Gå til innhold

Ny CPU-kjøler til AM3+ i et Fractal Core 1000


Anbefalte innlegg

Heisann!

 

Eg tenkte eg måtte konferere litt med ekspertisen her. Eg har nyleg kvitta meg med mi bærbare datamaskin og returnert til den stasjonære verda. Grunna trangt budsjett vart PCen samansett av ymse demovarer, og plassmangel gjorde til at det heile måtte vere på mATX. Eg sit dermed med eit Fractal Design Core 1000 og eit ASUS M5A78L-M LX3.

 

Eg ynskjer å bytte ut den medfølgande CPU-kjølaren frå AMD, men plassmangel og sære viftefester gjer valet vanskeleg. ASUS har funne ut at det greiaste er å klistre minnespora klin inntil CPU-socketen, så det er svært begrensa kva der er plass til av luftkjølte ribber. Dermed kunne eit integrert vasskjølingsystem vore ok, men der er berre 120mm-feste i kabinettdøra. Her ligg skjermkortet så nærme at eg trur radioatorar blir for tjukke. Eg må difor ty til viftefestet i bakkant, med dette er berre 92mm. Har nokon nokre tips å komme med til kva løysing som kan fungere? Veit nokon om integrerte system på 92mm til sals i norsk nettbutikk?

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Eg har då landa på ein Cooler Master Hyper TX3 Evo då den skal akkurat få plass. Spørsmålet er så kva vifter eg bør utvide med i tillegg. Eg har lagt ved eit bilete for å vise det heile med eit temmeleg likt oppsett.

 

Der er ei noko bråkete Fractal 120mm vifte i front som bles luft inn i kabinettet (markert med blått). Denne styrer eg med ein Zalman Fanmate. I toppen sit så PSUen og dreg ut noko luft (raud pil). I sidedøra, rett ved skjermkortet, er der plass til ei 120mm. Bak er der plass til ei vifte på 92mm. Eg tenkjer å supplere med ei eller anna Noctua-vifte og splitte kontakta frå Fanmate-en mellom dei to viftene.

 

Først må eg finne ut kva veg eg bør styre lufta frå CPU-kjøleren (sjå bort frå stock Intel på biletet). Bør den blåse lufta:

1: Opp i kabinettet (gule, rette piler)?

2: Ned i kabinettet?

3: Siste alternativet er å setje vifta i pull og dra luft mot bakenden i kabinettet (gul snirkle-pil). Eg er derimot litt usikker på om kjølaren let seg montere denne vegen.

 

Kan eg setje opp pull, er vel utblåsingsvifte i bakkant lurt?

Om ikkje, bør eg tvinge luft inn på skjermkortet og skape overtrykk samtidig som cpu-kjøleren bles oppover?

 

Alle idear blir sett stor pris på!

post-53721-0-63611100-1367960356_thumb.jpg

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...