Gå til innhold

Kamptråd - Manchester United vs QPR


Latias

Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Fletcher gjorde vel ikke akkurat en stor kamp bortsett fra det å score. Han har ingen fremtid i United i mine øyne, og det har heller ikke Young.

 

Synes Powell, Cleverley og Anderson bør få flere sjanser.

 

Her er nok hukommelsen for dårleg trur eg. Fletcher (Football Genious) har vore lenge ute, han har slitt voldsomt og det vil ta litt tid før han evt kjem tilbake til sitt beste, men det betyr på ingen måte av han er ein av dei vi skal tenke på å kvitte oss med. Fletch på sitt beste er ein veldig habil midtbanespelar, som gir oss mykje av den intensiteten som vi ofte har savna sentralt denne sesongen. Han er bra med ball, gjer stort sett bra valg, jobbar knallhardt og kjem ofte på lure løp inn i motstandar sin 16 og scorar greit med mål til typen å vere.

 

Anderson bør få fleire sjansar, han har vist at han løftar United når han kjem inn frå benken og bør få prøve seg i ligaen også. Må etterkvart overbevise over lenger tid, men eg har trua på at han kan gjere mykje bra, så lenge han kan klare å halde seg skadefri. Cleverley må bevise når han får sjansen. Han har fått sjansen i mykje større grad enn Anderson til no denne sesongen, men har ikkje klart å vise at han er heilt klar for å vere fast. Han spelte mykje bedre før skada si i starten av forrige sesong, enn han har gjort til no denne sesongen. Det spørs kva spelarar vi har tilgjengeleg og kva formasjon som skal brukast, men pr i dag så trur eg nesten at om vi har to sentrale så bør førstevalget vere Anderson + den som passar best til den kampen, er i best form osv. Cleverley har på mange måtar virka som at han ikkje veit heilt kva han vil når han er utpå der, blir litt for forsiktig, mistar ballen litt for lett og har endå ikkje nok end-product, på same måte som Anderson (men Ando skapar ofte meir imo).

 

Når det gjeld Powell, så er han heilt klart eit fantastisk spanande talent og ein spelar eg trur vi kjem til å få svært mykje glede av utover. Samtidig så er han ung, og eg trur nok at SAF vil prøve han ut litt etter litt, for å sjå akkurat kor mykje han vil kunne takle. Får kome innpå i dag og gjer seg ikkje ut, men han stakk seg heller ikkje utelukkande positivt ut. Til no har han to innhopp i ligaen, to i ligacupen og ein start i CL. Det er ikkje meir enn nokre dagar sidan han starta i ei heksegryte i Tyrkia og han kan fort få sjansen mot Cluj også, når den kampen skal spelast. Hadde sjølvsagt vore kjekt å sjå han få fleire sjansar om han lukkast, men enn så lenge er eg ganske komfortabel med at han får nokre innhopp innimellom. Fordelen er sjølvsagt at han er nokonlunde anvendeleg og kan vere eit offensivt kort på midten, som ein hengande spiss, eller som ein innoverkant (som tv2 likar å kalle det.)

 

Når det gjeld Young er eg ganske enig, sjølv om at eg ikkje fullstendig gir opp United-spelarar alt for enkelt. Han har ikkje sjølvtilliten i orden for klubblaget pr i dag og spelar heller ikkje på det som har vore styrkane hans tidlegare. Når han kombinerer det med å til tider ha nokre vilt flaue flygeturar i søken etter straffe og liknande, så gjer det særs lite for å hjelpe på inntrykket. Det skal også seiast at han på ingen måte er den einaste av vingane våre som underprestert. Vi veit alle kva Valencia er god for, men pr dags dato ser det ut som at han fullstendig har gløymt akkurat det. Med Nani skadd og med alternativ som Welbeck og Giggs, så er det fare for at vi heller må prøve å få ei viss nytte ut av Young. Han må VERKELEG skjerpe seg kraftig, men om han kan klare det så har vi folk framom mål som er svært gode på å ta vare den typen innlegg som kan kome frå Young, han må berre komme på at det er det han skal gjere i gode posisjonar på kanten, ikkje berre rote vekk ballen.

 

Med spelarar som Kagawa, Nani og Valencia ute med skade, så må United finne ut av det med dei tilgjengelege spelarane. Litt usikker på korleis eg ynskjer at vi skal stille opp mot WH i midtveka, ettersom eg har sett for lite på dei, til å gjere meg opp noko konkret meining. Fordelen no er at vi endeleg byrjar å ha ein tropp der størstedelen er skadefrie. Spesielt i forsvar kan det bety at m.a Rio etterkvart kan få seg nokre pauser, og med Jones tilbake, så kan han også etterkvart tilby endå eit alternativ sentralt på midten dersom det skulle vere ynskjeleg. Eg satsar verkelg på at SAF ser på det vi har gjort dei siste par seriekampane og stiller eit lag med litt meir intensitet og slagkraft på midten mot WH. Eg ser for meg at noko sånt som Anderson - Carrick kan vere eit brukbart alternativ, der Carrick får rydde litt, halde balansen bakover og strø pasningar, medan Anderson kan vere meir bevegeleg, skape meir rom og uro. Det eg fryktar er at SAF velger å starte med Giggs, sidan Scholes er suspandert. Det vil i såfall truleg bety at vi blir fullstendig overkjørte på midten. Eg trur framleis at han kan ha ei viss nytte om han blir brukt rett, men pr i dag er han ikkje i god nok form, og heller ikkje vass nok til å gå inn å skulle styre ein kamp frå start.

 

Det positive å ta med seg er at vi har ein temmelig solid posisjon på tabellen etter nesten ein tredjedel av sesongen, og det sjølv utan at laget har spelt opp mot det aller ypperste over tid. Vi har til tider hatt fantastisk angrepsspel og scora mykje mål, men har slitt med å finne rett balanse i midtbana og hatt eit forsvar som har vore lekk som ei dårleg sil. Med fleire av dei unge, lovande forsvarsspelarane våre tilbake, så kan vi kanskje få litt meir stabilitet inn i laget, få litt mindre slitasje på enkeltspelarar og så vidare, noko som muligens vil føre til at vi lettare vil styre kampane, utan å sleppe inn dei altfor lette måla som vi har til no.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Hukommelsen er god nok den, jeg husker Fletcher på sitt beste som en spiller som er god nok for en PL klubb på midten av tabellen, han er langt fra noen spiller i verdensklasse (slik som vi egentlig burde ha i United), men jeg ser jo at det er ganske snaut på midten for tiden, så man får ta til takke med det man har. Ja han jobber hardt, det skal han ha, men desverre så er ikke det alltid nok på en midtbane hvis man skal hevde seg helt i toppen.

 

Uansett, det blir spennede å få tilbake Kagawa, jeg føler at han har ikke vist en brøkdel i united av det man vet denne fyren er god for.

Endret av Apox
Lenke til kommentar

Det ser ikkje ut som at du hugsar så mykje av 09/10 sesongen iallefall. Fletcher var blant våre mest dominerande spelarar og spelte stort sett alt av viktige kampar, og blant anna scora to i 4-3 kampen mot City. Om spelet Fletch leverte då passar best på middelmådige PL-lag, så er middelmådige PL-lag forferdeleg gode.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...