Gå til innhold

Slakk Radeon 9600 Pro/256 på gammelt socket A HK


aaad

Anbefalte innlegg

Hadde ei ryddeøkt på loftet her om dagen og kasta masse dataskrot. Det som eg ennå kanskje kunne tenkje å få bruk for blei likevel spart, og eg brukte "juvelane" til å skru saman ein PC til kontorbruk. PC'en funkar heilt flott. Einaste irritasjonen er at skjermkortet ikkje fiksar streama videoar av typen VG-TV, Dagbladet, Youtube, m.m., utan at det luggar litt...

 

Eg har prøvd to skjermkort av type Radeon 9600 Pro/256, og eit viftelaust kort av same type med 128MB minne...sistnevnte funkar faktisk best (!)

 

Eg prøvde først med Win7, men då eg ikkje syns om grafikkytinga etter å ha styrt fælt med innstillingar og drivarar, innstallerte eg WinXP...tenkte kanskje at det kunne være noe tull med manglande støtte for HK-chip'en mot Win7, då ein ikkje får drivarar til HK'et spesifikt for Win7.

 

Korta fungerer faktisk betre med WinXP, men er altså ikkje heilt gode ennå. Eg brukar grafikkdrivarar frå Catalyst 10.2.

 

Det er innstillingar i Setup for prioritet for Intergrert grafikk eller AGP. Eg har prøvd instillingar for både Auto og AGP utan at det gjer noko forskjell.

 

Her er òg instillingar for tildeling av video-minne, men Auto og diverse verdiar gjer heller ingen forskjell...

 

No veit eg jo ikkje sikkert om ein kan forvente å sjå noko lunde laggefri video med desse grafikkorta...men det er ikkje så lenge sidan ungane spelte WOW og slikt på dei iallfall...

 

Nokon som har idear til kva som kan guffe opp grafikken????

 

Spesifikasjonar elles:

 

HK: Asrock K7S41GX

Athlon XP 3000+

2GB DDR(1) minne

 

.....og super breiband!

Endret av aaad
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Ah, ok. Uansett, hvis grafikkkortene ikke strekker til har du dessverre ikke så stort utvalg, AGP-kort har vært ute av dato i en stund nå. Men det bør finnes fremdeles noen få kort som ligger og slenger i lagere der ute. Så lenge de er relativt nye kan du stole på at de takler HD-video.

 

Fant et HD3450 hos dustinhome, for eksempel.

 

Ellers går det sikket an å tråle bruktmarkedet.

Lenke til kommentar
  • 2 uker senere...

Ellers går det sikket an å tråle bruktmarkedet.

 

*ehm* ...blei ein liten sveip på bruktmarnaden likevel. Har kjøpt eit HIS X1950 PRO IceQ 3 Turbo. (80kr!) ...og har gjeninstallert Win7...og ting funkar betre, men ikkje så bra som eg hadde håpa :o/

 

Sjølvsagt måtte det vere masse drivartull knytt til funksjonaliteten for dette kortet mot Win7...har testa ut ørten drivarar frå Catalyst 7.2 til 10.2. Har landa på Catalyst 10.2, då her er litt verktøy som gjer ting sjåbart...

 

Fekk litt lyst til å gjeninstallere XP...IGJEN...men avventar ein ny XP3200+ og litt DDR400 Ram som eg har kjøpt på Ebay for ein slikk og ingenting...

 

Er uansett usikker på om det er eit drivarproblem, eller om det er dette kortet som er litt "overkill" for eit socket A system (?) ...har sett skrive litt om det òg.

 

Elles funkar ting kjapt og greitt...berre litt irriterande hakking på VG-TV og slikt (!)

Endret av aaad
Lenke til kommentar

Linux...tja, har vore av og på ulike linux-distribusjonar opp gjennom tida, veit godt at det kan blåse liv i ein sliten PC.

 

Denne skal eg ha på på jobb, som kombinert kontor-PC/privat backup (Foto og slikt), men trur ikkje nettverksansvarleg likar tanken på eit single linux-oppsett...

 

Hadde eg vore nettverkssjef, hadde heile nettverket vore Linux :)

Lenke til kommentar

Er nok mulig at gamle Athlon XP ikke har nok power til å trekke lasset, hardware akselerasjonen på gamle AGP er også dårlig.

Mogleg det...men det ser ut som eg har mekka ein heilt grei PC for kontoraplikasjoner og basic photoshopping og slikt, og det er det han skal brukast til, hadde berre vore supert om ting blir så optimalisert som råd...med "high end" CPU, GPU, RAM..og dei beste gammeldiskane (300GB/750GB IDE)

 

...stuntet var i utgangspunktet utslag av litt socket-A-sentimentalitet når eg skulle lempe eit stort lass med PC-skrammel på fyllinga. (Har fire tenåringsgutar i huset...)

  • Liker 2
Lenke til kommentar

Nais. Vurdert Linux? Kanskje det hjelper, må da være bedre enn XP.

 

Linux ville ha funket bedre....

 

Testa ein Linux live-CD med Mageia/KDE, berre på gøy....og det drog streama HD-video i fullskjerm som berre det, med superb lyd...

 

Når eg ser kva oppleving det kan gje, spørs det om ikkje eg vil prøve XP...IGJEN...i håp om at grafikkortet kjem til sin rett....

Lenke til kommentar

Oppe og går i XP igjen, og ja, ting fungerte betre med skjermkortet, men heilt optimalt var det ikkje med ein gong....

 

Har gjort eit stunt til...byta ein (sikkert crappy) Q-tec 550W PSU med ein Chieftec 650W frå ein annan PC i heimen. Eg las ein eller annan stad at ein helst skulle ha 30A på 12V-kablane for ATI x1950. Q-tec'en hadde berre 17A, fann eg ut etter litt om og men (les billig). Chieftec'en har 30A (!)

 

...og ja, synst det funka endå litt betre! ...men framleis problem med streama HD i fullskjerm, men det er vel til å leve med.

 

Er ganske imponert over kor bra ein live-linux-CD greidde drive video-visning. Eg trur ikkje linux/KDE treng noko mindre ressursar enn XP heller...

 

Eg mistenker rett og slett AMD for å ha drite i å lage skikkelege drivaroppdateringar for desse ATI-korta...

Lenke til kommentar

Driverne til de gamle skjermkortene i Linux er ikke utviklet av ATi lengere.

Er bra lenge siden de gamle ATi kortene ble EOL (End Of Life), men de holdes i live i Linux av community'et ved at ATi har sluppet ut nesten all dokumentasjon på hvordan chippen fungerer.

Så etterhvert som årene går, så vil de driverne bare bli bedre og bedre, i tillegg er Linux kernelen lettere og raskere enn de fleste Windows kerneler der ute, dette er ett kjent faktum.

Når det skorter på CPU kraft er CoreAVC codecen den som var mest populær, og med denne kunne jeg i XP spille av 1080p klipp uten hakking med en gammel Socket A rigg, men dette er en codec som koster cash!

Lenke til kommentar

De hadde en versjon for lenge lenge siden som var gratis, men så begynte de å ta penger for den, og da ble denne også erklært "ulovlig" i sin tid, så helt lovlig kan du ikke bruke den.

Men den du ser på ser ut til å være shareware eller en prøveversjon om du vil.

 

Mer info ser du her: http://www.cccp-project.net/wiki/index.php?title=CoreAVC

Endret av 007CD
Lenke til kommentar

Såg nettopp

i fullscreen-HD/720, utan "lagg" og "choppy" lyd *nice*.

 

VG-TV hadde ennå litt lugg i høg oppløysing...men godt sjåbart i normalmodus... NRK Nettv heilt topp... Trur eg slår meg til ro no :)

 

Fann CoreAVC 3.0.1.0 ad ein annan omveg...(måtte oppdatere til NET Framework 4 først.)

 

No får eg ta ein scan og sjå om eg finn nokre nissar....

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...