hamiso Skrevet 31. januar 2013 Del Skrevet 31. januar 2013 Hjelp... skjermen på min kvite Macbook 2008 har akkurat gått i svart. Det er litt kontakt i starten og når eg trykker på av/på knappen, men så går den i svart igjen. Ved tilkobling til ekstern skjerm er det greit bilete der. Så det er vel noko med kontakten til macbook-skjermen som må reparerast (?) Har ikkje lyst til å kvitta meg med denne maskinen. Den har tent meg godt i alle år, og den oppfyller mine behov. Inntil nå. Har dessutan investert litt i den, så det er surt å evt. gi den opp nå. Kjøpte den ny av Apple hausten 2008. Så det er vel akkurat innanfor reklamasjonstida. -Men er det slik at Apple er kronglete med reklamasjonsspørsmål? -Har elles gjort nokre modifikasjonar. Skifta til 128 gb ssd og til 6 gb (2 + 4, og altså meir enn det Apple meiner det er plass til, men innanfor det andre brukarar meiner er å anbefala) ram som ikkje er Apple-produkt. Vil det bety at eg berre kan gløyme reklamasjonen? -Kva vil det evt. kosta å få den reparert? -Kan de anbefala noko firma i Akershus-området? -Eller er feil og alder så ute at det berre vil bli meir og meir problem framover slik at de heller ville anbefalt ein ny? Andre opplysningar om maskinen, er at den har 2,4 ghz Intel Core 2 Duo prosessor, altså 6 gb 667 mhz ddr sdram, intel gma x3100 144 grafikk og osx lion som akkurat er installert. Den har vel fått ein og annan småsmell med åra, og det manglar to skruar på baksida, som kanskje kan ha noko med saka å gjere. Men maskinen er jo elles framleis i live (sit og skriv med den nå ved hjelp av ekstern skjerm og eksternt tastatur). Og den har som sagt tent meg godt... Lenke til kommentar
anonymus94 Skrevet 31. januar 2013 Del Skrevet 31. januar 2013 Har ikke noe svar på feilen, men da jeg leverte min "modifiserte" Macbook Pro mid 2010 13" til service så byttet jeg tilbake alle deler til orginalt, og fikk ikke noen kommentar på det. Lenke til kommentar
hamiso Skrevet 31. januar 2013 Forfatter Del Skrevet 31. januar 2013 Ja, takk. Det er kanskje ein ide. Har framleis den gamle harddisken med gammalt Leopard osx liggjande. Så berre det ikkje blir krøll å bytta dei om... Evt. vurderer eg å betala for å få den fiksa, viss det ikkje blir for dyrt (?) og usikkert om det oppstår nye problem. Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå