Gå til innhold
Trenger du skole- eller leksehjelp? Still spørsmål her ×

Nynorsk novelle


Anbefalte innlegg

Hei, jeg går VG1. Jeg har nettopp skrevet min første novelle siden 8 klasse. Vanligvis skriver jeg bare saktekster. Men her var jeg nødt til å skrive novelle. Lurte på om det er mulig å få rettet opp ord/setninger i teksten på nynorsk. I tillegg om det er noe mer jeg burde ha med? I tillegg trenger jeg hjelp med å få til en bra slutt. (Helst overaskende)

For sent.docx

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Hei! har faktisk rettet de fleste nynorsk feilene, typiske som der du skriver "henne" har jeg endret til "ho", og lignende. Har ikke laget noe slutt til deg, men som tips tror jeg du kan ta nytte av å bruke litt mindre punktum, og lage setningene dine litt lenger... Som sagt over, setningene gir litt lite mening ofte.

 

Her er teksten:

For seint

Eg kom inn i huset. På golvet la henna. Min egen mor. Ho var heilt bleik i hauden. Det såg ut som ho hadde ligge der ei stund. Pen som ho var. Eg fekk straks ein dårleg samvittighets følelse i kroppen min. Eg stod og skalv og fekk ein uro inne i meg. Eg kom til å tenke på kvelden i forkant. Kva eg kunne gjort annleis.

Dagen før hadde vi hatt ein krangel. Berre nokre dagar før hadde far min stukke av til Tyskland. Mor var rastlaus og sint, samtidig skuffa. Ho orka ingenting stakkars. Eg fekk ein telefon i frå far min i Göttingen. Han ville eg skulle flytte ned dit. Eg tenkte over moglegheitene og erfaringane vi kunne få der.

Dei neste dagane gjekk til å tenkje. Mor låg på sofaen med Bacardi ved sidan av. Ho drakk av sorg. Ikkje at dette var overraskande. Ho hadde alltid drukke litt vel mykje. Eg grubla og tenkte stadig meir. Kva skulle eg gjere? Flytte til Tyskland og forlate ei kvinne som nettopp hadde mista mannen sin. Eller bli for å passe på ho. Satse på at drikkinga ein dag vil ta slutt?

Eg grubla mykje. Forma til mor mi blei ikkje akkurat noko betre. På eit tidspunkt blei drikkinga eit problem for meg. Eg såg på bileter av Göttingen og kikka på skoler og attraksjonar i byen. Eg hadde bestemt meg. Det er på tide å flytte vekk. Mor mi har alltid elska og tatt godt vare på meg. Men livet går vidare. Eg må komme meg vidare. Men korleis skal eg sei dette til ho? Utan at ting blir verre for ho. Det var på tide å fortelje henna kva eg skulle gjere.

Ho låg i sofaen som ho elles hadde gjort. Eg gjekk bort, fortalte henne kva eg hadde tenkt å gjere. Ho blei stille. Det var ubehageleg. Stemma vart heva. Ho nekta meg i å dra frå ho. Ho innsåg ikkje henna var eit av problema. Dei siste dagane hadde eg laga maten, og vaska kler. Vi krangla til langt ut på natt. Det enda med at eg stakk av.

Utanfor kunne eg høyre sirenene og sjå blålysa til ambulansen. På plassen konkluderte dei med at ho var død. Noko eg eigentleg forstod då eg kom inn i huset. Der og då forstod eg ikkje kvifor ho døyde. Legane fortalte meg at ho hadde drukke alt for mykje. Eg tenkte at dette skjedde på grunn av krangelen vår i forkant. Kva kunne eg gjort annleis?

I dag veit eg at mor mi alltid hadde eit drikke problem. Ho nekta familie og vennar å hjelpe ho. Dette kunne skjedd når som helst. Når eg grublar tilbake i tid. Tenker eg på korleis mor mi var mot meg og menneska rundt ho. Ikkje minst veit eg kvifor far min drog.

Lenke til kommentar

Den rettinga der, er ikke helt bra, du.

 

Nå er det jo ts sin egen jobb å skrive korrekt nynorsk, men her er noen tips

 

Hauden??

Min egen mor

Ein uro

En del særskrevne ord, som du må sette sammen til ett ord.( fx drikke problem ...)

Og ordet "henna", hva i alle dager er det?

Endret av Badeand
Lenke til kommentar

Dette, trur eg, er det beste eg får til ut frå originalen:

 

For seint

Eg kom inn i huset. På golvet låg ho, mi eiga mor. Ho var heilt bleik i huden. Det såg ut som ho hadde ligge der ei stund. Pen som ho var. Eg fekk straks dårleg samvet. Eg stod og skolv og fekk ei uro i meg. Eg kom til å tenkje på kvelden før, kva eg kunne ha gjort annleis.

Dagen før hadde vi hatt ein krangel. Berre nokre dagar før hadde far min stukke av til Tyskland. Mor var rastlaus og sint, samtidig skuffa. Ho orka ingenting stakkar. Eg fekk telefon i frå far min i Göttingen. Han ville eg skulle flytte ned dit. Eg tenkte over kva som ville vere muleg og kva erfaringar vi kunne få der.

Dei neste dagane gjekk med til å tenkje. Mor låg på sofaen med Bacardi ved sida av seg. Ho drakk av sorg. Ikkje at dette var overraskande. Ho hadde alltid drukke litt vel mykje. Eg grubla og tenkte stadig meir. Kva skulle eg gjere? Flytte til Tyskland og forlate ei kvinne som nettopp hadde mista mannen sin? Eller bli for å passe på ho? Satse på at drikkinga ein dag ville ta slutt?

Eg grubla mykje. Forma til mor mi blei ikkje akkurat betre. På eit tidspunkt blei drikkinga eit problem for meg. Eg såg på bilete av Göttingen og kika på skular og attraksjonar i byen. Eg hadde bestemt meg. Det var på tide å flytte vekk.

Mor mi har alltid elska og tatt godt vare på meg. Men livet går vidare. Eg må komme meg vidare. Men korleis skal eg seie dette til ho? Utan at ting blir verre for ho? Det var på tide å fortelje ho kva eg skulle gjere.

Ho låg i sofaen som ho elles hadde gjort. Eg gjekk bort til ho og fortalte ho kva eg hadde tenkt å gjere. Ho blei stille. Det var ubehageleg. Stemma vart heva. Ho nekta meg i å dra frå ho. Ho innsåg ikkje at det var ho sjølv som var eit av problema. Dei siste dagane hadde eg laga maten, og vaska klea. Vi krangla til langt på natt. Det enda med at eg stakk av.

Utanfor kunne eg høyre sirenene og sjå blålysa til ambulansen. På plassen konkluderte dei med at ho var død. Noko eg eigentleg forstod då eg kom inn i huset. Der og då forstod eg ikkje kvifor ho døyde. Legane fortalte meg at ho hadde drukke alt for mykje. Eg tenkte at dette skjedde på grunn av krangelen vår i forkant. Kva kunne eg ha gjort annleis?

I dag veit eg at mor mi alltid hadde eit drikkeproblem. Ho nekta familie og venar å hjelpe seg. Dette kunne ha skjedd når som helst. Når eg grublar tilbake i tid, tenker eg på korleis mor mi var mot meg og menneska rundt ho. Ikkje minst veit eg kvifor far min drog.

Endret av Storøien
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...