Gå til innhold
Trenger du råd om juss? Still spørsmål anonymt her ×

Ferdsle rundt hytte i utmark - kva er lov og ikkje?


Garegaupa

Anbefalte innlegg

Hei, folkens!

 

Eg har ei lita problemstilling som eg har prøvd å finne ut av, men søk på nettet har så langt ikkje gjeve meg nokon heilt konkrete svar, så eg tenkte difor at eg ville høyre om det er nokon her som kan hjelpe meg å finne ut kva som er rett og ikkje.

 

Kort bakgrunn: Eg har ei hytte på fjellet (i utmark). For nokon år sidan vart det bygd eit hyttefelt ikkje så langt ifrå (men meir enn langt nok til at mi hytte ikkje er ein del av feltet). Dette har ført til ei temmeleg stor auke i trafikken av fotturistar i utmarka i nærleiken. Dette i seg sjølv ser eg på som berre positivt, men der er ein ting som irriterer meg kraftig: Det har blitt fleire og fleire folk som absolutt skal gå tur rett forbi inngangsdøra til hytta mi, og gjerne stoppe midt ute på tunet utanfor for å fotografere utsikta. Me måtte til og med ein gong jage nokon som skulle setje opp telt fem meter frå verandaen - og der er ikkje anna enn skog og hei i mils omkrins rundt, så det er ikkje akkurat trongt om plassen! Forstå det den som kan, eg gjer det i alle fall ikkje...

 

Uansett, eg har no sett meg så grundig lei på dette at eg ynskjer å få gjort noko med det (så langt eg kan, i alle fall). Planen min er å setje opp litt skilt og/eller gjerde for å prøve å kanalisere folk utanom eigedomen min - eller i det minste bak hytta viss dei absolutt må forbi der (der ligg eit punkt med rimeleg god utsikt ikkje så langt frå hytta, og eg gjeng ut frå at det er hit ein del folk søkjer).

 

Spørsmålet mitt er kva rettar eg har i høve til norsk lov med tanke på å avgrense ferdsle på denne eigedomen?

 

Eg gjorde eit søk på Google, og kom mellom anna over dette frå justorget.no (eg har klypt vekk det som ikkje er relevant for denne saka):

 

 

Som innmark anses:

 

  • Hyttetomter anses også som innmark. Grensen for hva som anses som tomt/innmarksareal er noe snevrere rundt hytter enn rundt bolighus.

 

Altså skulle det vere på det reine at hyttetomta er å rekne som innmark, sjølv om hytta i seg sjølv ligg i utmark. Hadde det ikkje vore for dette så hadde eg vel ikkje hatt nokon slags rett til å avgrense ferdsle på området grunna allemannsretten.

 

Det som er diffust her er kva som ligg i omgrepet "noe snevrere". Eg har ikkje klart å finne noko meir nøyaktig definisjon enn dette. Tomta er på rundt fem mål, vil dette då seie at ein ikkje kan rekne alt dette som innmarksareal?

 

Vidare stend det fylgjande om ferdsle på innmark, igjen frå justorget.no. Eg har utheva med raudt deg eg meiner er relevant:

 

 

Hva slags ferdsel og bruk tillates i Innmark?

Alle kan ferdes fritt til fots i innmark når marken er frosset eller snølagt. Dette gjelder uansett ikke i tidsrommet 30.04 – 14.10. Med ferdsel i denne sammenheng menes at man beveger seg til fots. Dog kan man ta korte stopp for å puste ut eller nyte utsikten.

 

Dette betyr at man ikke har rett til rasting, solbad, overnatting eller liknende, med mindre man har tillatelse fra grunneier eller bruker.

Ferdsel til fots er likevel ikke tillatt på gårdsplass, hustomt, inngjerdet hage eller park og for annet særskilt øyemed inngjerdet område hvor allmennhetens vinterferdsel vil være til utilbørlig trengsel for eier eller bruker.

Uansett inngjerding, føre eller årstid, kan eier eller bruker forby ferdsel over hage, plantefelt, høstsol åker og gjenlegg.

 

I sumarhalvåret ser det då ut som at saka er grei, då har ein rett til å nekte folk å ferdast på innmark viss eg forstår dette rett?

 

Om vinteren er det visst litt meir diffust, men eg synest no den andre delen eg har merkt med raudt er rimeleg klår den òg. No stend det ikkje hyttetomt spesifikt her, men eg gjeng då ut frå at omgrepet gardsplass/hustomt må vere dekkjande her? Eller inngjerda hage for den del, viss eg set eit gjerde rundt eigedomen?

 

Til slutt så stend det at ein ikkje kan setje opp telt nærare enn 150 meter frå hytter og liknande, så den saka er veldig klår og grei. Det er resten eg skulle ynskje var litt klårare definert.

 

Eg legg med ei lenkje til heile sida eg har sitert frå: http://www.jusstorget.no/article.asp?Key=2&FagKey=5

 

Viss eg set opp eit skilt med "privat hyttetun" eller noko tilsvarande der som vegen går inn til hyttetomta så reknar eg med at dei fleste vil respektere dette, men der er alltid nokon som skal ta seg til rette og gjere som det passar dei, og då vil eg gjerne vite så sikkert som mogeleg kva eg har rett til eller ikkje med tanke på å nekte dei åtgang, eller eventuelt bortvise dei frå eigedomen.

 

Så viss nokon her har nokon betre kjelder enn det eg har funne, eller har kunnskap/erfaringar på området så vert alle innspel mottekne med takk! :)

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Min bror hadde ett lignende problem for noen år siden, folk campet på hyttetunet, svinet det til noe jævligt enten han var der eller ikke, satt seg i hytteveggen for å sole seg og respekterte rett og slett eiendommen i liten grad.

 

Det som løste problemet for hannes del var i grunn å henge opp skilt om privat eiendom og ett skilt med at området var kameraovervåket (noe det ikke var) og at overtredelser vil bli politianmeldt. Han tok også å laget til ett lite område bortenfor hytten (noe han sikkert ikke egentlig hadde lov til) der folk kunne sette opp telt ol, satt opp noen bosspanner og skrev også på skiltet at området er tilrettelagt for camping.

 

Ikke har han hørt noen klager fra kommunen, ei heller har han hatt noe nevneverdige problemer viss man ser bort i fra at folk av og til trasker over eiendommen for å komme til stedet han har tilrettelagt for det.

 

En litt enkel løsning, men den har fungert bra mener nå han. Han fant noe hjemmel for å kunne ta det med lov og offentlig surr, men det hadde nok ikke ført særlig frem.

Endret av Priim
  • Liker 2
Lenke til kommentar

Takk for svar, folkens! :)

 

En litt enkel løsning, men den har fungert bra mener nå han. Han fant noe hjemmel for å kunne ta det med lov og offentlig surr, men det hadde nok ikke ført særlig frem.

 

Dette er rimeleg i tråd med det eg hadde tenkt òg - ikkje akkurat å opparbeide nokon "campingplass", men å setje opp eit skilt med "privat eigedom" eller noko i den duren, og så tilretteleggje for ei ny gangveg på baksida av eigedomen. Eg reknar med at dei fleste vil respektere dette og gå på denne nye vegen i staden.

 

Men eg ser føre meg at det er nokon som skal prøve seg, som vil hevde at dette går under allemannsretten, og så vidare. Dei fleste som er ute og går i skog og mark er greie folk, men ein møter av og til på nokon som tydelegvis trur at berre dei kjem ut på landet så kan dei gjere akkurat som dei vil, og at me som bur der helst skulle bukke i ærefrykt for dei...

 

Som sagt, det er eit fåtal som ramlar i denne sistnemnde kategorien - men du verda kor mykje desse få gjer ut av seg... :)

 

Som du seier så ser eg vel ikkje føre meg at det skjer stort viss ein skulle kome med lover og paragrafar og melde ting til Politiet - men eg vonar no i det lengste at eg kan få løyst saker og ting på meir minneleg vis. Det eg er mest ute etter er å få best mogeleg oversikt over kva som gjeld og ikkje gjeld, slik at ingen eventuell kranglefant kan "målbinde" meg i så måte.

 

Er hele eller deler av tomta opparbeidet på noen måte, i form av hage/plen e.l. ? I den grad tomten er opparbeidet og i bruk, vil jeg si det klart er innmark. Er det skog og villmark rett utenfor, er det noe annet.

 

Tja, det kjem an på kva ein legg i opparbeida. Der er eit berg rett utanfor verandaen som vart grave fram i si tid, og så er der i tillegg eit platå i same område som er inngjerda. Men "underlaget" er lyng og myr, det er ikkje sådd noko plen eller noko slikt.

 

Men når det er sagt så bør det vere rimeleg klårt og tydeleg for alle som kjem dit at dette er eit hyttetun, det er ikkje slik at ein berre går i skogen og så "snublar over" ei hytte. Det har heller aldri gått nokon turveg gjennom her, så det er ingen som kan hevde å gå der på "gammal vane" heller - utanom naboar og kjentfolk, då, men det er ikkje desse som er utfordringa. :)

 

Hadde det vore tvingande naudsynt å gå framføre hytta for å kome seg vidare ut i terrenget så kunne eg sikkert ikkje ha sagt så mykje, men her er det snakk om å gå ein omveg på kanskje 100 meter i ein boge bak hytta, så eg ville ikkje tru at dette var urimeleg av meg å krevje?

 

Når folk går på framsida av hytta, slik dei gjer per i dag, så må dei grunna terrenget gå så nære hytta at dei berre kan strekkje ut armen og klappe på verandarekkverket. Eg ville no tru at dette må kunne kallast å forstyrre privatlivets fred i alle høve - eg trur i alle fall det er få som ville akseptert at framandfolk tok seg til rette slik rundt ein vanleg bustad... :)

Endret av Garegaupa
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...