Gå til innhold
Trenger du råd om juss? Still spørsmål anonymt her ×

hvordan kan jeg saksøke selv?

zorra

Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Kan dere anbefale meg noen nett sider hvor kan jeg finne informasjon hvordan kan jeg saksøke selv uten en hjelp fra advokatens side.

Du bør generelt har ei sak i rettsapparatet utan advokathjelp utan å kunna ein (heil) del om rettsystemet og rettspraksis relevant for saka di i eit land. Heilt serleg gjeld det om hi sida har advokat.

Å starta ei sivil sak (altså ikkje-straffesak) i ein sak som gjeld krav om ei eller annan form for økonomisk godtgjersle (evt eit krav som i prinsipp gjeld "noko", men kor skaden kan "reparerast" med skadebot i pengar) kan du derimot godt gjera. Fyrste adressa då er forliksrådet i kommunen din, og fysisk adresse dit hjelper lensmannskontoret (evt sorenskrivaren eller namsmannen i byar med politi og ikkje lensmann) med. Her får du munnleg orientering om du bed om det, og ei skriftleg "startorientering" finn du på http://www.forliksradet.no/index.php?page_id=1416.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Takk for det!

Vet du noen nett sider som dreer seg om forvaltnings rett, nemlig hvordan kan jeg klage beslutning som ble truffet av forvaltningen (UD og sv).

Endret av zorra
Lenke til kommentar

Vet du noen nett sider som dreer seg om forvaltnings rett, nemlig hvordan kan jeg klage beslutning som ble truffet av forvaltningen (UD og sv).

Når eit forvatningsorgan gjer eit vedtak skal det normalt fylgja med ei orientering om kor vidt vedtaket KAN påklagast administrativt eller ikkje, kven som er klageorgan og kva frista for administrativ klage er. Har du ikkje fått slik orientering bør du kontakta han/ho som har signert vedtaket og be om orientering - noko han/ho har plikt til gje deg om du bed om det.

Generelt finn du ellers reglane for klage på statsadministrasjonen sine vedtak på http://www.lovdata.no/all/hl-19670210-000.html. Hugs å lesa kap 1/2 NØYE før du kastar deg over detaljane i lova.

Kan saka ikkje påklagast administrativt må det reisast sak for ein domstol (og då bør du absolutt ha ein advokat med på laget om du ikkje har god juridisk kunne sjølv, og heilt serleg når motparten formelt er "Staten v/UD"). Du kan og ta kontakt med sivilombudsmannen (http://www.sivilombudsmannen.no/klage/). Dei fleste norske offentelege etatane vil bøye seg for ein uttale derfrå som "dom", men juridisk er dei aldri plikta til det.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...