Gå til innhold
🎄🎅❄️God Jul og Godt Nyttår fra alle oss i Diskusjon.no ×

Thors krig! Kampen om kiloane (bilder).


Anbefalte innlegg

Gårsdagens styrkeøkt gjekk kjempebra!

 

Knebøy: 90kgx5 + (94kgx5) x5

Benkpress: (70kgx5) x4 + 70kgx8

Barbellrows: (70kgx5) x5

Nedtrekk: (60kgx10) x3

Shrugs: 10 reps x 3 set. Usikker på belastning.

Dips i maskin: 10 reps x3 set. Usikker på belastning.

Diverse biceps og triceps øvingar.

 

Trena på ProGym i går, og er der sjelden, derfor gjorde eg øvelsar i maskiner eg ikkje brukar til vanleg.

Som sagt, ei veldig god økt. Økte i knebøy og benkpress.

Vekta ligger på rundt 106kg. Noko på grunn av kreatin vil eg tru.

 

Har eit spørsmål:

Trenar styrke måndag, onsdag og fredag. På måndag og onsdag har eg ei innebandy økt rett etter styrketreninga. Er dette negativt?

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Alt for mykje trening i dag...

 

1,5 time med terping på blokk-start og stafett.

1,5 time styrke

1,5 time innebandy

 

Styrkeøkta:

 

Knebøy: (95kgx5) x5

Militærpress: (45kgx5) x5

Markløft: 105kgx5

Nedtrekk: (67kgx10) x3 + 51kgx10 dropset

Div triceps og biceps.

 

Hadde kun 1 time pause mellom løpinga og styrketreninga, så er VELDIG godt førnøgd med å dra 95kg!

Står mellom å trene 4x4 HIIT eller treningsfri i morgo, får sjå korleis kroppen er i morgo.

 

Lurar fortsatt på:

Trenar styrke måndag, onsdag og fredag. På måndag og onsdag har eg ei innebandy økt rett etter styrketreninga. Er dette negativt?

Lenke til kommentar

Styrke i dag. Forferdelig støl i kroppen, spesielt beina...trudde kreatin skulle hjelpe mot det?

Kjem også til å skifte øktene slik at det blir styrke sondag, tysdag og torsdag. Prøve å begynne med MMA trening til neste vike.

 

Dagens:

 

Knebøy: (95kgx5) x5

Benkpress: (72,5kgx5) x4 + 72,5kgx8

Barbellrows: (70kgx5) x 5

Nedtrekk: (67kgx10) x3

Franskpress i skråbenk: (27,5kgx10) x3

Triceps extention: (25kgx10) x3

 

Bruke nesten 2 timar på økta. Blei ekstremt mykje snakking og vas med nye bekjente. Men er veldig greit å møte nye folk også :)

Knebøyen var tortur, jævli tung...benkpressen gjekk derimot veldig greit, økte 2,5kg frå seist.

Første gong eg har prøvd franskpress i skråbenk. Tok ekstremt bra, men føler albuleddet fekk litt for mykej å jobbe med.

Ei veldig OK økt!

Lenke til kommentar

Treningsøkt Fredag 14.

 

Knebøy: (95kgx5) x5

Militærpress: (45kgx5) x5

Markløft: 105kgx5

 

Dagens økt:

 

Knebøy: (95kgx5) x5

Benkpress: (72,5kgx5) x5

Barbellrows: (70kgx5) x5

Franskpress: 27,5kgx10 + (22,5kgx10) x3

 

Trur eg har skada høgre skulder. Jævli ubehaglig, mulig strekk eller ei rivning. Gjekk greit å trene, har ikkje blitt værre, men er redd det kanskje er benkpressen som har gjort det. Har vart i ca 4 dagar...

Lenke til kommentar

Ja, det blir ein del, men er mykje kva ein legg opp til sjølv også. Trenar ein del på fritida, og på skulen så "må" ein ikkje gje 100% heile tida, men eg prøvar. Alle monner drar :)

Trur eg et meir enn nok, men mykje lettare å ikkje ete alt for mykje når ein er i PF.

Blir spennande å sjå, men trur det er litt mykje å håpe på 90kg til nyttår. Veg ca 106 nå, men brukar kreatin, så veit ikkje kor mykje som er veske...

Klarte å få ein liten strekk i lyska og ein bak i hamstringen, blir spennande å sjå korleis det blir å trene MMA i kveld!

Endret av ´Vikingen`
Lenke til kommentar

Så i dag har det blitt følgande:

  • 1000m svømming - bryst
  • 1,5t friidrett - hekkeløp (teknikk) Her eg fekk strekk.
  • 2t MMA.

MMA er det sjukaste eg har vore borti. Makan så tung trening. Masse intervall, bære andre, dra andre, rulle mm. Fleire som måtte kaste opp :p

Fekk mykje skryt for kraft i slag og spark, men er 100% sikker på at eg ikkje skal prøve fullkontakt før om leeenge!

Veldig flink trenar også. Tidlegare verdensmester i kickboxing eller noko.

 

Må betale 1500kr, er det dyrt for 2 treningar i veka i 10 månedar? 150kr måneden.

Lenke til kommentar

Det blir nok til at eg går for det! Prøve ein time til på Torsdag før eg bestemmer meg. Men er ingen tvil om at det er billig når det kostar rundt 400kr/mnd i Trondheim.

Er ein fordel å vere mjuk ja! Blir ein del bøy og tøy i starten av timane. Er ikkje så alle verst på det punktet heldigvis.

Trente du BJJ lenge?

 

Dagens økt:

 

Knebøy: (97,5kgx5) x5

Militærpress: (47,5kgx5) x5

Markløft: 105kgx5

Nedtrekk: 75kgx10 + (67kgx10)x3

Franskpress: (25kgx12)x3 + 27,5kgx10

 

Personlig rekord i KB og MP! Endeleg komme meg vidare!

Usikker på om eg tok 5 eller 6 sett på KB, har tydligvis problem med å telle :p Uansett brukte eg belte på siste settet...

Veldig god økt.

Lenke til kommentar

I dag blei det kun 1,5t innebandy med lav/moderat intensitet. Trur kroppen hadde godt av å ikkje køyre noko hardare.

Gruar meg til å sjå korleis det gjeng med treninga i morgo, då er planen 70min med langintervall trening på skulen, 1,5t styrketrening etterfulgt av 2t MMA trening.

Ber til Gud om at det ikkje blir kondisjonstrening på treninga...er redd eg ikkje kjem til å returnere tilbake til denne loggen om det blir...

Lenke til kommentar

Takk, takk! Deilig å endeleg sjå det gjeng framover.

 

I dag hadde eg ca 70min med kondisjonstrening på skulen. Og då var det intervall i nokon helvetes bratte oppoverbakkar. 5min "løping", 2min pause x4. Resten av tida var å komme dit me skulle ha intervall, oppvarming og jogging tilbake.

 

Tok styrkeøkta rett etterpå:

 

Knebøy: (97,5kgx5) x5

Benkpress: (75kgx5) x5

Barbellrows: (75kgx5) x5

Nedtrekk: (75kgx10) x3

Franskpress: (27,5kgx10) x2 + 32,5kgx8

Shrugs med stang: (70kgx10) x3

 

Nye rekordar igjen. Kallar det rekord fordi eg har brukt lang tid på å jobbe meg opp mot dit eg ein gong var, og nå løftar meir,

Benkpress +2,5kg

Barbellrows +5kg

Nedtrekk +7kg

Franskpress +5kg

 

Nedtrekken var veldig tung, knebøy gjekk greit, brukte ikkje belte, benkpressen gjekk òg ganske greit (hadde spotter), og franskpress gjekk lett (sikkert støttemusklatur som har komme seg).

Veldig fornøgd med økta til tross for at det var rett etter kondisjonsøkta.

 

MMA trening om 1 time, kan bli spennande.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Jaaaaaaa! 100kg i knebøy, milepærle!

 

Dagens økt:

 

Benkpress: 75kgx5 + (79kgx5) x4

Knebøy: (100kgx5) x5

Barbellrows: (75kgx5) x5

Nedtrekk: (75kgx10) x2

Franskpress: (27,5kgx10) x3

 

Imponert over dagens økt. Hadde virkeleg ikkje lyst å trene, og dørstokk mila var lang. Brukte heller ingen Jack3d eller lignande.

Pers i benkpress og knebøy!! Har fortsatt problem med å telle, så kan hende eg tok 6 sett på knebøyen, ikkje sikker.

 

Tysdag til Torsdag blir det fjelltur med klassa, så ingen styrketrening. Får sjå om eg orkar å trene npr me kjem tilbake frå turen på Torsdagen. Det er MMA trening då også...

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Ein del løping i skogen i dag. Litt forskjellige "leikar" faktisk. Blei småsvett på slutten.

1,5t med friidrett, høgdehopp.

1,5t MMA trening. Hatar fotballen dei har i starten, ingen reglar, største faren for skade er nok der...Lærte ein del takedowns, bryting og grapling. Veldig givande time!

 

Bryter faste i dag, kjem til å starte igjen på Fredag etter fjellturen. Trur kanskje eg skal prøve å bli med på MMA på Torsdag, og trene styrke på Fredag før eg reiser heim. Håpe eg orkar :)

Lenke til kommentar

Tilbake frå tre dagar på fjellet. Bare regn og sludd første døgnet, opphold dag to med regn på natta og delevis sol i dag. Alt i alt ein fin tur. Bratt terreng, men moro å prøve å orientere seg når ein får det til :)

 

Var tilbake rundt klokka 1600 i dag, og vurderte lenge fram og tilbake på om eg skulle droppe MMA treninga, men klarte å øydelegge dørstokk-mila, så det blei trening. Sliten som faen nå.

Må prøve å ta ei styrke økt i morgo tidleg før eg reiser heim.

 

Kjem til å begynne med PF igjen f.o.m. i morgo :)

Lenke til kommentar

Fekk dratt meg på trening i dag.

 

Dagens økt:

 

Knebøy: (100kgx5) x5

Militærpress: (47,5kgx5) x5

Markløft: 95kgx5

Nedtrekk: (75kgx10) x3

Triceps extension: (25kgx12) x2

Franskpress: (27,5kgx12) x3

 

Var sikker på at økta kom til å gå til helvete. Heilt mør i kroppen etter turen og MMA treninga i går.

Dog, det gjekk overaskande bra.

Knebøyen var veldig tung, men brukte ikkje belte. Militærpressen var heilt grusom, på randen til failure...

Resten gjekk eigentleg greit. Tok av litt vekt på markløft for å trene litt teknikk.

Lenke til kommentar

Ja, kjente det spesielt i sete- og skulder-muskulaturen, muskelen i rumpa skalv før eg skulle begynne med knebøyen :p

Hatar den dørstokkmila, men den forsvinn stort sett så fort ein har komme inn i ein rytme. Akkurat som å pusse tenner så blir trening noko ein bare gjer automatisk. Ikkje at eg er heilt der endå, hehe.

 

Vekta i kveld låg på ca 107,6kg. Men ser eg har fått meir muskelmasse. Må begynne med målebånd/fettklype, for vekta seier lite om fett-tapet, i tillegg til at eg brukar kreatin.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...