Gå til innhold

[Løst] Android i lavare prissjikt for uteknisk bruker


Anbefalte innlegg

Hei!

Presterte å knuse skjermen på min LG P500 i går, men sidan den uansett var blitt litt sliten og det sjelden lønnar seg å reparere mobiler, er eg på utkikk etter ein ny android-mobil.

Mobilen skal berre brukast til ringing/SMS, samt at det er kjekt å ha den som vekkarklokke :p
Finst ikkje det minste teknisk interessert, men samtidig er det greit å kjøpe noko som ikkje er heilt utdatert, slik at ein plutseleg sitt med ein mobil som produsenten ikkje tilbyr oppdateringar til...
Eg har følgjande kriterium:

- Pris maks 1300,-
- God batterilevetid
- Relativt lav vekt er eit pluss (130g?)
- Kan gjerne vere robust, dersom det er mogleg i dette prissjiktet.
- Ikkje for liten skjerm, er ikkje 4+ greit?
- Bra tastatur på skjermen, kjedeleg med tastatur der ein får mange feiltastingar pga at tastar sitt for tett eller har dårleg reaksjon.
- Bra internminne eller medfølgjande minnekort. Min gamle mobil hadde internminne på 256 MB, det var litt lite :p
- Dei fleste mobilar blir vel levert med kamera idag, men når ein først skal ha det, så skal det helst ikkje vere under 3 MP.
- Gjerne innebygd GPS og radio.

- Ser ikkje for meg å spele av videoar eller liknande på mobilen.
- Vil kjøpe den på nett, spelar liten rolle kor hen, så lenge det IKKJE er via Expert.
- Det er vel ein fordel å kunne bruke siste versjon av Android, iallefall ikkje 2-3 hakk "eldre" enn siste skrik?
- Apple er uaktuelt (til min pris var vel kanskje det umogleg uansett?), skeptisk til Nokia eller Motorola.


Har gjort litt undersøkingar sjølv, og vurdera ZTE Blade III eller Huawei Ascend Y300.
Har Blade III blitt litt gammal?
Huawei verkar lovande (såg på fleire modellar), men har jo eit eige operativsystem, som visstnok er litt knotete i forhold til "vanleg" Android?
Er ikkje så opptatt av apper, men er fornøyd om eg kan operere diverse billetkjøpsapper og andre praktiske ting på min mobil, spel er heilt uinteressant.

Er dette nok informasjon? :)

På førehand takk! Og god helg!

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...