Gå til innhold
🎄🎅❄️God Jul og Godt Nyttår fra alle oss i Diskusjon.no ×

Ølbryggertråden


Gouldfan

Anbefalte innlegg

I dag såg me at væskenivået i gjærstopparen var veldig lågt, det var faktisk plass til fri luft forbi Star San'en. Me etterfylte halvegs opp i U-en kl. 21, men no kl. 01 var det tilbake på det same. Er dette riktig? Ligg ein del væske oppå lokket, er dette berre frå boblinga eller er det truleg lekkasje eller liknande?

post-81802-82797_thumb.jpeg

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Vannlås er greit å ha, men det er ikkje tvingandes nødvendig. Med fornuftige hygeniske forhold i bryggerommet så kan ein som regel også brygge i åpne gjæringskar utan at det byr på problem.

Så at gjærlåsen har blitt blåst tørr er ikkje eit stort problem, det betyr berre at det er overtrykk i gjæringskaret.

 

Ellers kan det være greit å nemne at gjæringslåsen også vil ha ein funksjon sjølv om den blir brukt tørr. S-bendet gjer at støv og sopp-partiklar i lufta blir stoppa før det når ølet. Vatnet (eller starsanen) sin rolle er mest for å fange slike partiklar i væske slik at det ikkje kan bli virvla opp i etterkant.

Lenke til kommentar

Takk! Her var det mykje god informasjon.

 

 

Nytt spørsmål(eg kjem til å ha mange): eg skaffa meg rundt 50 flasker for ei stund sidan, som eg då tenkte eg skulle bruke til brygging. Då helte eg eit par dråpar zalo i kvar flaske, fylte dei med vatn, og lot dei stå slik ein time og to. Leste i etterkant at det skulle ein ikkje gjere, men ein fyr sa at flaskene kanskje ikkje var så lurt å bruke. Er det såpass krise? 

 

Har tenkt til å leggje dei i kaustisk soda over ei natt denne veka, og deretter desinfisere rett før tapping. 

Endret av ZenCo
Lenke til kommentar

Eg har ikkje høyrt før at zalo utgjer eit problem i seg sjølv. Du må sjølvsagt skylle godt slik at du er sikker på at du får vekk alle såperestane. I tillegg så bør flaskene desinfiserast betre enn med berre zalo og lunka vatn, men det ser eg at du har fått med deg.

Om du har fått råd om å ikkje bruke flaskene så tenker eg at det må skyldast andre forhold enn zaloen.

Eg veit at enkelte er skeptiske til å kjøpe pantegods på butikken sidan enkelte av dei flaskene kan være veldig skitne. Men sjølv synest eg det er heilt kurrante og billige flasker som er lette å få tak i. Det er heller ikkje veldig mykje arbeid å få dei heilt reine. Eg bruker riktignok å kaste (les pante) dei flaskene som har synleg gørr i botnen, men det er som oftast berre nokre få av flaskene det gjelder.

 

Personleg så prøver eg å unngå å bruke sterke rensemiddel slik som kaustisk soda eller klor. Du kan fint bruke det, men då må du være ekstra påpasselig med å skylle.

 

Eg brukar å klargjere ølflaskene med å legge dei i såpevatn ei stund. Då løsner vanligvis etiketten samt at at eventuelle restar i flaskene løyser seg opp. Deretter skyller eg godt og foretar ein visuel inspeksjon ved å sjå ned i flaskehalsen mot eit skarpt lys. Då vi eg raskt sjå om det ligger igjen noke i flaskene.

Deretter legg eg flaskene i steikovnen og setter den på 200 grader i 10-15 min. Etterpå slår eg av ovnen og lar den stå og avkjøle seg. Du kan plukke ut flaskene med ein gong med ein grytevott, men når dei er så varme så er dei ekstra skjøre, så om du kan så er det greit å la dei kjøle seg ned før du tar dei ut.

Det kan være at det er litt dugg/væske i flaskene etter steikinga, men dette er berre kondensert damp som ikkje er noke å bry seg om. Dersom du har ei rist eller plate i midten av ovnen så klarer du å sterilisere ei heil kasse om gongen.

 

Du kan også koke flaskene i vatn, men dette krever at du har ei stor gryte (tips: du kan bruke bryggekaret til dette), og det tar lengre tid sidan du må koke opp eit forholdsvis stort volum med vatn for å ta mange flasker.

Ein fordel med koking i staden for steiking er at det kokande vatnet også vil løyse smuss og slikt, medan ved steiking så vil smusset brenne seg fast dersom det ikkje blir fjerna på forhånd.

Lenke til kommentar

Takk! Når du legg dei i ovnen, er det for å få vekk siste restar av såpevatn eller for å desinfisere?

 

 

Eg har ein avtale med ein restaurant på jobben som gir meg alle ølflaskene sine i staden for å kaste dei. Minuset er at dei sel mest av Aass, som har ein lim bak heile etiketten som er vanskeleg å få av. Neglelakkfjernar fungerte bra, men det er såpass mykje lim at det er vanskeleg å få det av flaska. Nøgne Ø sine flasker var mykje enklare. Då berre la eg flaska i oppkokt vatn, og drog forsiktig av. Skal forhøyre meg med fleire Nøgne-seljande pubbar i dag.

Lenke til kommentar

Eg legg dei i ovnen for å desinfisere. Så høge temperaturar drep alle (?) organismane som eventuelt er på flaska. Men eventuelle restar av såpe og andre vaskemiddler vil nok ikkje fordampe og forsvinne. Så det er viktig å skylle godt dersom du har vaska flaskene med eit middel som du ikkje vil ha i ølet.

Mange vasker flaskene i Starsan nettopp fordi  Starsan ikkje øydelegg ølet sjølv om det er igjen restar av vaskemiddelet.

Lenke til kommentar

Det spørs kva du treng. I all enkelheit så klarer du deg med eit gryte som du mesker og koker i. Deretter må du ha ein beholder for å gjære ølet i.

Skal du ha 20 liter ferdig øl så treng du ei gryte på ca 30 liter og ei gjæringsbøtte som rommer 25 liter.

 

Eit problem med ølbrygging er at når du begynder å kjøpe inn utstyr som gjer det lettvindt å brygge og som samtidig har kapasitet til å brygge større volum, så blir det fort dyrt.

 

Kva budsjett ser du for deg? Dersom du velger å brygge i småskala og du har tid til å stå å røre og sjekke temperaturen manuelt så har du nok alt du treng utanom råvarene på kjøkkenet ditt. Men det er heller ikkje noke problem å brenne av mange titusener på skikkelig utstyr med termostat og computer-overåkning.

 

Det aller, aller enklaste er å brygge slike malt-sirup sett frå f.eks. Europris. Då treng du stort sett berre ei 25 liters bøtte.

Men for min del så synest eg at dette er forholdsvis kjedelig måte å brygge på. Ikkje smaker det så godt, og litt av kosen med å brygge er jo å blande ulike malttypar, tilsette hummle, osv.

Så for min del er det å røre ut sirup i lunka vatn før du tilsetter tørr-gjær på linje med å sette vinsett, og ikkje det eg vil kalle brygging.

Lenke til kommentar

Absolutt. Ein av mine favorittøl er Nøgne Ø sin IPA. I staden for å kjøpe ei 0,5-flaske til 75 kroner på polet, kan eg brygge ei sjølv til 9 kroner. For 50 liter øl, utgjer dette ein prisforskjell på over 6500 kroner. Riktignok drikk ein nok meir øl enn tidlegare, samt gir vekk mykje, men jøss så kjekt det er!

Lenke til kommentar

Jeg fyller alle mine flasker i glovarmt vann fra springen etter bruk og rister vannet ut slik at flasken blir skylt godt (to ganger per flaske). Disse står bare på benken/skapet/kasse osv til jeg skal bruke de. Når jeg skal flaske ølet lager jeg til en starsanløsning i en gjæringsbøtte og legger i 6-7 flasker. Deretter tømmer jeg flaskene tilbake i gjæringsbøtta og setter de på benken/bordet der jeg skal flaske. Når jeg har desinfisert alle flaskene legger jeg plastfolie over alle flaskene frem til bruk. Dette gjør jeg ofte dagen før, og har aldri hatt infeksjon eller flaskebombe. :)

Lenke til kommentar

Kjempetips! Eg har no gjort ein avtale med ein restaurant ved sidan av at eg kan plukke opp flasker der etter midnatt. Er det då godt nok å bruke ein flaskeskyllar til kran, spyle dei hardt med glovarmt vatn, for så å desinfisere på din måte når flaskedagen kjem? Nokon av flaskene kan då sikkert ha vore åpna for opptil 12 timar sidan.

Lenke til kommentar

Gjør ca det samme som Kontorstol. Skyller flasker godt etter bruk. På flaskedagen bruker jeg en flaskevasker med starsanløsning for å desinfisere. Har aldri hatt infeksjon. Vaske med såpe gjør jeg bare hvis det det er møkk i flaskene. Er de skylt godt etter bruk er det mer en bra nok for meg.

Lenke til kommentar

Skjønar! Då er altså ikkje såpevatn så krise likevel, så lenge eg skyljer godt ut etterpå og desinfiserer før flasking. Angåande om dei drikk frå glas eller flaske kan vere litt vanskeleg å vite, men eg kan jo berre sjekke kor mykje som ligg att kvar flaske før eg eventuelt brukar kost i tillegg.

Lenke til kommentar

Bruker du Starsan så speler det ingen rolle om nokon har drukket direkte av flaska eller ikkje.

 

Flasker som du får frå resturantar og liknande vil i all hovedsak være svært reine med unntak av inntørka rester av øl eller gjær i flaskene. I motsettning til vanlige panteflasker så finner du nok ikkje sneipar og liknande ting i flaskene som restauranten har åpna og servert til gjestane sine.

 

 

Sjølv synest eg at det er greit å gi flaskene ein vanlig vask fyrst uansett, du skal jo tross alt prøve å få løyst etiketten også.

Lenke til kommentar

Skaffa 17 Nøgne Ø-flasker i går. Godt fangst, håpar eg rekk å få alle 80 innan helga.

 

På fredag er det to veker sidan me sette til gjæring. Skal me prøve å flaske på dagen, eller har den berre godt av stå litt til? Ser at ingen av oppskriftene oppgir kor lenge det skal stå til gjæring. Er det 14 dagar som er standard? 

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...