Gå til innhold

Spørsmål ang. oppkopling av framtidig subwoofer


Anbefalte innlegg

Eg har nyleg handla inn eit kjekt lite stereoanlegg til stova. Anlegget er ein Denon PMA-510ae og eit sett Dali Zensor 1. No vurderar å kople opp med ein liten subwoofer for å få noko meir trøkk i dei djupare frekvensane. Stova anlegget spelar i er ikkje den største, med sine 19-20 kvm. Dali-høgtalarane spelar då også knakande flott, men eg saknar litt meir trøkk - rett og slett.

 

Oppkoplingsmoglegheitane er noko avgrensa, men samtidig mange nok til at eg henvender meg til dykk her med noko meir kunnskap enn meg. Eg lurer litt på kva som vil vere den beste måten å kople opp ein subwoofer til forsterkaren. Den har ingen sub ut, så det må vere høgnivå-kopling. Det store spørsmålet eg lurer på, er kva som vil vere det beste:

 

1: Høgtalarar på eine høgtalar-utgangen og subwoofer på andre? Må då køyre forsterkaren på a+b og høgtalarane spelar sitt fulle register.

 

2: Nytte ein subwoofer med høgtalar-ut, så delefilteret til suben køyrer ut alt over ein 80-100Hz til høgtalarane. Diverre er det slettes ikkje alle subar med høgtalar inn, som har høgtalar ut. Så utvalet av subar innanfor mitt magre budsjett vert endå meir avgrensa.

 

Alle innspel vert sett stor pris på!

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...