Gå til innhold

Nye hodetelefonar, 1000-1500


Anbefalte innlegg

Hei, har sett på ein del andre trådar om denne prisklassen, men har nokre litt spesifikke spørsmål og åpnar derfor eigen tråd.

Budsjett: 1000-1500, kanskje litt meir for eit bra kjøp

Type: lukkede, semilukket, støyreduksjon (?)

Bruksområde: I hovudsak brukt til musikk, men meir til reise (daglege buss/tog-reiser på nesten ein time, og reiser ofte langt med båt/bil) og oppgåver som grassklipping, støvsuging og kanskje maling. Også ofte brukt til ventrilo/teamspeak (raiding), men her spelar ikkje lyd noko rolle (har modmic).

Tillegsinfo: Høyrer mest på ulike formar av rock, frå klassisk rock til 80s heavy metal til norsk black metal. Også litt klassisk musikk og lydspor frå film og spel.

Hvilket lydbilde liker/ønsker du? Ekstra bass? ren lyd? studio lyd? Har eigentleg eit dårleg øyre for kvalitet: eg merker ikkje stor forskjell frå billig dritt som Koss Porta Pro eller slike øyrepluggar ein får gratis med mobiltelefonar til relativt dyre hodetelefonar til fleire tusen kroner. Men dei to siste hodesetta eg har hatt var ikkje særleg for rock/metall, veit ikkje om dette er pga. for låg bass eller kva.

Evt kilde: Hodetelefonane skal koblast til mobiltelefon meir enn PC, og eg har ikkje planar om å kjøpa forsterkar.

Hva har du ifra før, trives du med det?
Dei siste 5-6 åra har eg gått gjennom ganske mange hodetelefonar. Dei siste har vore Beyerdynamic T50 P 32 Ohm, som eg kjøpte i 2011, som gjekk i stykker etter mindre enn eit år, og Beyerdynamic T70 250 Ohm, som eg fekk som erstatning etter reklamasjon men som slutta å virka etter sist veke (med tanke på at det er 3 år sida eg kjøpte T50 P, antar eg at det ikkje lenger er vits å prøva å reklamera). Problemet med begge (og tidlegare hodetelefonar for øvrig) var at lyden slutta å virka i den eine klokka, avhengig av bevegelsar i kabelen. Det er muleg at dette har samanheng med at mobiltelefonen min (Samsung Galaxy s2) har har inngang oppe i stadan for på bunnen av mobilen, som gjør at det blir litt klemt i lomma.

Begge desse hodetelefonane var gode å ha på øyra, sjølv om T70 var ubehageleg store (kunne ikkje ha dei rundt halsen) og upraktisk å ha med seg på buss, til grassklipp osv., også pga. ein veldig lang og tjukk kabel (visst nok " mini stereo jack plug (3.5 mm) & 1/4" adaptor (6.35 mm)"). Altså er ein mindre kabel nesten eit must i forhold til å bruka den "på farta". Begge hodetelefonane var ikkje gode til rock og metal, kanskje betre eigna til klassisk.

Eg har sett litt på anbefalingar, og Audio-Technica ATH-M50 + M50X, og ikkje minst Beyerdynamic DT-770 Pro 80 Ohm ser ut som aktuelle val. Det eg stussar på er om kablane er like upraktisk til bruk utanfor huset som T70 kabel? Fleire nettbutikkar gir same mål som T70 , og eg duger ikkje til å gjera endringar sjølv. I tillegg er eg litt skeptisk til enda ein Beyerdynamic etter å ha gått igjennom to dyrare par på så kort tid, sjølv om DT770 80 Ohm ser ut til å ha betre bass.

Sagt på ein setning: eg treng hodetelefonar som er av høg kvalitet men egnar seg til rock, er komfortable og haldbare til bruk utanfor huset, og dei skal helst kosta godt under to tusen kroner.

EDIT: Det var T70 eg hadde, ikkje T70 P...

Endret av Uncreativex
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

 

 

Med tanke på dine erfaringer, så ville jeg i alle fall satset på hodetelefoner med avtakbar kabel, eventuelt noen som er enkle å jobbe med dersom du selv må bytte kabel.

 

Sikkert eit godt råd, men det ser ikkje ut til å vera mange av desse. I alle fall har ikkje prisguide noko kategori for slike ^^

 

Hei. Anbefaler Head-fi.org for lesning om hodetelefoner.

 

Mest sannsynlig kan du nappe ut T70P kabelen og bytte den ut med en ny en. Hvis du ikke orker, så er DT770 god, bygd som en tanks.

 

Har lest ein del frå head-fi og andre, men det meste ser ut til å vera perspektiv frå dei som brukar hodetelefonar i studio, med amp osv., ikkje "på farta".

 

Jo meir eg les jo meir ser det ut til at DT770P 80 Ohm er eit naturleg val, men det ser ut til at dei er nesten identiske med T70 modellen og har same problem om enn kanskje betre lyd, dvs. ein ikkje kan ha dei rundt halsen, og at kabelen er både tjukk og ekstremt lang. Eller?

 

Ser at hifiklubben har sal på Bower & Wilkins P5, til 1700 kr (meir enn eg tenkte å bruka, men om eg skal få DT770P 80 frå ein respektert nettbutikk må eg nok ut med 1600 kr med frakt...) Det er visst ein hifiklubben butikk i Bergen, så eg tenkte å muligens prøva dei, dersom DT770P 80 er like ueigna til mobilt bruk som T70. Nokon som har erfaringar med desse?

Lenke til kommentar
Sikkert eit godt råd, men det ser ikkje ut til å vera mange av desse. I alle fall har ikkje prisguide noko kategori for slike ^^

Begynner å bli ganske vanlig faktisk, spesielt i 1500kr+ klassen, M50x er i så måte et eksempel på nettopp denne utviklingen. Man får gjerne også med en kabel med mikrofon til bruk med mobil.

 

Du må ikke finne på å bruke prisguide :mrgreen: den har blitt parkert for mange år siden av http://www.prisjakt.no/category.php?k=148#rparams=l=s175259137

Lenke til kommentar

Endte opp med å kjøpa Bowers & Wilkins P-5. Lyden i dei er nok dårligare enn DT770 P 80/32 Ohm, med eller utan amp, og dei var eit par lappar dyrare sjølv om dei neppe har betre byggekvalitet, men P5 ser ut til å vera betre å ha rundt halsen, og har avtagbar kabel.

 

Takk for svara.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...