Gå til innhold

Norsk og gamal norsk(vest-norrønt)

B O I

Anbefalte innlegg

Eg skulla hava ynskja at me nordmenn hadde teke meir vare på vårt norrøne skriftspåk! Til og med dei gamle norske koloniane i dei britiske øyene har eit spåk sum er meir likt vest-norrønt(gamal norsk/islandsk) enn Noreg sjølv har. .

Men eg er ganske stolt over nynorsken min! :) Sidan han er faktisk ganske likt norrønt når det komer til grammatikken men nynorsk er jo basert på dei norske dialektene og mange av dei framleis har mange ord i frå norrønt.

Til døme: å dra/draga = á/at draga

eg = ek

framleis = framleiðis

å ha/hava = á/at hafa

Nynorsk: Eg elskar å skriva nynorsk! :D

Gamal Norsk: Ek elskari skrifa nýnorskr! :D (Eg veit ikkje om det vart 100% korrekt men ikkje døm meg eg har berre studert norrønt i nokre få dagar! D:)

Dette er derfor eg savnar "i" formane våre sidan dei vart jo i frå norrønt! D:

Substantiv: Ei bok, boki | Eit hus, alle husi

Verb: Finne, finn, fann, har funni

Adjektiv: Spretti vart ho, spretten vart han.

Kva tykkjer deira?

P.S "Er det nokon sum er gode i nynorsk når det gjeld pronomen? ;)

Sidan eg veit ikkje om deria vart riktig å bruke her. . ."

Endret av Zeilond
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

"Kva tykkjer de?" (uttal som "de" og ikkje "di")

"Deira" er mer i høve til eigedom, som til dømes: "Er det katten deira?" "Er det katten deres?"

Her kan me sjå utviklinga i Fader Vår:

http://www.vgskole.net/teachers/norsk/spraak/norront/fadervaar.php

Norrønt:

Faðer várr, sá er er á himnum.

Verðe navn þitt heilagt.

Til kome ríke þitt.

Verðe vile þinn,

svá á jòrð sem á himnum.

Brauð várt hit helga gef þú oss

í dag ok hvern dag.

Fyrirgef oss várrar sakar,

svá sem vér fyrirgefom várom sòku-nautum

(Guð Dróttenn,) lát eigi hinn arga djòfol

leiða oss í pínsl med sér.

Frels oss frá illu,

Ikkje lett å skjøna, dersom ein ikkje alt kjenner til Fader Vår.

Meir om språkhistorie:

http://www.vgskole.net/teachers/norsk/spraak/sprkhist/norront_nynorsk.php

Lenke til kommentar

Eg skulla hava ynskja at me nordmenn hadde teke meir vare på vårt norrøne skriftspåk! Til og med dei gamle norske koloniane i dei britiske øyene har eit spåk sum er meir likt vest-norrønt(gamal norsk/islandsk) enn Noreg sjølv har. .

Men eg er ganske stolt over nynorsken min! :) Sidan han er faktisk ganske likt norrønt når det komer til grammatikken men nynorsk er jo basert på dei norske dialektene og mange av dei framleis har mange ord i frå norrønt.

Til døme: å dra/draga = á/at draga

eg = ek

framleis = framleiðis

å ha/hava = á/at hafa

Nynorsk: Eg elskar å skriva nynorsk! :D

Gamal Norsk: Ek elskari skrifa nýnorskr! :D (Eg veit ikkje om det vart 100% korrekt men ikkje døm meg eg har berre studert norrønt i nokre få dagar! D:)

Dette er derfor eg savnar "i" formane våre sidan dei vart jo i frå norrønt! D:

Substantiv: Ei bok, boki | Eit hus, alle husi

Verb: Finne, finn, fann, har funni

Adjektiv: Spretti vart ho, spretten vart han.

Kva tykkjer deira?

P.S "Er det nokon sum er gode i nynorsk når det gjeld pronomen? ;)

Sidan eg veit ikkje om deria vart riktig å bruke her. . ."

Om eg fyrst får lov å retta på språk: å ynskja - har ynskt. :wee:

Når det gjeld ordet «som», seier nynorskordboka at det opphavlege gamalnorske ordet er sem. Formene sum og som kom seinare (eg reknar med at det er u som i ung og o som i sopp).

deira er eigeform av dei.

Den viktigaste grunnen til at nynorsken (landsmålet), ligg relativt nær gamalnorsk, er at Aasen i utgangspunktet konsekvent valde dei formene frå dialektane som låg nærast gamalnorsken, so sant dei ikkje berre var nytta nokre få stader.

Kva slags «koloniar» borti Britannia er det du tenkjer på? Det er berre færøysk og islandsk som ligg nærare gamalnorsk enn norsk sjølv, meiner eg.

Endret av Anarkhos

I nokre av dei britiske øyane har dei eit spåk som heitar "Norn". Det er basert på vest-norrønt og keltisk. Det er for det meste borte no.

Gamal Norsk: Faþer vár es ert í himenríki.

Norn: Fyvor or er i Chimeri/ Favor i ir i chimrie

- Kjelde

Når det gjeld "sum" so kan du ikkje skriva det lengre, det er difor "sum" ikkje er i nynorskordboka. . .

Norn er daudt ja; det er berre ordrestar att av det.

Dei døma på Norn i Wikipedia-artikkelen ligg ofte lengre bort frå gamalnorsk enn det nynorsk gjer, so vidt eg kan sjå.

Har du elles lese Norsk Grammatik? (lenkje til PDF-fil nedst på sida) Der finn du døme på kor mykje av gamalnorsken som enno er/var att i ulike målføre; absolutt tilrådd (skum)lesing. Til dømes finn du på s. 187 korleis talorda to, tre og fire vert/vart bøygde i moderne norsk etter grammatisk kjønn, på nett same viset som talordet éin vert det (éin mann, éi kvinne, eitt bord og tvei menn, tvæ kvinner, tvau bord).

Når det gjeld "sum" so kan du ikkje skriva det lengre, det er difor "sum" ikkje er i nynorskordboka. . .

Eg kan ikkje hugsa å sett «sum» nytta i tydinga 'som', berre i tydinga 'noko' (sum fisk = noko fisk., sume av dyra = nokre av dyra). Har du ein tekst der «sum» vert nytta i tydinga 'som'?

Endret av Anarkhos
Lenke til kommentar
  • 2 uker senere...

Eg kan ikkje hugsa å sett «sum» nytta i tydinga 'som', berre i tydinga 'noko' (sum fisk = noko fisk., sume av dyra = nokre av dyra). Har du ein tekst der «sum» vert nytta i tydinga 'som'?

Eg har ei gamal ordbok frå byrjinga av 1900-talet men ja, kan godt hende at eg blanda "sum" som i noko. Grunnen til at eg heldt fram med å skriva "sum" vart for di eg ikkje fekk noka dårlege tilbakemeldinger på det. . .

Nei eg har ikkje lese Norsk grammatikk men eg har lese nokre andre grammatiske bøker om norrønt. :]

Endret av Zeilond
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...