Gå til innhold

Trenger hjelp


Anbefalte innlegg

Hei!

 

Jeg er en mann på 22 år og jeg har nå jobbet i den samme bedriften siden Juli 2007, (lærling i 2 år ink) og nå har jeg en lønn på 123,08kr/t. Jeg har fått tilbudt å bli kasse-sjef og vil da tjene 143,59kr/t. Dette er jo utrolig dårlig betalt, og jeg vet ikke hva jeg burde gjøre. Sjefen har tydeligvis noe imot meg, for han er aldri hyggelig. Sier ting som: "Nå håper jeg du er skikkelig syk som drar hjem i dag) til meg dersom jeg er syk (Var likbleik og så ut som jeg skulle dø, ikke skulkesyk). Jeg tør ikke å si noe til han om hvor dårlig lønnen er, da han hisser seg opp ovenfor ingenting.

 

Håper på noen tips og hjelp :(

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Veit ikkje om eg gjev deg heilt rett i at ei årsløn som kassasjef på 275000 kr er VELDIG dårleg løna, men heilt samd i at det er under vanleg i dag for ein person som har fagbrev, nokre års røynsle etter fagbrevet og som DUG til noko.

 

For meg verkar det noko merkeleg at sjefen på eine sida byd opprykk til kasasjef og at du på hi sida meiner han har noko mot deg. Det får meg til å tenkja at anten overdriv du sjefen sin motvilje eller så slit sjefen med å skaffa folk, og "må" difor lata deg rykkja opp til kassasjef for å i det heile teke HA nokon i den stillinga. Me driv sjølv næring, og det kan eg seia at hadde eg noko mot ein tilsett, var nok opprykk det SISTE han ville vorte tilboden.

 

Du skal aldri FORTELJA ein sjef at du har for dårleg løn. Meiner sjefen du ligg så langt under marknadsvilkår (kva gjeld løn og tilsetjingsvilkår ellers) at du kan hamna hjå konkurrenten er det sjefen sin sak å ta tak i det - det er difor han ER sjef. Derimot er det ingen grunn til å lata han fortsetja å vera DIN sjef om andre sjefar ser meir verde i deg.

 

Med arbeidmarknaden i Noreg i dag skulle løysinga vera grei nok. Du har, ut frå kva eg skjønar av det du skriv, absolutt inkje som bind deg til arbeidsstaden der du er no. Då er det berre å setja i gong i det stille og søkja anna arbeid. Med eit fagbrev i ryggen og med tre års praksis i yrket etter fagbrevet til sommaren skulle du dei fleste stader i Noreg vera verdt meir enn du har i dag, om du DUG til noko i yrket ditt. Etter tre år i eit yrke, og læretid hjå same arbeidsgjevar er det og heilt greitt å søkja seg nye beitemarker for å få eit vidare syn på verda, så CV-en din lid ikkje på sikt av det.

 

Kort og greitt: Er du MED RETTE misnøgd med lønstilhøva, så gjer noko med det. Det er normalt meir enn ein "arbeidskjøpar" på ein stad (dessutan er folk flyttbare, om dei meiner dei for nok att for ulempa med å flytta), og då sel du sjølvsagt "vara di" (tid og arbeidskraft) til den kjøparen kor du meiner du får mest att (i sum av løn, utviklande oppgåver og tilhøve/vilkår ellers). Fortener du meir, vil du verta boden anna arbeid med meir løn. At du då faktisk DREG frå sjefen kan verta ein augeopnar for sjefen din om kva marknadspris på folk med din bakgrunn er i dag, og læra (på den knallharde måten) ein sjef som framleis trur folk har verksemnda som "ektefelle nr 2" og er nett like trufaste mot henne som "ektefelle nr 1" (minst) noko om at arbeidslivet i 2011 har litt andre speleregler enn arbeidslivet anno 1951, og at tilsette er ikkje "sjølvsagt kapital" i dag. DUG du derimot ikkje får du neppe betre tilbod andre stader, og då skal du vera glad så lenge sjefen i det heile teke vil ha deg på lønslista.

 

Altså: Tid for å lesa "stilling ledig" og forhøyra seg litt i det stille (så det ikkje kjem sjefen for øyra) kven som treng folk med eit fagbrev som ditt. Så er det berre å skriva søknader der du verkeleg VIL arbeida. Ikkje for å få arbeidet, men for å få høve til samtale med sjefen og høve til å gje han svar på dei fem spørsmåla einkvar vitug kjøpar har til ein seljar som byd ei vare fram: Kvifor er du interessert i å selja nett til MEG? Kvifor skal eg vera interessert i å kjøpa av DEG, og ikkje andre som og byd meg vara? Kva kan du by med (av papirer, røynsle og anna)? Kva vilkår set du for eit sal (pris, altså løn, men og anna)? Kva tid kan du evt levara frå om eg ynskjer å handla med deg? Om kva du har å fortelja som svar på desse spørsmåla er noko som stemmer med kva ein ny mogeleg sjef meiner ikkje er meir enn marknadspris for det du har å by på, og ellers stemmer med kva hann/ho såg føre seg å kjøpa av arbeidskraft er du nok snart igong med nærare tingingar.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...