Zeph Skrevet 21. september 2011 Del Skrevet 21. september 2011 (endret) Eg nyttar ordbøkene på nett mykje i kvardagen. Spørsmålet mitt er om alle orda eg finn der, til dømes i nynorskordboka, er lov å skriva på ein eksamen. Språket mitt er ein salig blanding av bokmål og nynorsk, men eg ser ofte at eg finn ord i nynorskordboka på nett som eg i utgangspunktet ikkje trudde skulle vera der. Kan eg stola på ordboka? Endret 21. september 2011 av Zeph Lenke til kommentar
Atlanterhavet Skrevet 21. september 2011 Del Skrevet 21. september 2011 Kan eg stola på ordboka? Dei ordbøkene du linka til kan du stola på som skuleelev - eg hadde mest sagt diverre. Det er desse - både inettutgåve og trykt utgåve - som er utgjevne av univesitetet i Oslo sitt forlag og som representerer "gjeldande offisiell norsk rettskriving for bokmål/nynorsk" til ei kvar tid. "Offisiell norsk", både bokmål og nynorsk, er vorte temmeleg anarkistisk etter kvart (eg har teke opp saka med nokre utlendingar, og dei er djupt rysta!), og eg finn sjølv mykje merkeleg her. Slett ikkje alt som er "lovleg norsk" er "god norsk", ikkje i nærleiken ein gong, det er språkkunnige samde om, og det gjeld både bokmål og nynorsk. Du må nok i praksis her rekna at ein god lærar vil retta etter to normar samstundes. Du får ikkje raud strek under eit ord som er "offisielt rettskrive" om læraren gjer jobben sin, men du må rekna med at læraren likevel ikkje alltid godtek dette som "god norsk" og let den sida påverka karakteren. Nei, du kan i dag skriva "god norsk" etter språkfolk si norm, utan å skriva heilt "rett norsk"; og du kan VELDIG godt skriva "rett (=lovleg) norsk", utan å væra i nærleiken av "god norsk". Dette gjeld anten ein skriv bokmål eller nynorsk. Eg vil tru folk som skriv bokmål stussar like mykje når dei ser "raud", "daud" eller "kjerke" i bokmålstekst, som nynorskfolk gjer når dei finn "nyheit" eller likande bastardar i nynorsk. Vil tru dei fleste nok vil meina at "rød", "død", og "kirke" gjev langt betre bokmålstekst, om ein ikkje nyttar alternativa HEILT medvite som "språkleg verkemiddel. Same gjeld når nynorsktekst har "nyhende" i staden for "nyheit", og "husvære" i staden for "leiligheit". Dei siste orda gjer i alle høve ein/ei som KAN nynorsk ganske så HEIT, og det same vil eg tru gjeld dei fyrste orda gjer ein/ei som KAN bokmål. Nei, Herren sine tankar er ikkje gode å granska. Det same gjeld ganske ofte Språkrådet sine i 2011. Eit og anna som kjem derfrå i dag hadde fått min eigen (særs gode) lærar i norsk i ungdomsskulen til å hyla - høgt - om nokon av oss hadde servert han i ein skulestil! Då hadde han nok meir enn vurdert karakteren kor det heitte at "det kan ikkje påvisast at eleven har hatt nytte av opplæringa i faget", ja! Lenke til kommentar
Beatnik Skrevet 21. september 2011 Del Skrevet 21. september 2011 (endret) Jeg husker som det var i går sjokket jeg fikk da jeg for noen år siden oppdaget at det nå heter "har syntes" og "har lyktes" - begge deler grove skrivefeil da jeg gikk på skolen og i det meste av mitt voksne liv. I ordboka det er lenket til ovenfor, som angivelig representerer vår offisielle rettskrivning, er dette eneste tillatte form: lykkes lyktes, lyktes (fra lty lucken, jf *lykke) Men ifølge Per Egil Hegge er "har lyktes" bare en tillatt "klammeform", i hvert fall i 2006 da dette ble skrevet: Har lyktes er faktisk godkjent som tillatt variant, såkalt klammeform, men ikke hovedform, av Det norske akademi for sprog og litteratur, en beslutning som ble fattet med knapt flertall og under sterke protester for noen år siden. Men i Aftenposten skal verbet altså bøyes å lykkes, han lykkes, han lyktes (i går) og han har lykkes. Det er i overensstemmelse med det som de fleste som nå er over 50-årsgrensen, har lært på skolen. Har klammeformen "har lyktes" gått over til å bli hovedform en gang etter 2006? Har Det norske akademi for sprog og litteratur gjort et nytt vedtak? Har Per Egil Hegge misforstått? Eller har de som står bak ordboka, gjort en feil? Hvem vet, men jeg fortsetter nå uansett å skrive "har lykkes" slik jeg lærte på skolen og slik jeg ser at det fortsatt står i de fleste aviser. "Har lyktes" virker bare dumt. Endret 21. september 2011 av Beatnik Lenke til kommentar
Zeph Skrevet 21. september 2011 Forfatter Del Skrevet 21. september 2011 Takk for gode og utfyllande svar. Eg forstår at rett norsk og god norsk ikkje er same sak. Eg prøvar så godt eg kan å halda meg til nynorsk, men det er forsvinnande få plassar på nettet eg les det. Difor er det veldig lett for at bokmålsord snik seg inn. Ordboka på nett er kjapp og enkel i bruk. Med Opera har eg søkt opp eit ord og er tilbake til teksten eg skriv med i løpet av eit par sekund, kun ved bruk av tastaturet. Eg har ikkje noko mål om å skriva hundre prosent god nynorsk, til det er det for mange snodige ord. Samtidig har eg jo eit ynskje om å gjera da godt på ein eksamen. Om eg forstår det riktig, vil det i dei fleste tilfeller vera avhengig av kva sensor som les det. Lenke til kommentar
Anarkhos Skrevet 24. september 2011 Del Skrevet 24. september 2011 Her finst ingen snodige ord, berre ord med lægre [lågare] frekvens; so det so! Den ordboki er absolutt til å stola på. Kann elles nemna at ei ny rettskriving for nynorsken byrjar gjelda frå 1. august neste år (2012), då vert rettskrivingsnormalen noko trongare, og alle sideformene er anten gjorde til hovudformer eller fell burt. Lenke til kommentar
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå