mariellroald Skrevet 26. september 2013 Del Skrevet 26. september 2013 Hei! Har skrevet en novelle i samerbeid med en novellesamling på skolen. Lurer på andre sine meninger, er sånn halvveis fornøyd med resultatet selv. Hva synes du? Stillheita er der alltid, men kven andre er der saman med den? Der sto eg, og såg ned i havet. Det var kaldt ute og klippeveggen var kald og våt etter den regnfulle natta før. Dei harde, spisse småsteinane klora meg under foten. Det var smerte for meg, småstein. Gråten kom før eg sjølv kunne merke den. Eg stod der, med ei rose i handa og gråt ned i havet. Ho var begravd no, mellom snø og jord. Mamma hadde alltid vore så levande. Ho hadde alltid vore så sprudlande. Bestemor har alltid fortalt om at ho løp i den store hagen deira. Med rosa sko, med hjerter på. Ho lo mykje, ho smilte og laga liv. Ho var lykkeleg då, med to foreldre som passa på ho. Ho var glad. Eg ser for meg det blanke håret, som løfter seg opp av kvart vindpust som kjem mot ho når ho huska. Berre følelsen av det å sjå skumringar i drømmane mine på natta ga meg ein metta følelse. Eg og mor har alltid vore ilag. Eg har alltid vore den personen som har gjømt seg frå samfunnet. Redd for menneske. Eg er redd for å knytte meg til menneskje, dei drar berre frå meg uansett. Eg såg mot stjernene. Himmelen var rikare no. Gud hadde tatt til seg ein av mine englar. Mor mi hadde fått kreft berre en månad før ho døde. Ho døde av den hjelpen som skal gjere deg frisk. Ho kjempa kampen, men tapte. Ho var den største rollen i livet mitt. Eg hadde berre budd med mamma sidan eg var liten. Far min hadde aldri vore der, han hadde stukke av den dagen eg hadde blitt fødd. Han ville ikkje ha noko ansvar for meg. Han ville ikkje ha noko med oss to å gjere. No var eg åleine, og der var ingen grunn til eg skulle vere det. Eg kunne berre bli med ho, ta vegen til himmelen saman med ho. Om eg berre kunne bli med. Eg, rosa og havet. Eg hadde ingen grunn til å vere her. Om ho skulle dø, ville eg og. Eg såg ingen nødvendigheit til å sitje her med livet i behald mens ho ikkje skulle få bli meir en førtifire år gammal. Eg følte meg råtten og ekkel som stod her og var levande. Mens ho låg der, død. I ei kvit kiste under kvitlagt jord. Eg kunne ikkje stå her mykje lengre. Nokon kom til å komme å hente meg. Eg hadde ikkje god tid. Eg måtte ta eit val. Skulle eg hoppe utafor klippa, eller skulle eg kaste rosa og gå heim med livet i behald? Sakna lukta hennar, håret hennar og dei blå auga eg hadde arva frå henne. Eg sakna latteren som klenga i øyra mine som musikk. Mor mi. Nei, eg ville høre latteren hennar att. Eg kasta rosa i sjøen, såg opp mot den mørke himmelen og deretter ned i havet. Havet var svart, så svart som det aldri hadde vore før. Tok det første steget bakover, deretter kasta eg meg utafor klippa. Eg følte alt rundt meg blei borte, alt blei svart. Eg følte meg lett. Ho såg på meg, som om eg var den einaste i denne verda ho kunne sjå på og som ho ville sjå på. Ho lyste, ho gløda. Gløda av kjærleik. Ho kom mot meg sakte. Tok tak i meg og klemte meg. Ho Rørte halsen min, eg kjente ilinga ned i beina. Den fantastiske følelsen av å sjå ho att. Eg såg ho heilt tydeleg, eg hadde aldri sett på ho på denne måten. Eg hadde aldri sett ho så tydeleg. Auga hennar lyste mot meg, blikket hennar bora seg inn i hovudet på meg. Vi stod der saman, å såg på rosa som flaut på havet. Ho såg meg inn i auga, og tok tak i ansiktet mitt. Nærma seg øyra mi med leppene sine. Ho kviskra meg inn øyret med den mjuke varme stemma si ¨Trudde du verkeleg eg kom til å la stilleheita ta deg? Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå