KayAU Skrevet 24. august 2012 Del Skrevet 24. august 2012 (endret) Hei, i dag vil eg snakke litt om eit fantastisk selskap som heiter Cinemaware, som for tida har ein Kickstarter på gong. For dei som hadde Amiga, burde Cinemaware allereie vere eit svært kjent namn, for dei var ein av dei beste utviklarane for den plattforma, som igjen truleg var den beste spelplattforma i si tid. Den kanskje meste kjente tittelen deira er òg den første dei ga ut: Defender of the Crown, eit strategispel der ein tek rolla som ein ridder som konkurrerar om å ta kontrollen over England. Utgongspunktet var eit oversiktskart over riket, som var utgangspunkt for krigføring, ridderturneringar, katapultskyting og dristige raid på fiendtlege borger. Ein annan tittel som eg synest det er spesielt verdt å nemne, er It Came from the Desert. Dette var ei perle av dei heilt sjeldne, og noko unikt som alle burde oppleve. Når ein meteor kræsjar i ørkena ein stad i USA, byrjer merkelege ting å skje i den søvnige småbyen Lizard Breath. Du tek rolla som ein geolog som har komt for å undersøke meteoren. Handlinga er som teken frå ein monster-B-film, og stemninga er herleg medan du taklar eit rikt spekter av forskjellige spelmodusar. Her skal du utforske, etterforske og snakke med folk som i eit eventyrspel, kjempe for livet i actionsekvensar sett ovanfrå, skyte i førsteperson, flyge fly, rømme frå sjukehus, gjere strategiske beslutningar, kjempe med kniv og køyre bil. Likevel passar alt saman, og spelet opplevast som meir enn delane sine. Trass dei mange fantastiske spela, gjekk Cinemaware konkurs i 1991, og låg deretter nede i 9 år. I 2000 vart rettigheitene til namnet og spela kjøpt opp, og Cinemaware vart på nytt grunnlagt. Dei har sidan ikkje gjort so mykje, utanom nokre middelmådige utgivelsar, samt å lage ei nettside der ein kan lese om og laste ned dei klassiske spela deira. Fram til no. No har dei ein Kickstarter på gong, for ein nyversjon av eit anna fantastisk spel, som heiter Wings. Wings plasserte deg i rolla som ein pilot under første verdskrig. Sjølv om det i likheit med andre spel med samme tema hadde luftkampar i 3D som hovudkomponent, skiller det seg ut på to måtar. Den eine er at ein her, i klassisk Cinemaware-stil, har fleire speltypar i eit. I tillegg til vanlege luftkampar har ein bombeoppdrag, der ein ser flyet rett ovanfrå, som i klassiske 1942, og bakkenære "strafing"-oppdrag, som foregår i eit isometrisk perspektiv. I tillegg er der nokre lette rollespel-element, i det at ein kan oppgradere flygaren sin, som òg stig i gradene, pluss at ein får eit innblikk i livet på flybasen. Og her kjem vi inn på den andre tingen som får Wings til å skille seg ut: stemninga. Mellom oppdraga får ein av og til sjå avisutklipp, og lese i journalen til flygaren sin, som snakkar om kva som foregår både på basen og i verda, akkompagnert av melankolsk musikk. Dette gir ei meir heilheitleg oppleving av livet som pilot under første verdskrig, og gjer Wings til eit spel ein kan leve seg inn i. Nyversjonen ser ut til fortsatt å vere i konseptfasen, men dei har gitt ut nokre konseptbilete, musikk, og ein liten videosnutt for å vise kva dei siktar mot. For meg ser det svært lovande ut, og det verkar som om dei er tru mot originalen, noko som i dette tilfellet er veldig positivt. No reknar eg med at der er mange som vil påpeike at nye Cinemaware ikkje er det samme som gamle Cinemaware, sidan dei fleste folka som opprinneleg var med ikkje er involverte, og dette er sjølvsagt riktig. Dette er ikkje som Brian Fargo og inXile, og der er absolutt ingen garantiar for at den gjengen som skal lage dette kan innfri. Men, dette ser i alle fall ut til å vere folk som forstår og respekterar dei verdiane som gjorde Cinemare til noko spesielt, og det er ein gjeng som ønsker å gjere noko bra med dei gamle spela/spelseriane. Dersom dei lukkast, er dei åpne for å lage oppfølgjarar til klassikarar som Wings og It Came from the Desert. Og for meg er det verdt minst $15. Eg vil oppfordre alle som verdsett Cinemaware og det dei står for, til å hjelpe kampanja so mykje dei kan, for dei treng hjelpa. Den opprinnelege Kickstarter-videoen var ingen fulltreffar, og kampanja slit med å få den merksemda ho treng og fortenar. Når det er sagt, har eg sett slike kampanjer snu seg raskt, og med 18 dagar att, er der absolutt fortsatt håp. Eg vil òg oppfordre gamer.no til å nemne denne kampanja på framsida. Eg veit den var so vidt nemnt i tilknytning til ein annan Kickstarter, men med tanke på kva Cinemaware var, synest eg dei fortenar litt meir merksemd. Prosjektside på Kickstarter Cinemaware.com Nettside for kampanja Kay Endret 24. august 2012 av KayAU 1 Lenke til kommentar
radiohodet Skrevet 24. august 2012 Del Skrevet 24. august 2012 (endret) Fin tråd, men jeg har dessverre ingen interesse av Wings.... Den videoen de introduserte kickstarteren med hjalp heller ikke. Edit: For å utdype litt mer, så ser jeg ikke poenget med en HD-remake om de allerede har rettighetene til spillene. (I motsetning til Larry-kampanjen, hvor jeg også var meget skeptisk ) Originalspillene ser mer enn bra nok ut. Virker som de satser på lettjente penger for liten innsats. Endret 24. august 2012 av radiohodet Lenke til kommentar
KayAU Skrevet 24. august 2012 Forfatter Del Skrevet 24. august 2012 Det er no ei ærleg sak det. For min eigen del er ønsket om at Cinemaware og spela deira skal ha ei framtid sterkt nok til at eg vil la tvilen komme dei til gode. Kay Lenke til kommentar
soundtrackgeek Skrevet 17. september 2012 Del Skrevet 17. september 2012 Æsj, oppdaget tråden for sent til å gjøre noe med Kickstarter prosjektet. Elsket Wings og de fleste Cinemaware spill på Amiga. Det var så utrolig spennende å følge historien i Wings selv om det var bare noen ord i en dagbok. Jeg identifiserte meg med piloten og tok det hele veldig seriøst. Det nye Wings-spillet som var på Kickstarter hadde enormt potensiale, men det var dessverre langt i fra og nå målet. Forhåpentligvis kommer de sterkt tilbake senere. Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå