WhatWorld Skrevet 3. desember 2012 Del Skrevet 3. desember 2012 PS: Ynskjer berre seriøse svar. Eg ynskjer litt innspel i oppgåva eg held på med no for Eksamen, tek den opp att for å forbetra ein karakter IKT PFO. Eg har løyve til å bruka alle hjelpemiddel utanom å spørja Faglæraren som gav meg oppgåva. Så hadde vore fint om nokon kunne kome med noko ekstra... som eg kanskje gløymer Eg skriv og skriv, men kan hende eg går tom for idear til kl.22.00, det er då eg skal levere inn oppgåva. så vert det 45minutt framføring muntleg imorgo. Og ja dette er slik eg burde kunna sjølv, kan eindel, men skadar ikkje med innspel frå andre Oppgåve teksten: Du er ansatt i en bedrift som selger konsulenttjenester innen IT til mellomstore og store bedrifter.Bedriften er landsdekkende og selger tjenester innen serverhosting, Exchange, ASP osv. Bedriften din har fått oppdrag fra et firma som heter RigPipe AS. RigPipe AS er eit firma som leverer og produserer avansert utstyr til oljeindustrien innen boring og produksjon og har 10 000 ansatte worldwide. Hovudkontoret ligger i Stavanger og bedriften har avdelingskontorer i Houstonn, Caracas, Singapore og Dubay. RigPipe AS har eget moderne serverrom nær hovudkontoret i Stavanger og ønsker å drifte serverparken selv, bortsett fra epost tjenesten og websiden som er satt bort til ekstern firma. Serverprogramvaren og hardwaren RigPipe AS har i dag er en blanding av gammelt og litt nyere utstyr som ønskes å totalrenovert. Alt av server og programvare skal skiftes ut med nytt utstyr. Sikkerhet er høyt prioritert i selskapet generelt og spesielt innen data siden selskapet har mye bedriftsensitiv data lagret og også utvikler nytt, avansert utstyr som krever streng hemmeligholdelse. RigPipe AS har god økonomi og har satt av et romslig budsjett til oppgraderingsjobben som de anser som viktig for bedriften. • Du har fått oppdraget med å komme med et komplett forslag til løsning som skal presenteres for IT ledelsen hos RigPipe AS. Velg selv hvordan du vil presentere dette for ledelsen. • Det er spesielt viktig at redundans og sikkerhet er grundig ivaretatt, det er krav om å bruke Windows domene, Windows Server 2008R2 programvare og Microsoft Office 2010. • RigPipe AS har fått utviklet sitt eget program for registrering de foretar ved test av eget utstyr på rigger rundt om i verden. Dette er sensitive data som lagre på server i Stavanger. Programmet kjøren kun på server i Stavanger, men ønskes å kunne logges inn på og kjøres fra hvor som helst i verden. • Bedriften ønsker å plassere en domenekontroller på hver av avdelingskontorene for blant annet å sikre pålogging for de ansatte ved eventuell nedetid på forbindelsen med hovedkontoret. På førehand, Takk for all hjelp! Lenke til kommentar
Gjest Slettet+130498 Skrevet 3. desember 2012 Del Skrevet 3. desember 2012 (endret) tja, jeg vil foreslå servere med en form for virtualisering, selv har jeg brukt mye vmware. ville ha speilet denne slik at alt som ble foretatt et sted ble kopiert over på en annen. ved siden av dette ville jeg satt mulighet for tape eller annen form for fysisk backup som kan lagres et annet sted eller annet bygg. innlogging til sensitiv server kan gjøres via vpn, cisco leverer en meget god og sikker tjeneste der. er lenge siden jeg har holdt på med dette. men dette er i kjappe trekk hva du kan gjøre. er dette en fagprøve eller bare ren eksamen? og hvor lang tid har du på deg? Endret 3. desember 2012 av Slettet+130498 Lenke til kommentar
WhatWorld Skrevet 3. desember 2012 Forfatter Del Skrevet 3. desember 2012 Det eg har fått skrive til no: Programvare. Eg ynskjer å setje opp VMware med 5 domenekontrollere, ein for kvart avdelingskontor. Domene vert kalla Rigpipe.LAN. Dei skal køyre Windows 2008 R2 Server. Ynske om at alle køyrer Office 2010 vert oppfylt. Det at alle brukar same program for skriving, hjelp til slik at ein ikkje møter på problem med kompatibilitet då ting hastar. Domene og sikkerheit Eg vil køyra eit domene som alle koplar seg opp mot, slik at det er sikkert og alt er samla under eit. Med domene pålogging, der alle brukarar har forskjellige brukarnamn og passord, så vert det vanskelegare for folk å koma seg inn på maskiner å få tak i informasjon som er hemmeleg/sensitiv. Dette passordet må endrast kvar 5månad, i tilfelle nokon utanfor skulle få tak i passordet. I Active Directory så vert det sett opp ein Organizational Unit for kvar avdeling, og oppdeling der ifrå igjen, slik at grupper og brukara ikkje skal slettast ved eit uhell. Under oppdeling vert delt opp basert på kva den ansatte jobbar med, stilling og kva tilgang dei skal ha. Når det då vert tilsett ein ny person, så er det berre å opprette brukaren og melde han inn i rett gruppe, slik at du veit han har tilgang til det han skulle ha behov for. Filer - Filshare Det vert satt opp fil-share frå Stavanger serveren, der det skal lagrast resultat av testar med borrerigg, og der skal ein og kunna finna programmet som vert brukt for testing. Dette fil-sharet har svært strenge rettigheiter. Det er nokre få spesifikke personar skal ha tilgang til dette. Dette fil-sharet har to undermapper, ei som programmet ligg i, og ei mappe der testresultatet ligg. I undermappa der programmet ligg, så har dei spesifikke personane berre Lese/Køyre rettigheiter til, slik at dei kan få brukt programmet, men det er ikkje mogleg å kopiere det ut, slette eller endre programmet. Men eg ynskjer og oppretta fleire filshare, som for eksempel eit felles fil share, der alle ansatte har som standard alle rettigheiter, utanom sletting av noko som dei ikkje er lista opp som “Creator Owner” på. Dei nødvendige fil share til den brukaren som loggar på, vert automatisk mappa via logon script som me kompilerer. Utrulling av programvare Vanlege brukarar/ansatte har ikkje tilgang til å installere noko på maskinene for sikkerheits skuld, slik at maskinene ikkje skal verta fylt opp med skadeleg programvare, og heller ikkje fylla maskina opp med mykje forskjellig unyttig programvare, som for eksempel ask toolbar frå innstallasjon av java, eller McAfee AV frå innstallasjon av flash. Oppdatering av java, flash etc. vert gjort via Group Policy, slik at det vert sjekka opp kvar gong dei loggar på maskina, om dei har siste versjon, eller om det skal oppdaterast til siste versjon. Backup/Spegling Ved bruk av programvaren Vice Versa Pro, så vert det køyrd synkronisering av dokument mappa på ansatte sin maskin til heimeområdet hans på serveren. På serveren vert det liggande ein ekstra kopi av kvart dokument, som er likt som dokumentet på maskina til ansatte, utanom siste endring. Slik at om ansatte klarar å for eksempel slette eit avsnitt i eit dokument og deretter lagre, så er det moglegheit for å rulla tilbake siste endring. For backup av server, så anbefalar me Veeam Backup. Med Veeam Backup så kan du setja innstillingane på at det skal verta tatt backup av kvar server kl.03.00 kvar natt til ein backup server som ikkje står på same plass, i tilfelle innbrot, brann osv. Me vil og tilby spegling mellom serverane, slik at kvar server er lik til ei kvar tid. Brannmur Ang. Brannmur så anbefaler me Palo Alto Distributed Enterprise som er ein brannmur som ikkje berre blokkerer via portar, men og analyserer innkomande pakkar og kategoriserer dei, slik at ein kan lett setje sperre på dei forskjellige typar pakkar som ein ynskjer. Disributed Enterprise er den versjonen som er påtenkt for dei som har servere fleire plassar i verda, men og tek nytte av alle forskjellige plattformar. Det er og god støytte for mobile brukarar, GlobalProtect (som er ein av servicane på brannmuren) held roaming brukara logisk kopla til bedriftas nettverk sjølv når dei ikkje er fysisk på kontoret. Vidare kan styring og rapportering for alle steder være sentralisert, frigjer IT-teamet frå unødvendig arbeid med å administrera fleire "one-off" sikkerheitsløysningar. Hardware For det fyrste, så ville eg nytta den gamle serverparken til backup, om den er fortsatt i brukeleg stand, i og med at den passar perfekt til akkurat det området og det er pengar spart. Eg vil og å ta nytte av iDRAC kort på backupen, slik at ein kan koble seg til backup maskina utan å væra fysisk til stade der backupen står. For fysiske maskiner til ansatte, så vert det 500 Dell tynn klientar, fordelt ut på dei forskjellige avdelingane etter kor mange som jobbar kvar, for då er det 20stk. fordelt på kvar maskin. Lenke til kommentar
WhatWorld Skrevet 3. desember 2012 Forfatter Del Skrevet 3. desember 2012 (endret) tja, jeg vil foreslå servere med en form for virtualisering, selv har jeg brukt mye vmware. ville ha speilet denne slik at alt som ble foretatt et sted ble kopiert over på en annen. ved siden av dette ville jeg satt mulighet for tape eller annen form for fysisk backup som kan lagres et annet sted eller annet bygg. innlogging til sensitiv server kan gjøres via vpn, cisco leverer en meget god og sikker tjeneste der. er lenge siden jeg har holdt på med dette. men dette er i kjappe trekk hva du kan gjøre. er dette en fagprøve eller bare ren eksamen? og hvor lang tid har du på deg? Takk for svar ja planen var å benytta vmware vsphere... då oppgåva eg fekk er basert på kva eg har haldt på med i jobbsamanheng i den siste tida etter eg var ferdig på vg, og det er jo 2008R2 server og vmware vsphere, men har jo ikkje hatt noko liknande som dette stort verken på vg eller i jobb Dette er rein eksamen, det er for å forbetra karakteren eg fekk i faget då eg gjekk på videregåande. Eg har til kl.22.00 i kveld, haldt på sidan kl.08.00. Så skal det framførast i 45minutt imorgo tidleg kl.08.30. Endret 3. desember 2012 av WhatWorld Lenke til kommentar
Gjest Slettet+130498 Skrevet 3. desember 2012 Del Skrevet 3. desember 2012 tja, det siste der kan du vel bare glemme er det snakk om ren kontorvirksomhet, kreves det 1 til 1, driver de med fabrikasjon osv. blir fordelingen en helt annen. av programvare så er det jo hip som hap etter hva man er vant til og trenger. Lenke til kommentar
WhatWorld Skrevet 3. desember 2012 Forfatter Del Skrevet 3. desember 2012 (endret) Takk takk Ja tenker du fleire eller færre tynnklientar? Som sagt, så har eg aldri utført noko plan for firma som er så store som dette... og har ikkje vore innan drifting og vedlikehald så lenge, så ser ikkje heilt sannsynlegheiten mellom alt... :/ For eg har tenkt nokolunde bedrifta eg jobbar i, berre total stor aukning. Straks tilbake, må ha i meg middag Endret 3. desember 2012 av WhatWorld Lenke til kommentar
Gjest Slettet+130498 Skrevet 3. desember 2012 Del Skrevet 3. desember 2012 vel, det er snakk om 10 000 ansatte. la oss si 60% jobber i produksjon, da vil du trenge minimum 7000 maskiner. og av de vil jeg si at alle som har eget kontor/pult har sin egen pc! grunnen til det er at tynnklienter blir for svake til store simuleringer. de største ville jeg ha satt opp en dedikert server til. tynnklienter kan settes opp i produkjsonslokaler som en liten erstatning, hvor målet dens er å hente tegninger, rapporter og andre lette oppgaver. annen fordel med pc er at fordi om nettverket er nede fungerer de, noe en tynnklient ikke vil gjøre (stort sett). Lenke til kommentar
