Hoywin Skrevet 6. august 2012 Del Skrevet 6. august 2012 Skal gå til innkjøp av eit psuedoskikkelig surround-anlegg om ikkje så alt for lenge, og av høgttalarar har valget falt på anten Jamo s606 hcs 3 eller kanskje hsc 6. hellar mest mot Hcs3 grunna plassmangel og ikkje minst pga pris i forhold til ytelse. har også vurdert sub men trur nok at denne må vente et par år til eg flyttar ut frå der eg bur no, (kjellarleieligheit med småbarnsfamilie ovanfor) Musikksmaken er vidtfamnande, og strekk seg frå jass og blues til rock og metall til electronica, og eg er fullstendig klar over at eg ikkje kan finne eit system som passar perfekt til alle desse stilartane, i tillegg blir det til tider også konsumert store mengder film, så surround er likevel eit krav. Men eg har ikkje funne ut kva slags reciever eg skal gå for enda, lydkjelder vil variere mellom musikk og film frå pc, ein billig blu-rayspelar samt frå platespelar, (men har dog ein eigen forforsterkar til denne frå før så eigen platespelarinngong på forsterkaren er ikkje eit absolutt krav) Pristak på forsterkar set eg førebels til ca 5000. Av alternativ så langt har eg sett på desse: http://www.komplett.no/k/ki.aspx?sku=632840 (Onkyo TX-NR709B) Og den rimelegare: http://www.komplett.no/k/ki.aspx?sku=750788 (Onkyo TX-SR313B) Fordelen slik eg ser det med førstnemnte er moglegheita til to sub-ar seinare, eigen platespelarinngang slik at eg slepp ei ekstra boks i tv-benken samt moglegheit til seinare utbygging til 7.1-system, medan fordelen med valg nr.2 naturlegvis er prisen, (ein får tross alt ein del vinyl for 2.5k ;-) ) Eg er sjølvsagt også open for heilt andre forslag både når det kjem til reciever og høgttalarar Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå