Gå til innhold

[Løst] Sette opp "remote desktop" server?


Anbefalte innlegg

Heisan, har veldig lyst til å lære meg litt om korleis serverer fungerer, og korleis sette dei opp ect-ect.

 

På skulen eg går på så har dei ein slik server der du logger inn med alt frå ein pc på biblioteket eller på datarom, og du har alt av filer på alle maskinene, pappa har også eit slikt oppsett der han logger på ei nettside/program på sin kontor pc heime, og kan då kontrollere ein pc på jobben (jaja... teamviewer kan heilt sikkert erstatte dette... :) )

 

Det eg då sitter med er ein amd x4 980 @3.7, 8 giga ram, og 500 gb HDD. Dette skal berre vere eit test oppsett for å lære, og skal vere gratis, då altå bruke linux som os.

 

Mora mi har også eit spennande oppsett på jobb, der ho putter i sin berbare i veggen, og då blir alt synkronisert frå den stasjonære til hennar berbare, og ho logger på med eit domene på sin berbare.

 

Har då ein berbar der eg kunne tenke meg å prøve denne synkroniserings metoden, og ein stasjonær til der eg då kunne tenkt meg å testa ut sjølve remote desktop.

 

Er då ganske så grønn på dette, veit korleis eg setter opp fil server, som då er veldig lett, men vil ha litt utfordringa her i livet :)

 

Er klar for å bruke timer opp og timer ned, no som det er ferie er det ikkje alltids mykje å finne på...

 

Så, nr. 1, går det i heile tatt an å bruke linux til dette? Har berre våre borti windows serverer (då altså som forbrukar...)

 

nr. 2, kva distro, og kva anna programmvare er nødvendig?

 

nr. 3 helder maskinvaren min til 1-2 besøkande? Vist ikkje, kva meir trenger eg? Kan låne ein 500 giga disk frå min far, også opptil 2 giga ram.

 

nr. 4 Muligheter for å kjøre dette over internett? Slik som pappa gjer det? Har også eit anna eksempel på dette, http://www.silveos.com/.

 

Som sagt skal dette bli brukt til å lære. Har gjerne lyst til å jobbe med slike ting når eg kjem ut i arbeidslivet.

 

Ein ting til som hadde våre litt kult, har ein gammal xbox 360 som ALDRI er i bruk, den har då berre 512 mega ram, men hadde våre tøfft om ein kunne fått denne oppe og gå som ein server :p

 

Fant også fram ein gammal DELL INSPIRON 6400 med core duo, 2 ghz, og 2 giga ram, hadde våre best å brukt denne.

Endret av eirikol1
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...