Gå til innhold

Ubrukeleg laptop og dårleg kundeservice


Anbefalte innlegg

Hei, blei fortvila over og usikker på kven eg skal ta dette opp med.

 

Det har seg slik at eg kjøpte ein ny datamaskin i Desember. Ein dyr maskin, som skulle vere usedvanleg god. Denne blei levert med ein mindre feil som eg kan sjå for meg er gjeldande for alle maskinane av den nøyaktige modellen. Trur det er forårsaka av ein bug i BIOS.

 

Eg har levert inn maskina to gonger for denne feilen, kor verksted har blant anna byta SSD og oppdatert BIOS. Ingen av desse tinga har fiksa feilen ettersom bugen finnes i nyare versjonar av BIOS også.

 

Eg har enno feilen på maskina, i tillegg til eit nytt problem som dukka opp, at skjermen ikkje lenger viser bilete. Eg får kun backlight.

No kan maskina ikkje brukast i det heile, med mindre eg har ein ekstern skjerm.

 

Maskina må inn til reparasjon tre gonger for same feilen for å kunne heve kjøpet, den har allereie vore inne to gonger.

 

Forhandlar vil at eg skal sende maskina inn til produsent for ei vurdering.

Greitt nok, eg har snakka med produsenten før for å avtala reparasjonar.

 

Med ein gong eg nevner å heve kjøpet på produktet, så legg dei på røyret.

Dette verker useriøst for ein så stor aktør, og eg er lei av heile situasjonen.

 

Eg ønsker enkelt å greitt å bli kvitt maskina, få pengane att, og kjøpe ein maskin utan så monge problem. Eg har fleire billege laptopar som eg har hatt i både 4-5 år utan noko som helst problem, og eg behandlar dei som porselen.

 

Er det nokon som har forslag til kva eg kan gjere no?

 

PS: Handla på nett, kan ikkje gå i butikk for å mase i person. :(

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

"Kernel-processor-power (event ID 37)"

 

Er det eg kan finne i "Event Viewer", trur det er fordi BIOS klokker ner CPU for å spare straum. Dette er sikker ikkje gjort på ein korrekt måte, sidan operativsystemet klagar seg.

 

Har også opplevd litt funky oppførsel frå maskina, som problemer med nettverk, ufullstendig lokalnettverk-ping. SSD ville til tider ikkje starte når maskina starta, sikkert grunnen til at dei byta den og.

Lenke til kommentar

vel jeg regner med at du holder inne powerknappen et par sec når skjermen forsvinner for å stenge den av? det er det som vanligvis kommer med kernel power id 37 i event loggen når strømmen blir plutselig kuttet.

 

Har du navn og modell på den maskinen? jeg ville tatt kontakt igjen med leverandøren å fått arrangert den 3 innleveringen så nevner du ikke heving av kjøpet før du får den tilbake igjen og om det enda er feil med den etter vurderingen.

Lenke til kommentar

Altså, "kernel-processor-power"-feilen har vore der sidan starten. Eg fekk nyleg feil på skjermen.

 

Denne feilen er også aktuell i Ubuntu, kor den kjem opp med eit anna namn.

 

Feilen kjem opptil fleire gonger under ein sesjon med vanleg bruk. Noko som skiller denne feilen frå "kernel-power-error" med event ID 41, som er feilen du mest sannsynleg tenker på.

 

Symptomene har vore varierande:

Feilmeldingar i alle systemloggar, ein sjelden instruks-skip, problemet med SSD som før ikkje ville starte, nettverksproblemer med både WiFi og Ethernet og i Win7 + Ubuntu, og no ein død skjerm.

 

EDIT: Mest sannynleg ein død flatkabel til skjermen.

Endret av Flymaster456
Lenke til kommentar

Ville forsøkt å ringe de nok en gang. Vær høflig og saklig, og legg saken frem på en ryddig måte uten å hisse deg opp. Uten å slå for hard med forbrukerkjøpsloven, så kan du si at du ønsker heving av kjøp på bakgrunn av at det er tredje gang samme feil. Nekter de, kan du lese opp aktuell paragraf fra forbrukerkjøpsloven. Nekter de fortsatt, eller de legger de på denne gangen også, kan du ta saken opp med Forbrukerrådet. Enkelte forhandlere får fart på seg når Forbrukerrådet kobles inn.

Lenke til kommentar

Takker for svar, fekk til slutt tak i ein kar som ikkje la på. Så blei eg henvist til rett skjema.

 

No må eg berre krangle(på ein sakleg måte) meg fram til heving av kjøpet framfor reparasjon.

Eg har fått svar på første mailen, men han unngjekk heile spørsmålet om heving av kjøp.

Lenke til kommentar

Vel. No har eg, etter long diskusjon, blitt sendt tilbake til den gamle reparasjonssak-syklusen.

 

Eg fekk oppretta ei sak med kommentar om at eg ville heva kjøpet, men fekk svar som tilsa at eg ba om reparasjon. Det verker som om dei unngår spørsmåla mine og ignorerer ønskene.

 

Har nokon forslag til neste steg?

Lenke til kommentar

Jeg forstår det slik at forhandler har tidligere fått deg til å kontakte produsenten for reparasjoner, og nå er du igjen henvist til produsent for å få maskinen undersøkt.

 

Men er det produsenten du diskuterer med ang. heving av kjøpet? I såfall kommer du ingen vei, dette må tas opp med forhandleren.

Lenke til kommentar

1: Du forholder deg utelukkende til butikken, og fremsetter et hevingskrav. Det er nesten uten unntak et sant mareritt å blande inn flere aktører.

2: Du tar kontakt med butikken, og sier at du krever heving i dag. Det er tredje gangs samme feil, en ny feil i tillegg endrer ikke på dette. Du sier at de gjerne må sende den inn for å kontrollere, men at alt annet enn heving er fullstendig uaktuelt å akseptere, og at du nekter å forholde deg til produsenten, men kun vil forholde deg til butikken.

 

NB, dette forutsetter at feilen du opplever for deg oppleves som samme feil med samme symptomer, amme evntlog er ikke utlsagsgivende.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...