Gå til innhold
Trenger du hjelp med PCen? Still spørsmål her! ×

Windows 7 fryser fullstendig rett etter oppstart


Anbefalte innlegg

Hei

Eg har fått problem med mi datamaskin i det siste. Eg er for tida i USA, og då eg kom heim til jul og skulle starte opp maskina, installerte den, eller i det minste prøvde, å installere fleire oppdateringar frå Windows Update.

Eg har forsøkt å gjere litt feilsøking, problema mine var først at maskina med jevne mellomrom gjekk i BSOD, dette spora eg tilbake til driverar for GPU og ettermontert trådløst nettverkskort. Eg oppdaterte desse driverane, og løyste BSOD-problema.

 

Vidare så heng maskina framleis jamnleg, låser seg fullstendig, eg kan bevege musepeikaren, men det skjer absolutt ingenting når eg trykker på ikon osv.. Dette skjer som regel 2-3 minutt etter oppstart. Eg prøver å bruke MSI live update for å oppdatere BIOS og andre driverar den peiker på som treng oppdatering, men maskina krasjar i 5 av 5 tilfeller før installeringen av ein einaste driver er påbegynt.

 

Den siste timen har Hendelseslista registrert 4 kritiske hendelsar (eg restarta maskina med Power-knappen), 80 feil, 4 advarselar, og 579 informasjonsevents.

 

Av feila som er registrert er desse mest framtredande:

 

Denne har 13 forekomstar:

 

Event-id 31004

 

DNS-proxy-agenten kan ikke tilordne 0 byte med minne. Dette kan tyde på at systemet har lite virtuelt minne, eller at minnebehandlingen fant en intern feil.

 

Denne har 13 forekomstar (av følgjande variasjonar):

Alle er Event 10005:

 

DCOM fikk feilen "1084" ved forsøk på å starte tjenesten WSearch med argument "" for å kunne kjøre serveren:

{7D096C5F-AC08-4F1F-BEB7-5C22C517CE39}

DCOM fikk feilen "1084" ved forsøk på å starte tjenesten EventSystem med argument "" for å kunne kjøre serveren:

{1BE1F766-5536-11D1-B726-00C04FB926AF}

DCOM fikk feilen "1084" ved forsøk på å starte tjenesten ShellHWDetection med argument "" for å kunne kjøre serveren:

{DD522ACC-F821-461A-A407-50B198B896DC}

 

Denne har også 13 forekomstar siste time:

Event 7023:

 

Tjenesten Peer Name Resolution Protocol terminerte med følgende feil:

%%-2140993535

 

Denne like så:

Event 7001:

 

Tjenesten Computer Browser avhenger av tjenesten Server som ikke kan starte på grunn av følgende feil:

En undertjeneste eller gruppe som den er avhengig av, kunne ikke starte.

 

Og denne:

Event 102:

Peer Name Resolution Protocol-skyen startet ikke fordi opprettelse av standardidentiteten mislyktes med feilkoden 0x80630801.

 

Ellers er det nokre feil som har oppstått ein 3-4 gongar, og som eg ikkje kan seie har noko med problema mine å gjere, det verkar som at desse tjenestene som krasjar er ganske sentrale, og fører til systemkrasjen.

Eg har prøvd å starte maskina i clean boot, dette løyste ikkje problemet mitt i det heile. Det einaste som fungerar, og som eg er i no, er Sikkermodus, både med og utan nettverkstilkobling. Det som er noko drit er at eg får ikkje oppdatert noko som helst medan eg er i sikkermodus, ikkje msi-driverane, ei heller fungerer Windows Update, ikkje i sikkermodus, og ikkje ellers. Så eg er rimeleg trygg på at det er nokon av Windows-tjenestene som krasjar, men eg veit verkeleg ikkje kva eg skal gjere for å løyse dette problemet.

 

Eg har følgjande oppsett:

 

MSI 890FXA-GD70

AMD Phenom II X6 1100T Black Edition 3.3 GHz

Antec Kuhler H2O 920 CPU Kjøler

Corsair Vengeance DDR3 1600 MHz 16GB

2x XFX Radeon HD 6970 2 GB GDDR5

Systemdisk: Corsair SSD Performance 3 series 128 GB

Windows 7 Ultimate Edition norsk, 64 bit

 

Om nokon har nokre forslag, tek eg desse i mot med massiv takk.

 

 

Ole

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...