Gå til innhold

For høy verdi ifht tolldeklarasjonen


Kakeshoma

Anbefalte innlegg

Hvis man skriver for høy verdi enn hva tolldeklarasjonen er gyldig til, hva skjer med brevet da? Blir det liggende hos tollen i 100 år før det sendes i retur, eller kan det skli igjennom?

Og er det en god grunn til at man skal oppgi verdi på sendingen når det ikke er en handelsvare?

 

:)

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Hvis man skriver for høy verdi enn hva tolldeklarasjonen er gyldig til, hva skjer med brevet da?

Det let seg ikkje gjera, for det er to tolldeklarasjonar. Den vanlege grøne klistredeklarasjonen for sending av mindre verde og ein i A4-storleik for sending av høgare verde. Skriv du feil tolldeklarasjon (liten og forenkla når du må nytta stor og utfyllande) må du rekna med brevet går i retur etter eit par dagar. Det kan likevel og verta opna og tollverdet fastsett av tollarane etter eigen taksering av innhaldet. I slike tilfeller må du rekna med ei helsing frå posten i form av eit solid tollhandsamingskrav og gjer du ikkje opp det + tollrekninga vert brev og innhald makulert.

 

Og er det en god grunn til at man skal oppgi verdi på sendingen når det ikke er en handelsvare?

I høgste grad: Det kan endeleg vera toll/MVA på ikkje-handelsvarer og. Det kan og vera importforbod av varer til nokre land (prøv til dømes å send ein boks rakaure til Danmark, om boksen er aldri så tett). Endeleg vil tollaren ha eit signert tollverde som vert samanlikna med TOLLVESENET si taksering. Er tollverdet ikkje reell etter tollvesenet si meining, kan dei faktisk bøtleggja sendar. Om dei greier å få bota KRAVD INN varierr derimot frå land til land, men i prinsipp kan sendar då alltid stansast grunna eit lovleg krav om han/ho nokongong kjem til Noreg.

Lenke til kommentar

Å søren... :ohmy:

"solid tollhandsamingskrav "

Hvilket beløp snakker vi her?

363 kr for kundar som har avtale, neppe mindre for andre kundar. 120 kr + utlegg til telefonar/faxar ekstra om tollvesenet krev henta inn informasjon frå avsendar eller anna hald. [EDIT] 25 kr ekstra for kvar vare utover ei[EDIT]. MVA på toppen av sluttsummen. Posten arbeider ikkje gratis med tollsaker i dag!

Endret av Atlanterhavet
Lenke til kommentar

Da håper jeg virkelig det bare kommer i retur... :(

For å presisera her: Eg har teke utgangspunkt i brev som kjem til Noreg. Er det sendt eit brev frå Noreg til utlandet vil det vera mottakarlandet sitt regelverk og postverket der si prisliste for tollarbeid som avgjer saka, korkje norske handsamingsreglar eller Posten Noreg si prisliste.

Lenke til kommentar

Det ble sendt fra Norge til USA...

OK, to løysingar då, om boka vert fulgt:

1)

Godtek tollen i USA å handsama brevt ut frå den deklarasjonen og dei papira som er med brevet vert kravd opp toll/avgifter og "Customs Clerance Fee"" på 10,70 USD (+ lokal "MVA" ut frå staten mottakar er busett i sine føresegner) pr artikkel i brevet før brevet vert levert ut. Mottakar får INKJE opplysningar om innhaldet i brevet før avgifta er gjort opp. Mottakar kan når varsel om at slikt brev er motteke godtaka avgifta med det same, setja ting "på vent" i inntil 30 dagar (då vert det 0,30 USD pr dag - minst 3 USD i alt - i ekstra avgift om mottakar godtek seinare) eller avslå. Brevet vert hjå posten i USA til kravet er oppgjort. Straks eit brev er avslege brev vert det makulert, ferdig med det.

2)

Godtek ikkje tollen i USA å handsama brevet ut frå deklarasjon går det i retur om verdet vert vurdert minst til motverdet av omlag 1,6 gram reint gull (jada, skulle vel vera 400-500 kr det i dag) og om det er tydeleg og fullstendig avsendaradresse på utsida av konvolutten, ellers vert det makulert utan vidare. Når brevet kjem att til avsendar vert det kravd opp same porto som for framsendinga + ei avgift (trur ho ligg på kring 100 kr + MVA) før du får brevet ut att. Gjer du ikkje opp innan ein veke frå varsel tilfell innhaldet Posten Noreg som kan selja det på auksjon til dekning av avgifter.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...