donkeyface Skrevet 15. mai 2014 Del Skrevet 15. mai 2014 tenkte jeg skulle lage en tråd for oss som har kommet opp i eksamen i matte 2p. Her kan vi gi hverandre råd og veiledning Lenke til kommentar
donkeyface Skrevet 15. mai 2014 Forfatter Del Skrevet 15. mai 2014 Jeg tror det det som er viktig å lære seg (i hvertfall i del 1) er gjennomsnitt, medias, typetall, variasjonsbredden og standardspråket. Noe annet du anbefaler å kunne godt. Lenke til kommentar
donkeyface Skrevet 15. mai 2014 Forfatter Del Skrevet 15. mai 2014 Ops, mente selvfølgelig standarform og ikke standardspråket :-p Lenke til kommentar
donkeyface Skrevet 15. mai 2014 Forfatter Del Skrevet 15. mai 2014 LÆREPLANEN: Tal og algebra i praksis Hovudområdet tal og algebra handlar om å utvikle talforståing og innsikt i korleis tal og talbehandling inngår i system og mønster. Med tal kan ein kvantifisere mengder og storleikar. Tal omfattar både heile tal, brøk, desimaltal og prosent. Algebra i skolen generaliserer talrekning ved at bokstavar eller andre symbol representerer tal. Det gjev høve til å beskrive og analysere mønster og samanhengar. Algebra blir òg nytta i samband med dei andre hovudområda. Mål for opplæringa er at eleven skal kunne rekne med potensar og tal på standardform med positive og negative eksponentar, og bruke dette i praktiske samanhengar rekne med prosent og vekstfaktor, gjere suksessive renteberekningar og rekne praktiske oppgåver med eksponentiell vekst Statistikk Statistikk omfattar å planleggje, samle inn, organisere, analysere og presentere data. I analysen av data høyrer det med å beskrive generelle trekk ved datamaterialet. Å vurdere og sjå kritisk på konklusjonar og framstilling av data er sentralt i statistikk. I sannsynsrekning talfester ein kor stor sjanse det er for at ei hending skal skje. I kombinatorikk arbeider ein med systematiske måtar å finne tal på, og det er ofte nødvendig for å kunne berekne sannsyn. Mål for opplæringa er at eleven skal kunne planleggje, gjennomføre og vurdere statistiske undersøkingar berekne og drøfte sentralmål og spreiingsmål berekne og gjere greie for kumulativ og relativ frekvens, representere data i tabellar og diagram og drøfte ulike dataframstillingar og kva inntrykk dei kan gje gruppere data og berekne sentralmål for eit gruppert datamateriale bruke rekneark i statistiske berekningar og presentasjonar Modellering Hovudområdet kultur og modellering gjev eit overordna perspektiv på faget matematikk. Hovudområdet beskriv den logiske strukturen i faget og viser historia og den kulturelle rolla til faget. Modellering er ein fundamental prosess i faget, der utgangspunktet er noko som verkeleg finst. Dette blir beskrive matematisk med ein modell som blir bearbeidd, og resultata av det blir tolka i lys av den opphavlege situasjonen. Mål for opplæringa er at eleven skal kunne gjere målingar i praktiske forsøk og formulere matematiske modellar på grunnlag av observerte data analysere praktiske problemstillingar knytte til daglegliv, økonomi, statistikk og geometri, finne mønster og struktur i ulike situasjonar og beskrive samanhengar mellom storleikar ved hjelp av matematiske modellar utforske matematiske modellar, samanlikne ulike modellar som beskriv same praktiske situasjon, og vurdere kva for informasjon modellane kan gje, og kva for gyldigheitsområde og avgrensingar dei har bruke digitale verktøy i utforsking, modellbygging og presentasjon Funksjonar i praksis Ein funksjon beskriv endring eller utvikling av ein storleik som er avhengig av ein annan, på ein eintydig måte. Funksjonar kan nyttast til å lage matematiske modellar av praktiske samanhengar. Hovudområdet funksjonar i praksis handlar om å bruke funksjonar til å beskrive og analysere situasjonar frå daglegliv og arbeidsliv. Mål for opplæringa er at eleven skal kunne bruke digitale verktøy til å undersøkje kombinasjonar av polynomfunksjonar, rotfunksjonar, potensfunksjonar og eksponentialfunksjonar som beskriv praktiske situasjonar, ved å bestemme nullpunkt, ekstremalpunkt og skjeringspunkt og finne gjennomsnittleg vekstfart og tilnærmingsverdiar for momentan vekstfart Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå