Gå til innhold

Moderering av "Facebook-kommentarar" på VG Nett


torbjornen

Anbefalte innlegg

Hei!

 

Her om dagen prøvde eg å kommentere ein artikkel på VG Nett om ei kontroversiell sak. For å få til dette måtte eg registrere meg på Facebook. Problemet er at mine kommentarar berre er synlege når eg er innlogga på Facebook. Sidan eg er ny på Facebook har eg lite greie på dette, men personverninnstillingane for kommentarar står på "Offentlig" så langt eg kan sjå. Eg var ikkje heilt heldig med innlegget, og lurer på om det gjorde at eg vart utestengt. Likevel virkar dette litt rart. Eg har dessutan hatt kontakt med moderator på [email protected], men dei finn ikkje noko om at eg er utestengt. Facebook ser ikkje ut til å ha kundesørvis som er mogeleg å kontakte om tekniske spørsmål og/eller moderering.

 

Etter det som skjedde angrar eg på heile greia, inkludert det at eg registrerte meg på Facebook. Det hadde vore mykje betre om eg hadde teke diskusjonen på diskusjon.no. Eg har aldri nokon gong fått så mykje som ein advarsel på nettfora, og eg ynskjer difor i det minste å få vite kva som er skjedd, og om dette gjeld berre VG, eller om det gjeld Facebook generelt. Kan det vere Facebook som har stengt meg ute på nokon måte? Eg er som sagt heilt ny på Facebook, så for alt det eg veit kan dette vere eit teknisk spørsmål.

 

Er det nokon som har nokon formeining om kva som er problemet?

Endret av torbjornen
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Du kan ha mottatt såpass med rapporteringer fra andre som enten merket innlegget som spam eller støtende, og at det dermed ble fjernet og usynlig for offentligheten. Relativt sjeldent at dette skjer, men om det var noe særs kontroversielt skal du ikke se bort i fra at det skjedde.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...