Brighto Skrevet 20. desember 2011 Del Skrevet 20. desember 2011 Heisann! Eg monterte i går saman ein ny pc til gamlefolket, basert på AMD llano. Maskinvaren er: Asus F1A75-M PRO AMD A6-3650 Asus Radeon HD 6670 Dette systemet skal då kunne nytte seg av AMD sin snasne Dual Graphics-funksjon, men eg er ikkje heilt sikker på om eg har fått i gong denne funksjonen. Ved første oppstart lista AMD Vision Engine Control Centre opp berre Asus-skjermkortet, og ikkje det innebygde i tillegg. Etter å ha endra primær skjermdriver i BIOS, frå PCI-E til Onboard, listar den no opp begge GPU'ane. Altså både Asus HD 6670 og APU'en sin innebygde HD 5530D. I følgje AMD sine heimesider, skal ein aktivere Crossfire for å dra nytte av begge GPU'ane. Problemet er at alternativet for crossfire ikkje dukkar opp i AMD VECC. AMD System Monitor listar opp begge GPU'ane og viser kor mykje dei er belasta, men under stress er berre ein av kjernene belasta, avhengig av om ein koplar skjermen til skjermkortet eller hovudkortet. System monitor viser til og med GPU'ane samla som HD 6690D2 og tilbyr ein link nederst der ein kan lese meir om Dual Graphics (sjå vedlagt bilete.). Ein skulle jo då tru at det fungerar, men som sagt, det er berre ein av GPU'ane som vert belasta. Er det nokon som kan kome med hjelpande innspel? Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå