Gå til innhold
Trenger du hjelp med PCen? Still spørsmål her! ×

[Løst] Problem med boot av windows 7 etter RAM installasjon.


Anbefalte innlegg

Hei!

 

Har litt trøbbel med stasjonærmaskina mi for tida. Har fått ein SSD-disk som eg har installert, og to nye ram-brikker. Har også prøvd å koble til ein harddisk som har ligge ei stund og ikkje vært i bruk. (Har vore på ein gammal stasjonær og har nokre bilder og musikk eg ønskte å få ut. Usikker på om denne fortsatt virka). Trøbbelet oppstod etter at eg prøvde å installere desse nye komponentane.

 

Kva som skjer:

 

Når eg starter pcn so kjem bios opp som vanlig, og alt er som normalt. Vidare prøvar pcen å starte og "Starter windows" kjem opp, i lag med windows logoen (har windows 7 , og den lyskule animasjonen av logoen viser). Det er vel no windows-oset lastar inn eller kva det heiter? Uansett, etter dette blir skjermen svart, og ingenting skjer. Datamaskina og viftene går som normalt, men skjermen er svart.

 

Kva eg har gjort:

 

Datamaskina fungerte normalt før eg begynte å tukle (sjølvsagt). Hadde lest ein del på nettet så trudde eg hadde ein rimlig god anelse av korleis ein installerar både SSD og nye RAM-brikker.

 

Hadde desse brikkene frå før (http://www.komplett....aspx?sku=352067) 2x2GB og ville oppgradere til desse (http://www.komplett....aspx?sku=618010) 2x4GB. ( Har dette hovudkortet, om det kan være til hjelp: (http://www.komplett....aspx?sku=594807) ).

 

Eg prøvde først å sette inn dei nye rambrikkene og den gamle harddisken for å sjå om eg kunne få liv i harddisken og få lagt dei over på min vanlige primærdisk. (SSDen er enda ikkje installert altso). Når eg då prøver å starte dukker problemet mitt, som nevnt, opp.

 

Når det ikkje virka tenkte eg at det måtte være noke gale med dei nye ram brikkene, så eg bestemte meg for å sette tilbake dei gammle, og starte på nytt. No skjer problemet igjen. Så eg prøver å koble ut den gamle harddisken, men fortsatt vil ikkje maskina starte. No er eg altso tilbake der eg starta, før eg begynte å tukle, og maksina vil ikkje starte.

 

Dette er det rare:

 

Det rare er at eg prøvde å installere SSDen, kobla ut dei to andre diskane, og boota frå windows-cden min. DÅ virka det, og eg fekk installert windows 7 på SSDen min, og alt gjekk heilt fint. Eg trudde min probelmer var løyst, og prøvde å restarte datan, no med windows 7 på SSDen og ingen andre harddiskar tilkobla . Dei gammle RAM-brikkene står i. Men på ny dukkar problemet mitt opp. Får ikkje komme forbi den svarte skjermen etter "Starter Windows".

 

Kva kan ha skjedd under mine amatørmessige forsøk på installere nye komponentar i stasjonæren min? Noko eg kan ha gløymt å koble i? Noko ein må gjære før/etter nye rambrikker installert? Problem med strøm til harddiskane? Er litt støv i dataen, men ikkje mykje, kan dette være årsaka?

Trur ikkje SSDen har noke med problemet å gjere, men var rart at maksina verka heilt som normalt når eg først fekk installert windows på disken.

 

Er ganske stressa sidan eg ønsker å ha datamaskina klar til helga. Beklagar at det vart ein del å lese, men håpar verkeleg at nokon tek seg tid til å hjelpe meg med problemet.

 

På førehand: TAKK! :)

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...