Staketten Skrevet 9. september 2012 Del Skrevet 9. september 2012 Denne tråden laga eg no fordi... Eg trur ikkje eg greier å kvitte meg med bilen min. Har vorte for glad i han. Og sidan det er heller sjeldan eg møter ein annan 405 etter vegen, så har eg tenkt å oppgradere bilen frå noverande standard; arbeidsbil. Og ein sedan blir fort ein trong arbeidsbil, så eg kjem nok om ikkje så altfor lenge skaffe meg ein betre slurvebil. Til dømes ein brukt Partner. Men det tek eg ikkje opp i denne tråden. Eg kjem med bilete av bilen i nåverande stand i morgon. Nå er det for mørkt til å ta bilete. Bilen sin standard: Motorrom: Utdrag frå vognkort: Slagvolum: 1,905 liter Motoreffekt: 88 kW Drivstoff: Bensin. Kunne i utgangspunktet tenkt meg ein hakket sterkare bil, gjerne 2 liter. Men denne gjer også nytta. Det er ikkje turbo, og eg tvilar også på om det er teknisk mogleg å installere det. Det er altså ein standard 4-sylindra rekkemotor, der innsug kjem inn framsida, og eksos går ut bak. Det er altså framhjulsdrift, med fylgjande tverrstilt motor. Karosseri: Lakk-farge kvit. Treng polering, og rusthandsaming. Rettnok berre rust to-tre stader, elles nokså grei. Har også vurdert å hyre inn lakkerarar til å lakkerer bilen på nytt (med same farge), men veit ikkje om det eigentleg er naudsynt. Eg vil ikkje lakkere sjølv da eg ikkje har tid eller stad å lakkere i, eller er spesielt fagkunnig innan lakkering. Dør og takluke: Takluka er ikkje heilt tett, må få kunnige til å tette, og eventuelt byte ut heile takluka. Også ikkje mogleg å opne heilt opp. Sviktande elektriske glasruter. Men av ein eller annan grunn har eg ikkje opplevd vanskar med sideruta til førarsetet. Sentrallåsen fungera innanfrå, men ikkje noko låsing i det heile utanfrå. Sett bort frå bagasjedøra. Altså, eg går frå bilen ulåst, om det så er midt i hovudstaden. Dette må også fagkunnig sjå på, og truleg byte heile driten. Dekk og felg: Dimensjon: 185/65/R14. Skal kjøpe felgar som ser bra ut, til å erstatte noverande felgar som berre er der for å halde styr på dekk og aksling. Utdrag frå vognkort: Std dekksimensjon: (båe akslingane) 185/65/R14 Std felgdim: (båe) 5 1/2J Min impress: (båe) 24 mm Maks sporvidd: Aksling 1: 1450 mm Maks sporvidd: Aksling 2: 1436 mm Min hast: Aksling 1: U Alternative dimensjonar: For båe akslingane kan eg nytte Std felgdim 6J Eg kjem med spørsmål, småplukk og oppdateringar etterkvart. De må gjerne kommentera. Lenke til kommentar
Rolf_X Skrevet 9. september 2012 Del Skrevet 9. september 2012 (endret) Hei Godt å høre at du tar vare på en bil som det igjen blir færre av. Er selv Peugeot eier og medlem av Peugeot Sport Club. Du er velkommen til å besøke forumet der, få råd og tips fra folk med stor fagkunnskap når det kommer til franske løver. http://www.peugeot-sport-club.no/ Endret 10. september 2012 av Rolf_X 1 Lenke til kommentar
Staketten Skrevet 11. september 2012 Forfatter Del Skrevet 11. september 2012 Front/side: Bakende med rust/småskade: Takluke: Lenke til kommentar
Inz4ne Skrevet 11. september 2012 Del Skrevet 11. september 2012 Heisann enda en Peugeotentusiast her. Har en 405 MI 16 delebil fra sverige uten motor som gis bort mer info om den her; http://www.peugeot-sport-club.no/index.php?name=Forums&file=viewtopic&t=21894 Er selv glad i 405 så blir glad når det er noen som tar vare på de Lenke til kommentar
Staketten Skrevet 12. september 2012 Forfatter Del Skrevet 12. september 2012 Delplan 1: Det fyrste som skal gjerast er å kjøpe ein bil nummer 2 som blir bruksbil. Må ha ein dritbil. Slik er det å vera anleggsgartnar. Ventar også på at overføringa til paypal vert godkjend, så eg får meldt meg inn i Peugeot Sport Club Dekk/felg: Har de noko framlegg til felg som ser bra ut på bilen? Lenke til kommentar
Inz4ne Skrevet 12. september 2012 Del Skrevet 12. september 2012 Personlig syns jeg orginalfelger fra 405 T16 er stillige, disse er heller ikke fult så lette å få tak i da det ikke ble lagd så mange T16 Og dermed ikke så mange felger, men dukker innimellom opp noen på blocket.se Har ikke sett noen dukke opp på finn,no enda men det kan jo skje. Bilde av bil med slike felger. Lenke til kommentar
Staketten Skrevet 13. september 2012 Forfatter Del Skrevet 13. september 2012 Har sirkla rundt noko liknande: Lenke til kommentar
Inz4ne Skrevet 13. september 2012 Del Skrevet 13. september 2012 Kunne du linket hvilken side den felgvelgeren er fra? Den så genial ut, men jeg har ikke sett den før. Lenke til kommentar
Staketten Skrevet 14. september 2012 Forfatter Del Skrevet 14. september 2012 Kunne du linket hvilken side den felgvelgeren er fra? Den så genial ut, men jeg har ikke sett den før. Det er frå Alushow, lenkja fann eg øvst på informasjonsposten om dekk og felger. Det er rettnok berre eit avgrensa utval, av ein produsent. I allefall med utvalet for 405. Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå