kjikvadrat Skrevet 28. januar 2012 Del Skrevet 28. januar 2012 Eit meir eller mindre perfekt svart Olympus 35 SP!! Måtte ut med 1900,- for det, men det er ikkje så gale. Det er heilt fantastisk å bruka. Når eg dreg fram filmen for eksponering, høyrer eg ei fjør som vert spent inni der. Når eg endrar lukkartida, høyrer eg små tikkelydar, som med stor presisjon avgjer kor lenge lukkaren er open. Dette er eit kamera med sjel! Front by Anders Myhre Brakestad, on Flickr ASA dial by Anders Myhre Brakestad, on Flickr Back by Anders Myhre Brakestad, on Flickr Front 2 by Anders Myhre Brakestad, on Flickr Lenke til kommentar
Asbjeurn Skrevet 28. januar 2012 Del Skrevet 28. januar 2012 Lekkert! Vart litt misunneleg no. Er det utskiftbar optikk på det? Kjenner lite til den kameramodellen der. Lenke til kommentar
picatta Skrevet 28. januar 2012 Del Skrevet 28. januar 2012 Er herlig med filmkameraer… Men kan du ikke skrive litt mer om kameraet, når er det ifra f.eks og lignende? Lenke til kommentar
kjikvadrat Skrevet 28. januar 2012 Forfatter Del Skrevet 28. januar 2012 Eksakt årstall for akkuratt dette kameraet veit eg ikkje, men dei vart produsert frå 1969 og fram til omlag 76. Det har eit særs bra G.Zuiko 42mm f/1.7 obejektiv, 7 element i 5 grupper. Skal vera veldig skarpt med gode kontrastar. I tillegg er dette det fyrste (aller fyrste) kompaktkameraet som kom med både "vanleg" evaluerande og punktslysmåling. Med lukkartider frå 1 sekund til 1/500 dels, samt B, og ASA frå 25-800 (tredjedelssteg). Kom i både blank og svart versjon. I vindauget les ein av ein "EV-verdi" (exposure value) frå 3-17 (ASA 100), altså 14 trinn. Dette er ein del fleire enn andre rammesøkarar (eller kva ein no skal kalla "rangefinder" på norsk). Dette er også litt "gamaldags". Ein les av denne verdien i søkaren, justerer lukkartid og blendar slik at ein tilsvarande verdi står i ei lita "luke" på objektivet. Ganske enkelt og greit, litt som ein ekstern lysmålar. Dette kameraet vert rekna som eitt av dei aller, aller beste i sin sjanger. Kom med to lysmålingssystem før store merke som Leica. Det er også heilt mekanisk dersom ein ser vekk ifrå lysmålinga. Fullt brukbar utan batteri, men då må ein ta lysmåinga med anten anna apparat, eller eksponera etter erfaring. Her er også ein "hot shoe" for bilts, samt PC kontakt. Som dei fleste kameraet frå sin tid, er det særs godt bygd. Nesten berre metall, her. Sjølve prinsippet bak fokuseringa er elegant, og fungerer med god nøyaktigheit på vidvinkel til normalobjektiv. På litt lengre brennvidder vert det litt unøyaktig. I tillegg, sidan ein ikkje komponerer gjennom obkektivet, men gjennom eit anna vindauge, må ein passa på å kompensera for parallaksefeil. Her er ei nærgrense på 85 cm. Det var vel stort sett alt eg veit om det, haha Og ja, ein kan ikkje byta optikk på dette. Det er sikkert mogleg å få tatt objektivet av og få på eit anna dersom ein leverer inn til spesialistar, men ein kan vel trygt seia at det ikkje er "meininga" Lenke til kommentar
Fotofjell Skrevet 6. juni 2012 Del Skrevet 6. juni 2012 Hei Dette er virkelig flotte kamera. Jeg har både Olympus 35 RC og 35 RD, i tillegg 2 stk Olympus Pen D3 (vurderer å selge det ene, men er litt i tenkeboksen og er i tillegg usikker på pris/markedsverdi). Godbiter ! Lenke til kommentar
3G Skrevet 8. juni 2012 Del Skrevet 8. juni 2012 Det beste kamera er det som ble med på turen. Gled deg med den. Gratulerer. Johs Lenke til kommentar
kjikvadrat Skrevet 10. juni 2012 Forfatter Del Skrevet 10. juni 2012 (endret) Har fått tid til å bruka det litt, no Fryktelig artig! Det går stort sett i knipsing av venner og famillie, samt litt street når eg har moglegheita. Framkaller sjølv, men er ikkje heilt stødig i det endo. Veldig givande måte å ta vare på gode stunder med venner på Har i etterkant skaffa meg eit Yashica Lynx 14 Dette må ein liten tur innom Antonio Stasi i Bergen for ein liten reparasjon på lukkaren. Eg fekk det billig, så det er absolutt verdt pengane. Ser veldig fram til å få bruka det Endret 10. juni 2012 av kjikvadrat Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå