Gå til innhold

Anbefalte innlegg

Hei! Eg har søkt litt rundt på nettet for tips om kva for nokre specs ein bør ha for dedikerte spelservarar i heimen, men utan stort hell. Eg søker derfor hjelp her på forumet. Det lille eg har funnet ut er at ein treng ein god prosessor og ein del ram. Server-pcen vil hovudsakeleg bli brukt til minecraft server, garry's mod server, teamspeak server og kanskje hosting for ein nettside.

 

Nokon spørmål eg lurar på er:

 

1)Er det best å bruke ein ordentleg server prosessor som intel xeon eller amd opteron eller å bruke «vanlege» prosessorar?

 

2)Er det betre med ein rask cpu eller ein med mange kjerner? (Eg har planar om å kjøre fleire serverar samtidig.)

 

3)Kor mykje ram treng ein? Eg har lest på nettet at ein god prosessor gjer at ein treng mykje mindre ram. Derfor står det nok mellom 8GB eller 16GB. Er det ein fordel å bruke ECC ram dersom det er mogleg?

 

4)Kor raskt internett bør ein ha? Eg har no 25/25 frå telenor. (Vil ikkje ha så mykje meir enn maks 10 spelarar i starten, men det kan hende det vil auke.)

 

5)Er det mykje fordel i hastigheit med bruk av ssd i forhold til hdd? Vil ein ssd ha for liten lagringsplass?

 

6)Eg vil at kabinettet skal vere lite, slik at m-itx er den ønska formfaktoren. Kabinettet bør vere kjølig og PSUen bør trekke lite straum, med tanke på at serveren skal stå på 24/7. Er det då aktuelt med eit htpc kabinett?

 

7)Kva for eit operativsystem bør ein bruke? Windows, windows server, ubuntu, ubuntu server eller andre linux operativsystem?

 

Eg vil hovudsakeleg ha svar på spørsmåla mine, men eg er og open til forslag om komponentar. Eg vil prøve å kjøpe dei fleste komponentane brukt for å spare pengar. Budsjettet ligg på mellom 3000-4000 kroner. Eg trur nok det er fleire som lurar på dette og ønskjer seg ein server i heimen i staden for å betale månadleg for ein server på ein nettside. Ønskjer helst svar frå nokon som har erfaring med å bygge ein dedikert gaming server. Du treng ikkje å svare på alt, men gi meg litt tips her og der.

 

På førehand, takk!

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...