WhatWorld Skrevet 3. desember 2012 Forfatter Del Skrevet 3. desember 2012 Igjen Tusen takk for all hjelp Då har eg lista dette opp som arbeidsstasjonar: For fysiske maskiner til ansatte, så vert det 500 Dell tynn klientar, fordelt ut på dei forskjellige produksjonslokalen etter kor mange som jobbar kvar, då desse vil verka greitt om det berre handlar om å henta ut teikningar, rapportar og andre slike enkle oppgåver. For resten som treng pc-ar som skal gjera oppgåver som krev litt, så vil eg anbefale 7000-.stk. Dell OptiPlex 790, då denne skal væra godt utforma for høg produktivitet og stabilitet. Samt med BenQ 21,5”, då desse er billege, stor nok størrelse, kompatible med Dell Optiplex 790 og kjappe for arbeidet den skal brukast til. Desse vil væra fordelt ut på dei forskjellige avdelingskontora. Lenke til kommentar
Gjest Slettet+130498 Skrevet 3. desember 2012 Del Skrevet 3. desember 2012 tja, jeg ville skrivd skjerm etter behov. men det blir bare pirking. det viktigste er server oppsett, samhandling lokasjoner imellom, sikkerhet og programvare. Lenke til kommentar
Gjest Slettet+130498 Skrevet 3. desember 2012 Del Skrevet 3. desember 2012 men vis du vil kan du slenge ut oppgavesvaret dit her også kan jeg gå kjapt igjennom det Lenke til kommentar
WhatWorld Skrevet 3. desember 2012 Forfatter Del Skrevet 3. desember 2012 (endret) Takk for at du tek deg tid til å hjelpa til, her er den. Det som står i blå, er det som ein eg kjenner som har jobba innan drift og vedlikehald i eindel år som har skrive som kommentarar.Eksamen.doc + dette på slutten der: Samt med skjermar etter behov. Desse vil væra fordelt ut på dei forskjellige avdelingskontora. Når det gjeld server så vil eg gå for Dell PowerEdge R715 med diskane satt opp i raid, slik at om ein disk feilar, så vert alt innhaldet frå den disken kopiert over til dei andre diskane, og kopiert tilbake når du set inn ny disk. Eg vil gå for denne serveren pga. den taklar store arbeidsbelastningar, og god for redundans og ikkje minst virtualisering. Endret 3. desember 2012 av WhatWorld Lenke til kommentar
Gjest Slettet+130498 Skrevet 3. desember 2012 Del Skrevet 3. desember 2012 ser bra ut dette, tar du med det i blå skrift kommer du til å gjøre det bra. hva brannmur og synkronisering på desktop angår skal jeg ikke uttale meg da jeg aldri har vært borte i nevnt programvare. ps du er heldig som bare skal fortelle om det satte opp full pakke med 50 maskiner til fagprøve i kommunen jeg hadde lærlingstid. 4 dager med arbeid og dokumentasjon. siste dagen gikk til grilling fra sensor Lenke til kommentar
WhatWorld Skrevet 3. desember 2012 Forfatter Del Skrevet 3. desember 2012 Ja, eg skal arbeida no med å få inn det blå og dokumentere det Sjølv har eg heller aldri brukt eindel av dei programvarene som er nevnt... men får lesa litt kva kva dei angår, og korleis dei verkar... Ja, då eg fekk oppgåva, så trudde eg jo at eg skulle gjera alt i praksis for så å dokumentere det... så eg byrja jo å lasta ned trial versjon av VMWare og iso fil av 2008R2... men så syntest eg det var litt rart om eg skulle gjera alt det på ca.14timar, så fekk eg vita at eg kun skulle dokumentere det... Men etter dette, så skal eg jo og ha fagprøve om vel eit år... så etter denne oppgåva så ser eg ikkje akkurat fram mot fagprøven, for då forventar dei jo endå meir av oss... men får berre lesa meir på mykje framover i fritida, og heller legga vekk alt anna... Lenke til kommentar
WhatWorld Skrevet 3. desember 2012 Forfatter Del Skrevet 3. desember 2012 Ja, då får ein berre levera og pugga dei utskrevne arka i natt... Til mod/admin som flytta posten min over Skule og Leksehjelp: Hehe, beklagar for "feilpost" Tenkte det kanskje var litt meir lukka med å få svar under eit emne som omhandla nettverk,drifting og tjenester Og takkar så mykje for initiativ og innspel "lord nuker" Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå