Gå til innhold

Interesse for deltaking i dataspelegruppe basert på kristent verdigrunnlag?


Anbefalte innlegg

Hei, folkens!

 

Eg vonar dette er rette forumet å plassere eit innlegg som dette her i, eg kunne i alle fall ikkje kome på nokon betre plass i farten! :)

 

Grunnen til at eg skriv dette innlegget er at eg for eit par månadar sidan meldte meg inn i ei dataspelegruppe som heiter The Seraphim, sidan eg spelar eit online-spel som heiter Mechwarrior Online og ynskte å finne ei gruppe som passar for meg. Dette er ei gruppe basert på eit kristent verdigrunnlag, og eg har funne meg veldig godt til rette der, og trivst med å spele i lag med dei andre medlemene.

 

No er det slik at The Seraphim har flest medlemer frå USA, men ynskjer å få med fleire frå Europa, ettersom det stundom kan verte ein del utfordringar i forhold til tidsforskjellen. Leiinga i gruppa har difor bede nokon av oss få europeiske spelarar om å "reklamere" litt for gruppa i våre respektive område (me har medlemer i mellom anna England og Tyskland, forutan ikkje-europeiske land som Sør-Afrika og Filippinane).

 

For å begynne i den enden så er det absolutt ikkje noko krav om å vere kristen for å vere medlem av The Seraphim. Både ateistar, agnostikarar og medlemar av andre religionar er med her. Einaste kravet er at ein kan akseptere gruppa sitt regelverk (som er, som sagt, basert på eit kristent verdigrunnlag). Dette går i all hovudsak på at dei ikkje godtek bannskap, "trolling" eller grovt språk i gruppa sitt diskusjonsforum, TeamSpeak-server og elles når ein spelar. Dei ynskjer å ha ei familievenleg atmosfære, og når ein ser på det så er i grunnen ikkje krava strengare enn at ein er innføre viss ein fylgjer alminneleg folkeskikk og er høfleg i møte med andre. Dermed vil dette kunne vere ei interessant gruppe for dei som er lei av den ofte svært ufine tonen ein finn i mange online-spel (eg veit i alle fall at eg sjølv ofte har blitt meir enn forsynt av dette).

 

Det er heller ikkje berre Mechwarrior Online gruppa driv på med, dei har medlemer som spelar mellom anna War Thunder, Star Wars: The Old Republic, Elder Scrolls Online, Minecraft, DayZ, ArcheAge og Star Citizen. Dei hadde ei World of Tanks-gruppe før, men denne trur eg er meir eller mindre nedlagd (sjølv om enkelte spelarar nok framleis er involverte i dette). Dette er heller ikkje alle spela me har på agendaen, eg veit mellom anna at nokon medlemer prøvar å få til ei World of Warcraft-gruppe.

 

Viss det er nokon som tykkjer dette høyrast interessant ut å sjå nærare på så finn de nettsidene til gruppa her: http://www.seekhim.com/

 

Alternativt så finn de ein del informasjon i tråden til The Seraphim i det offisielle Mechwarrior Online-forumet: http://mwomercs.com/forums/topic/116308-the-seraphim-a-no-profanity-guild/

 

Elles så er det sjølvsagt berre å spørje meg viss det er noko de lurar på, enten direkte her i tråden eller på PM, så skal eg svare så godt eg kan! :)

 

Ha ein fin dag vidare!

Endret av Garegaupa
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

For å begynne i den enden så er det absolutt ikkje noko krav om å vere kristen for å vere medlem av The Seraphim. Både ateistar, agnostikarar og medlemar av andre religionar er med her. Einaste kravet er at ein kan akseptere gruppa sitt regelverk. Dette går i all hovudsak på at dei ikkje godtek bannskap, "trolling" eller grovt språk i gruppa sitt diskusjonsforum, TeamSpeak-server og elles når ein spelar. Dei ynskjer å ha ei familievenleg atmosfære. Dermed vil dette kunne vere ei interessant gruppe for dei som er lei av den ofte svært ufine tonen ein finn i mange online-spel (eg veit i alle fall at eg sjølv ofte har blitt meir enn forsynt av dette).

 

I så fall er det nok like greit å ikke markedsføre gruppa som en "kristen dataspillgruppe" men bare en gruppe der man forventer vanlig folkeskikk fra deltagerne, ellers skremmer man bare bort folk unødig.

  • Liker 8
Lenke til kommentar

 

For å begynne i den enden så er det absolutt ikkje noko krav om å vere kristen for å vere medlem av The Seraphim. Både ateistar, agnostikarar og medlemar av andre religionar er med her. Einaste kravet er at ein kan akseptere gruppa sitt regelverk. Dette går i all hovudsak på at dei ikkje godtek bannskap, "trolling" eller grovt språk i gruppa sitt diskusjonsforum, TeamSpeak-server og elles når ein spelar. Dei ynskjer å ha ei familievenleg atmosfære. Dermed vil dette kunne vere ei interessant gruppe for dei som er lei av den ofte svært ufine tonen ein finn i mange online-spel (eg veit i alle fall at eg sjølv ofte har blitt meir enn forsynt av dette).

 

I så fall er det nok like greit å ikke markedsføre gruppa som en "kristen dataspillgruppe" men bare en gruppe der man forventer vanlig folkeskikk fra deltagerne, ellers skremmer man bare bort folk unødig.

 

 

Eg fylgjer tankegangen din, men sidan gruppa er bygd på eit kristent grunnlag så vert det naturleg å nemne dette. Noreg er eit kristent land med ei statskyrkje som er open for alle, og eg kjenner mange som går i kyrkja sjølv om dei ikkje er personleg kristne av di dei trivst med stemninga der, eller tradisjonane som ligg bak. :)

 

Beklager, men veldig få gamere spiller et spill uten å banne en gang eller 2, da skal de være ganske så hjernevaska i hvert fall, men lykke til.

 

Seier du det - eg må vere rimeleg hjernevaska eg, då... :p

 

Dessutan, alle kan gløyme seg vekk ein gong i ny og ne, og ein vert ikkje sparka tvert ut viss ein forsnakkar seg ein gong, då må det skje fleire gonger. Men uansett så vil nok ikkje ei gruppe som dette tiltrekkje seg dei som likar å uttrykkje seg i meir... fargerike former uansett. ;)

 

Uansett, takk for lykkeynskinga, og ha ein fin dag vidare! :)

Endret av Garegaupa
  • Liker 1
Lenke til kommentar

Hvorfor bruke religion som et skille for en dataspillgruppe?

Evt "vi som spiller dataspill og bruker Colgate, men ikke Solidox"...

 

Det har med grunnleggjarane av gruppa å gjere, og deira overtyding og grunnsyn. Det vart naturleg for dei å leggje dette opp som ei kristen gruppe, men dei ynskjer likevel at alle som vil og som kan stå inne for reglane i gruppa skal vere velkomne, uansett livssyn og bakgrunn.

 

(Sjå dessutan svaret mitt til Spartapus ovanfor.)

Lenke til kommentar

Spartapus og Pop: Eg funderte litt over det de sa, og har endra litt på formuleringa av både emnefeltet og innhaldet i det opphavlege innlegget slik at bodskapen (vonleg) kjem betre fram i forhold til det som er The Seraphim sin intensjon.

 

Takk for innspela så langt, folkens! :)

Endret av Garegaupa
Lenke til kommentar

Jaja, jeg vet ikke om det var noen forbedring. :p Jeg ville bare fjernet "basert på kristent verdigrunnlag" helt og heller nevnt hvilke spill det gjelder, og så lagt til en setning i hovedinnlegget om at god oppførsel forventes og at gruppen tar avstand fra den ukulturen som herjer blant mange gamere på nettet, helt uten å bruke religion som et utgangspunkt.

 

 

Beklager, men veldig få gamere spiller et spill uten å banne en gang eller 2, da skal de være ganske så hjernevaska i hvert fall, men lykke til.

 

Tja, det er en ting å uttrykke frustrasjon når noe går galt for en, men når man spiller online med mikrofon er det ikke så rent sjelden man blir sittende under en kontinuerlig strøm av referanser til kjønnsorganer og diverse måter å ha sex på, og jeg kan ikke si jeg har støtt på noe lignende i noen annen konkurransesammenheng.

  • Liker 2
Lenke til kommentar

Eg seier nok ein gong takk for innspel, Spartapus! :) Eg fylgjer resonnementet ditt, men let innlegget stå slik det er no. Så får me sjå om det var ei forbetring eller ikkje... ;)

 

Verdigrunnlaget kjem uansett så klårt og tydeleg fram på The Seraphim sine nettsider at eg ikkje ser nokon grunn til å leggje skjul på det her i denne tråden.

 

Ha ein fin dag vidare!

Endret av Garegaupa
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...