Gå til innhold

Kamptråd - Tippeligaen runde 5


Latias

Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Er det berre meg, eller treffer Esten O. Sæther veldig sjeldent med kommentarane sine?

 

-Aalesund er da bra nok

 

Vel...

Etter mi meining er ikkje Aafk eit godt nok lag til å realistisk vere med å kjempe om seriegullet om 25 runder. Seriestarten har vore til dels fantastisk positiv, med svært god poengfangst og til tider svært godt spel, men det er likevel berre til tider at spelet sitter som det skal.

 

Det skal seiast at fjorårssesongen truleg vart tyngre enn det som var nødvendig. Det var kvalitet nok i laget til å ende på øvre halvdel av tabellen og Dagbladet tippa vel tilogmed Aafk på 2.plass før fjorårssesongen. Til slutt vart det likevel for mykje som ikkje stemte, samt at den manglande målscoraren gjorde sitt til at det ikkje vart nok mål på Sunnmøre.

 

I år er ein potensiell toppscorar på plass i Hamdallah og med ein skadefri Leke James frå start har Aafk plutselig fleire offensive kort å spele på enn nokonsinne, med spelarar som Barrantes, Stewart og Phillips som alle bør kunne levere litt mål i løpet av sesongen. Sentralt på midten er Morrison ein svært dyktig mann på sitt beste, og Fredrik Ulvestad kjem til å halde fram den svært spanande utviklinga. I går byrja Barrantes nede sentralt, men då blir han altfor ofte liggande for djupt i bana og det tener ikkje Aafk spesielt mykje på, noko ein såg når han vart flytta lenger opp i andreomgang i går.

 

Hovudproblemet til Aafk er i forsvarsleddet. Tollås Nation utviklar seg heile tida, men han og Skagestad som stopparpar er nok ikkje godt nok til å sikre ei plassering heilt øverst på tabellen når alt skal tellast opp til slutt. Backane bidreg svært positivt offensivt, men både Ygg og Matland kan ha problemer mot gode vingar. Det største problemet for forsvaret er nok uansett bakromspasningar på kjappe spelarar. Mot Hønesfoss og Risku var det tydelig at verken Tollås eller Skagestad innehar den største farta, og spesielt på CLS så står Aafk stort sett såpass høgt at det er noko som kan utnyttast. I tillegg sliter laget når det gjeld breidda i forsvaret. Andreas Nordvik hjelper sjølvsagt litt på, men pr i dag, med Arnefjord ute, så har ikkje Aafk meir enn ein rein førstelagsforsvarar på benken, noko som på ingen måte kan seiast å vere positivt.

 

I sum vil eg vel påstå at Aafk har vunne fire kampar som ein nesten bør forvente at laget skal vinne om ein skal ha ei målsetjing om å ende på øvre halvdel. Mot Tromsø vart det med ein gong mykje jamnare og det måtte ein del omstillingar til før ting byrja å flyte nokonlunde utover i andre omgangen. Det er positivt å sjå at Aafk har utvikla seg i løpet av dei siste sesongane til å verte eit mykje meir spelande lag, med mange spelarar med gode individuelle ferdigheiter, men det manglar framleis noko meir defensiv stabilitet og ikkje minst breidde før laget kan tenke på å stabilisere seg nærmare toppen.

Lenke til kommentar

Det kan godt hende. Akkurat det med serieleiinga har Aafk gjort før, då vart det vel fjerdeplass, noko eg ville vere svært godt nøgd med. Det er såpass mange lag som enten er veldig overhypa eller underpreseterer kraftig så langt i årets sesong at det er meget tvilsomt at Aafk vil kunne kjempe om medaljene når sesongen går mot slutten, men topp fem hadde vore kjekt.

 

Det som er irriterande er alle luringane som plutselig har fått kjempetrua på seriegull og som ropar høgast både i med- og motgang. Det er stort sett same folket, som ikkje har spesielt mykje å fare med når det kjem til fotballforståelse eller realisme.

Endret av archanios
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...