Gå til innhold

White Day: A Labyrinth Named School


Anbefalte innlegg

Andre som har prøvd (eller i det heile høyrd om) denne koreanske kultgrøssaren frå 2000? Eg er om lag to timar inn i spelet, og er både imponert og ikkje så reint lite skjelven. Eg sit stadig vekk og tenkjer ting som "Åh, herregud, må eg verkeleg gå inn i det rommet? Kan eg få sleppe? Kva er den lyden? AAAHHHH!!!"

 

Dette er med andre ord rimeleg skumle saker, spesielt viss ein er litt svak for den asiatiske grøssarfilmtradisjonen, sjølv om det her og der dukkar opp slike bisarre augneblinkar som ein nesten må til Japan og Korea for å finne. I alle fall, varmt anbefalt for alle som likar interaktive grøss i eit mørkt rom.

 

For dei som vil sjå det in action først: Her er ei lenkje til ein Let's Play som eg ikkje har sett på, men som kanskje kan finne på å vere bra. Snurr film!

Endret av bjartewh
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...