å ikkje måtte gå rundt som dette: På PC-en fann eg etter kvart ut at det fantes noko som heiter Userstyles. Kombinert med ein plug-in i nettlesaren kan du kort sagt endre på CSS-koden lokalt på din PC. Dvs. posisjonering av objekt på ei nettside, fargar, bilete osv. Ein populær måte å bruke dette på er å lage mørke versjonar av nettsidene ein brukar, for å gje mindre belasting på augene. Dette fungerer veldig bra, eg har lærd meg å lage userstyles sjølv til sider eg brukar mykje. Det er umogleg å få alt mørkt, spesielt når ein surfar mykje på andre nettsider, og dei lyse sidene blir då spesielt merkbare når ein normalt ser på mørke. (Chrome har ein irriterande funksjon der den flasher ein kvit bakgrunn når ein skiftar fane. Om nokon veit om det er mogleg å forhindre, rop ut!) Så til spørsmålet mitt. Kor mykje lys bør ein ha rundt og bak ein PC-skjerm for augene sin del? Lite lys, lite lys frå PC-skjerm og mørke nettsider? Mykje lys bak og rundt, som igjen fører til at lyse nettsider ikkje gjev like stor effekt? Betyr det i heile tatt noko eller er det mest snakk om komfort? Lenke til kommentar
Thor. Skrevet 19. februar 2015 Del Skrevet 19. februar 2015 500 lux på arbeidsbordet rundt tastatur er anbefalt lysstyrke ut ifra det jeg ser etter noen raske søk. Optimal belysning er ovenfra og rett ned på arbeidsbord + en flyttbar skrivebordslampe. Dersom lyset som belyser arbeidsområdet treffer øynene eller indirekte via refleksjoner i skjerm eller andre gjenstander kan dette bidra til økt irritasjon. Chrome-problemet har jeg liten kjennskap til men ser det er flere som plages med dette og som ikke har funnet noen fungerende løsning. Dersom arbeidet du gjør i mørket ikke er lyssensitivt kan programmet F.lux være noe for deg. https://justgetflux.com Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå