Gå til innhold

Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Er usikker på om United har vore så gode, eller om Liverpool berre er så fantastisk lite gode som dei viser i denne førsteomgangen. Har litt vilje innimellom, men ellers er det berre eit slapt håp om at Suarez skal finne på noko utav lause lufta. Ikkje utruleg med sjansar til United heller, men at ein fort kunne leda 3 eller 4-0 er ikkje langt ifrå sanninga. Aggresiviteten, presset og oppofringa frå United-spelarane er heilt der oppe som eg har ynskja å sjå det i ein del tidlegare kampar mot Liverpool, der vi har vorte kjempa utav stilen. I dag er det United som kjempar Liverpool ut av kampen i førsteomgangen, ut av stilen vil vere å ta i, for eg forstår ikkje heilt kva slags spelestil Liverpool prøvar å få til.

 

Eg forstår likevel at eg må sjå ein heilt anna kamp enn ein del andre her, for med unntak av at han ikkje har scora, så klarer eg ikkje å sjå grunnlaget for all kritikken mot Welbeck etter denne omgangen. Ja, han bør heilt klart få ballen i mål på ei av dei to største mogelegheitene han har, men han ødelegger fullstendig rytmen i Liverpool-laget når dei ynskjer å spele seg ut bakfrå, han går på gode løp, leser dei dumdristige defensive pasningane frå motstandar og er generelt ein stor trussel. I tillegg er han imperativ i det offensive samspelet som han viser så utruleg godt på målet. Nede i bana og gjer seg spelbar, spelar ballen på få, presise touch og går på eit viktig løp mot første stolpen og drar med seg forsvarspelarar slik at det blir meir plass i feltet. Er heilt enig med Alsaker i at Welbeck har vore ein viktig trussel i denne førsteomgangen og han ville vore blant våre klart beste i denne førsteomgangen om han i tillegg hadde fått seg ei scoring.

 

Det eg er mest nøgd med til no er at Liverpool ikkje får fred til noko som helst, at det alltid er mann i press og at vi bryter opp spelet deira ved kvar anledning. Samspelet offensivt er til tider ein nytelse å sjå på og det osar kvalitet når ein setter stor fart, både med beina og ballen framover.

 

No blir det Valencia inn for Young, og eg håpar Val kan la seg inspirere til å kome tilbake til det nivået han kan vere på, for då kan Johnson få slite utover i andre. Tippar også at Hernandez vil kome innpå etterkvart og at så sant det ikkje blir nokon skader eller svært anna utvikling, så vil også Giggs kome innpå siste 15-20.

  • Liker 2
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...