archanios Skrevet 2. april 2013 Del Skrevet 2. april 2013 Hei. Lagar eit innlegg her for å sjå om nokon kan ha anbefalingar av ein ekstratelefon til meg. Har i dag ein HTC One X som eg er likar veldig godt, men det er nokre grunnar til at det ville vere praktisk å ha ein til og spesielt med tanke på friluftsliv og liknande. Eg vil ha ein telefon som eg kan ha med meg på turar, ikkje vere spesielt redd for om det skulle kome litt vatn, støv og liknande og rett og slett ein telefon som toler ein del. Samtidig så hadde det vore kjekt å få med ein del smartare funksjonar som ein er vant med ellers, men det kjem lenger ned på lista sidan den ikkje vil vere så mykje i bruk i det daglege. Eit problem eg har spesielt merka meg med One X og forsåvidt nokre andre smarttelefonar også er at det virkar som at dei er veldig ømfintelige for litt svakt signal. Om det er lite signal tilgjengelig, så merkar eg at telefonen veldig lett mistar kontakta og får store problemer med å kople seg til igjen. Dette er noko eg har merka ein del med min telefon, og også far min etter at han fekk seg ein Samsung Xcover. Det virkar som at det trengs meir signal for at tilkoplinga skal vere stabil enn med ein vanleg mobil. Hovudkriteria mine er altså at telefonen skal tole ein heil del. Helst vere vanntett og gjerne tole til dels røff bruk. Det er også viktig at den ikkje mistar signalet like godt som den eg har i dag, og har rimelig lang batteritid, sidan bruken kan vare over til dels ganske lang tid utan muligheit for opplading. Dersom nokon har gode erfaringar med ein telefon som passar kriteria, så hadde det vore kjekt om du ville legge igjen eit forslag. Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå