christianb Skrevet 6. mars 2013 Del Skrevet 6. mars 2013 (endret) Eg planlegg å arrangere turnering i eit mobilspel for Android-telefonar, men eg er litt usikker på kva som er mogleg å få til. Så eg har nokre spørsmål her som eg håper at nokon kan svare på. Turneringa kjem til å gå føre seg på den måten at alle deltakarane sit i det same rommet. Først og fremst vil eg gjerne vise spelet på storskjerm. Sannsynleg blir det på ein vanleg TV. 1. Kva krevst for å vise mobilskjermen på ein TV? Kabel, adapter, telefon, Android-versjon osv. Korleis sjølve spelet skal gå føre seg er eg ikkje sikker på enno. Spelet er i utgangspunktet eit einmannsspel. Men det er eg som har laga spelet, så eg tenker å lage ein tospelarvariant som skal bli brukt i turneringa. Men eg er usikker på korleis eg bør gjere dette, og kva eg treng. Eg tenkte først at ein kunne spele mot kvarandre over bluetooth, der alle spelarane bruker sin eigen telefon. Men eg prøvde å lese gjennom Google sin dokumentasjon for bluetooth, og det var skikkeleg kompliserte greier. Eg trur eg helst vil unngå bluetooth-programmering. Så derfor tenkte eg på andre moglegheiter. Kva om spelet blir køyrt på berre éin telefon. Ein spelar speler med å bruke touch-skjermen på telefonen, mens den andre spelaren speler via ei ekstern eining, f.eks. tastatur eller gamepad. (samtidig som alt blir vist på ein TV-skjerm) 2. Er det mogleg, og i så fall kva treng du, for å koble til eit tastatur eller ein gamepad til ein telefon? Kva slags versjon av Android må du ha? Og det mest interessante spørsmålet til slutt: 3. Spelet det dreier seg om er ganske enkelt, du treng eigentleg berre tre knappar. Finst det nokon eining/tastatur for Android-telefonar som har berre nokre få knappar, gjerne berre tre? Endret 6. mars 2013 av christianb Lenke til kommentar
Gjest medlem-82119 Skrevet 6. mars 2013 Del Skrevet 6. mars 2013 Overføring til TV skjermen avhenger litt av telefon og TV. HDMI tilkoblingen er vel løsningen, den speiler mobilskjermen dvs TV viser det som mobilskjermen viser. Da må TV ha en hdmi inngang, og mobilen må ha en hdmi utgang eller usb til hdmi overgang. Det finnes bluetooth tastaturer til mobiler, det burde funke. Dette ser lite ut, men har mange knapper: http://www.mytrendyphone.no/shop/bluetooth-tastatur-qwertz-39572p.html Man har slike: http://komputer.no/tester/mus-tastaturer/sandberg-wireless-numeric-keypad En laptop med dette: http://www.droidnytt.no/guider/prov-android-3-2-pa-pc-en-din/18130/ og det lille tastaturet burde fungert, men skal ikke garantere noe. Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå