Gå til innhold

Hikke på SMS-betaling - ei betaling vart to


Anbefalte innlegg

Hei!

 

Når ein søkjer opp ubesvarte samtalar på Google får ein ofte treff på telefonterror.no. Denne sida treng inntekter for å vere operativ, og eg bestemte meg for å gje 200 kr. (som skulle vere maks beløp) ved å sende sms til 2401.

 

Eg sendte 1 sms, men fekk 2 kvitteringar. Eg tenkte ikkje så mykje meir på dette, men ser no frå Mine Sider (One Call) at det er registrert 1 sms, men at det er teke betaling 2 gonger.

 

Ditt nr Dato Ringt til Varighet Tjeneste Pris Mva

474 XX XXX 18.04.2012 03:16:08 2401 1 SMS-innhold 200.00 40.00

474 XX XXX 18.04.2012 03:16:03 2401 1 SMS-innhold 200.00 40.00

474 XX XXX 18.04.2012 03:15:53 2401 1 SMS 0.40 0.08

 

Eg lurer på om nokon har opplevd liknande, og kva årsaka kan vere. Sidan oversikta til One Call berre viser ein sendt sms kan vel ikkje feilen ha noko med mobilen min å gjere, men må vel vere enten hos One Call eller hos telefonterror.no?

 

Kven skal eg evt. klage til?

 

Mvh.

torbjornen

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Det vert vel heller til at eg ser mellom fingrane på dette, frå oversikta inne på sidene hans ser det ikkje ut som om han tener stort på dette i det heile teke. Det er ikkje akkurat kvar dag eg gjev noko til eit "godt" føremål heller, og ein av grunnane er at ein då vanlegvis i ettertid vert utsett for, ja nettopp "telefonterror".

 

Men eg lurer framleis på kor vanleg dette er, og kvar feilen ligg/pleier å liggje. Dersom dette gjaldt ein "stor og stygg" innhaldsleverandør, korleis skulle ein då klage? Skulle ein då klage til innhaldsleverandøren, og leggje ved pdf-utskrift av samtalespesifikasjonen frå One Call? Det er jo trass alt One Call som sit med "beviset" på at eg har sendt berre ein sms.

Endret av torbjornen
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...