enixitan Skrevet 28. februar 2014 Del Skrevet 28. februar 2014 (endret) Eg har no fullført to veker med Stronglifts 5*5, utan å ha drive med noko form for styrketrening tidlegare. Eg er 178 cm høg, gjorde ein grei innsats i 2013 og gjekk frå 101 kg til 80 kg. Spørsmålet no er kva eg burde forvente at skjer med kroppsvekta. Eg har vore stabil rundt 79-80 sidan midten av januar, utan å føre stålkontroll på noko som helst. Målet med styrketreninga er kun å bygge styrke, burde eg rekne med at vekta går opp, ned eller står tilnærma stille? Vekta styrer eg jo naturlegvis med kosthaldet, men kan eg rekne med å ha eit kaloriinntak på vedlikehaldsnivå, og likevel kunne følgje progresjonen i styrketreninga? Eller vil eg stoppe opp så fort "nybegynnareffekten" tek slutt? (Nybegynnareffekten forstår eg som at ein nybegynnar vil kunne bygge styrke i starten nesten uansett kva ein gjer med kosthald, kvile o.l., i ein viss tidsperiode. Eg veit ikkje heilt kvar eg har det frå, eg bare veit at eg har lest noko slikt. Det kan godt vere bro-science eg har plukka opp ufrivillig frå eit Google-treff.) 80 kg er ikkje noko magisk tal eg vil halde meg på, over eller under. Eg har gått ned ein heil del, likevel er eg på ingen måte tynn, så eg har ikkje noko behov for å legge på meg meir enn muskelmassen. Endret 28. februar 2014 av enixitan Lenke til kommentar
sondrejens1 Skrevet 7. mars 2014 Del Skrevet 7. mars 2014 Det stemme at nybegynnere vil kunne bygge muskler og gå ned i fettprosent ved et kaloriunderskudd eller ved et vedlikehold av vekta. Det du kan forvente kommer an på kostholdet. Kaloriunderskudd: ned i fettprosent, økning i muskelmasse. Vedlikehold: nokså det samme, mer styrke, men går mindre ned i fettprosent. Kalorioverskudd: mest effektive måten å bygge styrke, fettprosenten vil nok være den samme eller øke.. Kommer an på overskuddet! På underskudd spis -500 kcal av TDEE. Ved vedlikehold spis TDEE og +500 ved overskudd. Etter en stund vil denne nybegynnereffekten avta og du ville måtte spise i underskudd for å gå ned i fett% og overskudd for å bygge muskler. Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå