Gå til innhold

Siste Ordet 3


Ueland

Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Her er foreløpig utkast til stilen min, hvis noen har lyst til å kommentere. Den er enda ikke korrekturlest, og jeg kommer nok til å fikse litt på den, legge til litt, og omformulere en del etterhvert: Vad tycks, foreløpig?

 

--------

8. mars 2004

Heimestil i Norsk Sidemål

Av Richard Helskog, 2AAD

 

 

Oppgåve 2.

”Diskuter – det vil seie drøft – påstanden: Som eit av dei rikaste landa i verda bør Noreg kjenne eit ansvar for å hjelpe flest mogeleg flyktningar ved å gje dei opphald i landet.

Sei til slutt kva du meiner om dette.”

 

 

 

Faglærar: Helge Parnemann.

 

Noreg – ein velferdsstat?

 

Det er ei kjensgjerning at Noreg er eit av dei rikaste landa i verda. Sjølv om mange meinar annleis, er Noreg også eit av dei beste landa å bo i – om ein skal sjå objektivt på det. Vi tener meir og meir, og bruttonasjonalproduktet vårt er i verdstoppen. Det same kan vi si om FNs HDI-indeks, eit mål på levestandard. Vi har talla med oss.

 

Nett som eg her og skriv denne stilen, slår det meg kva for ein velferdsstat vi lev i. Ikkje berre har vi mange pengar og materielle godar, men vi lev i eit land fritt for krig og politisk uro. Så heldige er det ikkje alle som er.

 

Eg skjøner veldig godt kvifor mange menneske frå andre land velgjer å kome hit. Ikkje alle stader på jorda – faktisk veldig få – har innbyggarane det så bra som her. ”Ja til bra, nei til dårleg,” var det ein gang ein klok mann som sa. Det ligg naturleg for mennesket å søkje lykkja og eit betre liv. Difor er Noreg eit attraktivt land å flytte til.

 

I år er det eit hundreår sidan Wilbur og Orville Wright tok av med den fyrste flygemaskina. Denne oppfinninga, samt mange andre, skulle i dei neste hundre åra, krympe verda. Det som var utenkelig langt borte då besteforeldra mine var unge, er i dag rett utafor stovedøra. Ikkje berre er framande kulturar komen på middagsbordet og andre stader – politiske problem og spørsmål er også komen. Vi lever i ei røynd som ikkje kjenner nokre geografiske grensar – eg pratar meir om funna av vann på Mars enn eg gjer om frosten i jorda i hagen.

 

Nett som man hjelpte naboar før i tida, er man moralsk forplikta til å hjelpe naboar nå også. Kva er då ein nabo i dag? Er politiske flyktningar frå andre land å rekne som naboar? Skal ein lete vær å hjelpe naboar, fordi ein ikkje kjennar dei personleg? Kva med å byte ut ordet nabo med medmenneske? Mange meiner ein skal ta i mot med opne armar – mange meiner ein fyrst må berge seg sjølv. Eg trur folk flest vil hjelpe, men i kva for ein grad?

 

Det var ikkje før på syttitalet at dette blei eit politisk spørsmål. Då hadde dei fyrste pakistanarane begynt å kome hit til landet, etter at vi fikk eit behov for arbeidskraft. Etterkvart som dei begynte å bli fleire av, oppstod det eit behov for eit lovverk som kunne regulere innvandringa. Kva skal man tillate, og kva skal man ikkje? Sidan da har debatten rundt innvandringspolitikken gått slag i slag. Kor skal skiljet gå?

 

På den eine sida har vi dei som meiner at Noreg har nok med sitt, og at det ikkje er vår oppgåve i verdssamfunnet å hjelpe alle som har eit behov for det. Den andre ytterlegleiken er dei som meiner at Noreg må ta i mot alle som ynskjer å kome hit – fordi alle menneske er fødd like, og ingen kan lastas for å ha blitt fødd på ”feil” stad.

 

Som i alle politiske aspekt, har ein funne at ekstremisme ikkje er bra. Spørsmålet blir ikkje om ein skal sleppe inn innvandrarar, men kven som skal få sleppe inn. Skal ein sleppe inn krigsoffer? Skal ein sleppe inn politiske flyktningar? Religiøst forfølgde menneske? Kva med framandarbeidarar med høg utdanning? Kva med dei med låg utdanning? Skal ein sleppe inn lykkjesøkarar?

 

I den norske rikspolitikken har nok Framstegspartiet utmerka seg mest i innvandringsdebatten. Dei meiner at ein ikkje kan invitera hundre menneske og dekke bordet til ti. Meir konkret tyder dette at det kostar pengar å ta imot innvandrarar. Noreg er ein velferdsstat der ingen skal lide nød, og det kostar pengar å oppretthalde dette. Er det riktig at ein innvandrar som aldri har betalt ei krone i skatt til Noreg, skal få heve stønad? Dei typiske sosialistpartia ligg gjerne meir over til andre sida, og ynskjer å liberalisere innvandringa. Dei meiner det får koste kva det koste vil. Dei meiner at Framstegspartiet si løysing er for enkel – dette er ikkje eit problem som handlar om kroner og øyre. Pengane finst.

 

Det at pengane finst er jo ikkje noko nytt. Staten Noreg AS set om for enorme beløp kvart år, og det er ein dråpe i havet som går til å hjelpe innvandrarar og flyktningar. Kvifor kan vi ikkje berre ta meir pengar frå statskassa? Det som er vanskeleg å hugse på er at Noreg har eit statsbudsjett å rette seg etter. Kvar einaste krone som kjem inn i statskassa er befolkninga i Noreg si eigedom. Politikk handlar om prioriteringar – korleis vi, gjennom våre valde politikarar, disponerar våre felles midlar. Kvar einaste krone har eit formål – kvar krone vi bruker på noko, kan vi ikkje bruke på noko anna.

 

Om alle i Noreg gav fire kroner av lønna kvart år til å hjelpe innvandrar, ville vi ha hundre millionar kroner å bruke. Vi har hundre millionar kroner i statskassa, og vel så det, og vi kan bruke dei om vi ynskjer – men om vi skal ta hundre millionar kroner frå statskassa, vil vi ta hundre millionar som var meint å brukast på noko anna. Eit statleg norsk årsverk kostar i 2004 om lag fire hundre tusen kronar, og det er 250 årsverk. Kva om kuttet – det uunngåelege kuttet, som alltid kjem under ein omdisponering – kjem til dømes innanfor politistellet. Eg ser for meg overskriftene: ”250 årsverk skal vekk i politiet!”. Då ville det blitt ramaskrik, då.

 

Noreg er eit rikt land, som set om store midlar kvart år. Likevel synes det vanskelig å forstå, til tross for at Noregs befolkning er godt utdanna, at ein krone berre er ein krone. Det er riktig at staten Noreg har enorme summar på bok – men det må til. Det er ikkje billig å drive eit land. Det er vi som disponerar kva pengane skal gå til – om det norske folk skal lønnast for å bygge veger eller lære flyktningar norsk. Kor mange skal gjøre kva? Det er spørsmålet.

 

Om ein skal samanlikne oss med andre land på verdsbasis, kjem vi ut nokså liberalt. Japan er eit land som ofte blir samanlikna med Noreg – eit kaldt, værhardt lite land i Nord, med særeigen kultur og ein haug med pengar. I heile 2003 tok Japan i mot ti – 10 – flyktningar. Det er ikkje særskild mye, med tanke på at det bur om lag 130 millionar menneske der.

 

Eg meiner innvandring er ein stor belastning for Noreg – men også ein stor fordel. Mange middel som kunne vært brukt på ting som til dømes skole og eldreomsorg, forsvinn. Innvandrarar som kjem hit utan å integrere seg og gje noko tilbake til samfunnet gjennom skattar, kompetanse med vidare, har eg lite til overs for. Eg har forståing for at mange kan være skeptiske til våre nye landsmenn, og det kan sistnemnte ikkje lastas for. Her har vi ein stor jobb føre oss. Eg åtek nå dei som kjem hit og nyttar systema, utan å prøve å integrere seg og komme i arbeid. Dei tykkjer eg mindre om.

 

Eg tykkjer to grupper innvandrarar bør få opphald i Noreg. Som nemnt synes eg flinke menneske med ambisjonar om å verte integrerte og ta arbeid bør få fri leide. Den andre gruppa er dei som er politiske eller religiøse flyktningar. I tillegg til folkesuverenitetsprinsippet og maktfordelingsprinsippet, er grunnlova vår bygd på prinsippet om ytrings- og religionsfridom. Dette prinsippet støttar eg fullt ut. Her er det snakk om å skydde tankar og meiningar, noko fundamentalt. Dette tykkjer eg er svært viktig, og her blir det økonomiske aspektet mindre viktig.

 

Når vi fyrst er inne på religion og politikk, så seiast det at dette er dei to tinga ein aldri skal diskutera. Ein har diskutert innvandringsspørsmålet i over 30 år no, og ein er enda ikkje i nærheta av noko løysing. Det vil aldri komme nokon definitiv løysing på dette heller – det er eit for grunnleggande spørsmål. Inga svar er gale.

At Noreg må kjenne sitt ansvar som ein av dei rikaste nasjonane i verda, og ta i mot så mange flyktningar som mogeleg, er eg ikkje i tvil om. Om ein skal kløyve ord her, kan ein jo sjå på moglegheita ein har til å ta i mot flyktningar. Kor stor er denne? Kor stor vil vi at den skal være? Det er opp til oss. Eg tykkjer mest ho er fin slik ho er.

 

 

Kilder:

”The World Factbook 2003”, utgitt av Central Intelligence Agency, USA, hvert år.

------

 

 

bfisk

Lenke til kommentar

Åssen er formen etter festen da? Eg føler meg alltid råtten dagen derpå.

 

Anyways netopp kommet hjem fra en 3timer lang fjell tur med vofsene og noen kompiser. Vi tok med mat og brus og greier og koste oss. Hunden kommer nå til å sove noen timer i strekk tenker eg. Inatt ble det 2timer lang tur. Han kommer til å få fine muskler. :D

Lenke til kommentar

Hopp og hei! Nå tror jeg at jeg er sånn ca ferdig med stilen. Den finnes her, hvis noen gidder å lese over den. Trenger ikke å rette eller noe hvis dere ikke vil, men det hadde vært fint å få litt tilbakemeldinger. Går på VK1 almenne, økonomiske og administrative fag. Nynorsk.

 

bfisk

 

Edit: hvis noen vil se over rapporten min om spesifikk varmekapasitet for kleberstein, så ligger den her :)

 

Edit2: Chicane - Honey (Tiesto club mix) er så sinnsykt genial

Endret av bfisk
Lenke til kommentar
Gjest
Dette emnet er stengt for flere svar.
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...