Bikkebakke Skrevet 13. januar 2012 Del Skrevet 13. januar 2012 (endret) Diskusjon.no Starcraft 2 League Neste frist: Søndag 15. April 1. divisjon: t.o.m Semifinale + finale 2. divisjon: t.o.m Kvalifiseringskamp Reglar: Det vil bli 2 divisjonar som blir spelt over fleire sesongar. Alle kampane vil bli spelt best av 3 (finalen i 1. divisjon best av 5). I løpet av ei veke skal alle spele 2 kampar - kva dag ein gjer dette på er opp til ein sjølv (og motstandaren), så lengje alle spelar begge kampane sine iløpet av veka. Oversikt over formatet kan ein finne på biletet under: (klikk for å forstørre) Angåande map: I gruppespelet i 1. divisjon vil alle møte kvarandre 2 gonger, så då får begge spelarane bestemme kvar sin gong kva map dei skal byrje å spele. Det same gjeld heile 2. divisjon. Der ein ikkje møter nokon to gonger, vil det bli førehandsbestemt kva map ein skal byrje med. Elles er det taparen som vel neste map. Same map kan ikkje bli spelt i èin og same bo3/bo5. Divisjonane og termintabellane finn ein her: Championship|1.divisjon|2.divisjon kvalifiseringsrundane Dette dokumentet kan alle redigere, så det er dermed moglegheit å gå inn på dokumentet å oppdatere resultata sine etter kvart. NB! Ikkje skriv direkte inn på tabellen - berre skriv inn resultata på resultatkartet og det oppdaterast automatisk. Map Pool: GSL Bel'Shir Beach (Winter) GSL Crossfire MLG Antiga Shipyard MLG Daybreak MLG Dual Sight MLG Entombed Valley MLG Metalopolis MLG Shakuras Plateu MLG Tal'Darim Altar Ellers er det blitt oppretta ein channel inne på SC2 som blir kalla for "DSL", så vil anbefale alle å joine den slik at det blir enklare å arrangere kampar ol. Stream(s): Sureup: www.twitch.tv/sureup sch0n: www.twitch.tv/sch0n Vods: Kvalifikasjonsrundene: Gruppe A: Rebba(Z) vs Aluxez(R ) miSiic (T) vs. aluxez (R )(... og her kommer bildet opp litt uti streamen ) EGMoffe (T) vs. Rebba (Z) Gruppe B: miScythe(P) vs Fenrisulvr(Z) Fenrisulvr(Z) vs Layzer(P) Fenrisulvr (Z) vs. Zeroxk (T) Zeroxk (T) vs. Layzer (P) Gruppe C: Knotman (Z) - aebriol (Z) Knotman (Z) - Sure (P) (Hmm... trodde jeg fjernet overlay etter hvert. Fucked bindings, så denne ble korrupt, gitt!) Gruppe D: Sarsi(P) vs Matino(Z) G1 G2 (ble delt opp pga endret stream settings)Urburk (P) vs. Matino (Z) (ikkje alle kampane vil bli casta, men dei som blir casta finn ein her) Påmeldte: 1. miScythe #664 - Bikkebakke 2. EGMoFFe #334 - m0ffe 3. Knotman #562 - Knut Knudsen 4. aebriol #380 - aebriol 5. Sure #376 - sureup 6. aluxez #262 - aluxez 7. Urburk #444* - Urburk 8. schon #753 - sch0n 9. GrandMaPwnZ #797 GrandMa 10. Sarsi #382 - Sarsi9 11. Fenrisulvr #693 12. Layzer #859 - Layzer 13. Rebba #971 - 14. Matino #348 - 15. miSiic #639 - lkbrun 16. Zeroxk #138 - Zeroxk (*Sidan Tretsy meldte fråfall, tek Urburk over plassen) NB! Viss ein skal vere med, må ein vere sikker på at ein kan fullføre turneringa. Det blir seigt for alle om ein spelar sluttar å møte opp til kampane sine. Orginalpost: Har dei siste dagane tenkt på eit konsept her på diskusjon.no som eg meinar kan vere interessant, og er dermed spent på kva andre Starcraft 2 spelarar på forumet synest om denne ideèn: Eg leikar litt med tanken på å arrangere ein diskusjon.no Starcraft 2 liga, der alle spelar 1 kamp i veka. Tabell over kven som ledar og terminliste med oversikt over kven som skal spele mot kvarandre dei forskjellige vekene blir satt opp, og alle har 1 veke på seg å spele denne kampen - som vil vere i formatet best av 3. Om ein ikkje har tid til å spele kampen ei veke, kan det sjølvsagt gå an å utsetje den. Alle vil i løpet av sesongen møte kvarandre (minst) to gonger (spørst kor mange det blir), der personen på "heimebane" får velgje det fyrste mapet ein skal spele, der taparen får velgje neste map (same map kan ikkje bli spelt 2 gonger iløpet av ein kamp). Map-poolet ein kan velgje utifrå blir då sjølvsagt bestemt i plenum av forumet, og ettersom spelarane møter kvarandre minst to gonger, vil dei då byttast på å vere på "heime-" og "bortebane". Vinnaren av kvar kamp (BO3) får då 2 poeng, og i tabellen blir det óg ført opp kor mange set ein har vunnet/tapt, slik at ein kan skilje spelarar som har lik poengsum. Viss set-differansen mellom spelarane er like òg, vil innbyrdes oppgjer bestemme kven som skal ligge øverst. Ser óg føre meg moglegheiten for at denne serien blir spelt over fleire "sesongar", og ville vel då blitt mest interessant om det blei delt opp i fleire divisjonar. Den enklaste måten blir vel å dele spelarane inn i kva liga dei er i på Battle.net (bronze, silver, gold, platinum, diamond og master league), men viss interessen er liten, blir det nok best om ligaene blir slegne saman (t.d. bronze/silver, gold/platinum og diamond/master). Evt. kunne me ha inndelt i divisjonar på eige vis, og då kunne det óg ha vore mogleg for vinnaren av ligaen til å kunne rykke opp til neste liga til neste sesong, og taparen av ligaen rykke ned, evt. kvalikk-plassar óg (ein kan forsåvidt ha med opprykk/nedrykk sjølv om battle.net systemet blir nytta til inndeling). Hadde óg kanskje vore interessant å fått samla alle replayane av kampane, slik at alle kunne sjå dei og hatt moglegheiten til å observere neste motstandar o.l. Så kva meinar dykk? Er dette ein god idè eller er det berre eg som er heilt på jordet her? Sidan formatet er såpass stort, synest eg at er det greit å kun spele 1 kamp i veka, ettersom det blir mange kampar å halde styr på, samt at det er vel ofte det ikkje passar like godt for alle å spele kampane. Så det blir kanskje eit litt meir "casual" format, men trur det kan bli veldig spennande og morosamt i lengden. Tek gledelig imot alle spørsmål og innvendingar for måtar å forbetre opplegget på. Vil sjølvsagt ha eit format som blir best mogleg for alle. Om dette blir aktuelt, ser eg føre meg at det blir nøye diskutert i plenum før me startar, slik at alle blir einige og vil dermed få eit veldig konkret og gjennomført opplegg. Endret 10. april 2012 av Bikkebakke Lenke til kommentar
m0ffe Skrevet 13. januar 2012 Del Skrevet 13. januar 2012 med, si ifra om du trenger hjelp til nettside, tabell/kampoppsett etc. Lenke til kommentar
sureup Skrevet 14. januar 2012 Del Skrevet 14. januar 2012 Jeg er med men jeg tror det blir vanskelig å dele det opp i veldig mange forskjellige ligaer da vi ikke er så mange her. Lenke til kommentar
Bikkebakke Skrevet 14. januar 2012 Forfatter Del Skrevet 14. januar 2012 Ja, det er vel heilt sant det. Men me får no berre sjå kor mange som vil vere med, og om me hadde fått 10-12 stk så hadde det no gått an med 2 divisjonar kanskje. Visst ikkje så får me berre ha 1 divisjon, så vil kanskje fleire bli med neste sesong (viss det blir fleire sesongar). Lenke til kommentar
aluxez Skrevet 14. januar 2012 Del Skrevet 14. januar 2012 Jeg er lett med. Altså, hvis du bare vil ha med folk som er på diskusjon.no så blir det nok ikke så veldig mange, 10 stk kanskje. Hvis du også vil ha med folk utenfra kan du nok lett komme opp i 40 stk. NHC hadde et lignende opplegg, da var det masse folk med. Men det krever selvsagt litt markedsføring. Lenke til kommentar
Doderlein Skrevet 14. januar 2012 Del Skrevet 14. januar 2012 Har ikke installert spillet enda, men det kan godt hende at jeg blir med. Lenke til kommentar
Bikkebakke Skrevet 14. januar 2012 Forfatter Del Skrevet 14. januar 2012 Var i hovudsak diskusjon.no eg tenkte, men for all del - dess fleire me blir, jo betre blir det. Og viss det ikkje blir så mange fleire enn dette så kan me tenke på å ekspandere. Men for meg er det aktuelt å drive denne turneringa sjølv om me ikkje er så mange, men håpar sjølvsagt fleire frå forumet blir med. Lenke til kommentar
Pubé Skrevet 14. januar 2012 Del Skrevet 14. januar 2012 Kan spørre ett par kammerater som hovedsaklig henger på freak om han blir med. Er vel ikke så mange som er i Masters her, så da blir det litt mer konkurranse for dem, han andre er i Gold, men han tørr nok ikke bli med Lenke til kommentar
m0ffe Skrevet 15. januar 2012 Del Skrevet 15. januar 2012 jeg har 2-3 kammerater som er interessert Lenke til kommentar
sch0n Skrevet 15. januar 2012 Del Skrevet 15. januar 2012 Dette kan jeg fint være med på =) Burde kanskje helst skifte tilbake til Protoss, men vi får se Lenke til kommentar
Bikkebakke Skrevet 15. januar 2012 Forfatter Del Skrevet 15. januar 2012 Supert at de samla fleire folk! Men viss det blir ein del folk, både innanfor og utanfor diskusjon.no, blir det då best å ha oversikt over kampar / tabellar her i tråden (evt. ein ny) eller hadde det vore best å lage ein eigen nettstad? Ser føre meg at nettstaden blir ganske enkel, ikkje noko super-avanserte greier. Er sjølv ikkje så erfaren til å lage nettside, men ser at du m0ffe melde deg frivilleg i fyrste post? Eller har nokon andre lyst til å mekke saman ein (viss det blir aktuelt)? Lenke til kommentar
aluxez Skrevet 15. januar 2012 Del Skrevet 15. januar 2012 (endret) tabell etc er det minste problemet! Men hvor mange ønsker du at vi skal være? Jeg kan få med massevis av folk hvis det er det som er greien liksom, men hvis du heller vil kjøre et hjemmekoselig preg over det hele, kan jeg la være. Endret 15. januar 2012 av aluxez Lenke til kommentar
Bikkebakke Skrevet 15. januar 2012 Forfatter Del Skrevet 15. januar 2012 aluxez: Spørst kva du meinar med massevis av folk. Om det er internasjonale forum du tenker på, så ser eg helst at me har ein norsk liga iallefall. Men om du kan skaffe mange norske så ser eg ingen problem i det. Sidan me har 1 veke på oss å spele kampen, blir det berre å oppdatere serien i ny og ne (ettersom det blir så mange forskjellige dagar alle spelar på), så blir ikkje så stress sjølv om me er mange (så lenge alle spelar kampen og ikkje alt for mange utsetjer dei). Og viss(!) det skulle bli ein heil haug med folk kunne me berre delt opp ansvaret, til dømes ein person til kvar liga eller noko. Men håpar verkeleg mange frå bronze-diamond league vil vere med òg, slik at me ikkje sit med 4-5stk under master som slit kvar kamp. Er litt meininga at me som ikkje er så alt for gode skal kunne ha noko konkurranse å hevde oss i òg. Difor eg tenker at divisjonar hadde våre kult, slik at dei beste kan kjempe mot kvarandre i den øverste divisjonen, medan me andre slest om heder og ære i lågare divisjonar Så ingen må vere "redde" for at dei ikkje er gode nok, forhåpentlegvis vil dei spele med folk som er kring deira eige nivå (iallefall om opprykk og nedrykk blir aktuelt i tillegg). Lenke til kommentar
aluxez Skrevet 24. januar 2012 Del Skrevet 24. januar 2012 Kjører vi igang snart eller? Lenke til kommentar
Bikkebakke Skrevet 25. januar 2012 Forfatter Del Skrevet 25. januar 2012 Ja, føler tråden har vore oppe lengje nok no til at me iallefall har fått med oss dei som er mest interesserte. Skal lage ein oversikt over kor mange som er med iløpet av kvelden, slik at me får vurdere korleis me skal gjere det med fleire divisjonar osv. Men det er sjølvsagt ikkje for seint å melde seg på! Lenke til kommentar
Sarsi Skrevet 25. januar 2012 Del Skrevet 25. januar 2012 Blir med på det her jeg også hvis det blir noe av. Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå